Lokalhistorien fra Sel kommune finner du på selhistorie.no

"Fra fortid til framtid"

selhistorie.no/forsiden    

Jernbanebrua ved Eide som ble sprengt i aprildagane 1940


Tyske soldatar ved Eidebrua nord for Sjoa .

Fyrste gongen Eidebrua ved Sjoa vart sprengt var natta til den 25. april. Norske soldatar prøvde å sprenge brua, men dei lykkast ikkje. Natta etter ordna engelske soldater med sprengningen.

Tekst og foto: Gjermund Eide

Eg hugsar soldatene dreiv og forberedte dette på eit bord som stod mellom husa heime. Dei brukte noko som ligna på store runde såpestykker.

Denne gongen lykkast det.

Smellet hørtes lang veg
Midtre brukar vart sprengt ned cirka to meter. Store jernstykker vart kasta over hustaka på garden og helt sør mot smia, men heldigvis vart ikkje hus treft.

Det kraftige smellet hørtes lang veg. Vi hadde eit par dagar før flytta til eit lite hus

Under krigshandlingane i aprildagane 1940 vart fleire bruer sprengt i Gudbrandsdalen, nokre var jernbanebruer. I Sel vart begge jernbanebruene over Lågen og Otta sprengt.

selhistorie.no presenterer her Gjermund Eide (87) sine opplevinger, da Eidebrua over Lågen vart sprengt. Han er født og oppvokst på Søre Eide nord for Sjoa og er nær nabo til jernbanebrua.

Han var 16 år i 1940 og hugsar godt det som skjedde desse aprildagane.

oppe under berget. Huset var ei gammel fórløe, eit enkelt bordhus og langt frå noko vinterhus.

Like etter det kraftige smellet siste natta, kom vaktene frå brua innom oss. Det var tre karer frå utved Gjøvik-kanten ein stad. Kvar dei tok vegen veit oss ikkje, oss høyrde ikkje meir frå dei.

Dette bildet er hentet fra boka "South Norway – Roads – Photograhs" fra mars 1944 . Her bringer det engelske Inter-Service Topografical Department bilder fra blant annet Eide nord for Sjoa. Boken ble trolig laget med tanke på en eventuell alliert militæroperasjon mot Sør-Norge i krigens sluttfase.
Les også artikkelen
Hemmelig fotobok fra krigen funnet i dødsbo

Tysk aktivitet etterpå
Dagane etter at tyskarane var fore forbi, var det stor aktivitet her av tyskarar. Jernbanebrua måtte reparerast og arbeidet gjekk på skift.

Gardsplassen og nedkjøringen frå vegen var heilt full av bilar og utstyr. Denne reparasjonen var berre midlertidig.

Seinare var det nordmenn som støypte opp att brukaret. Det synest godt enda, det som vart sprengt.

Vakt ved brua

I krigsåra var det vakt her ved brua fleire gonger, både av norske som var utkommandert, og av tyskarar i fleire perioder.

Ei lita vakthytte vart oppsatt på dugnad ute ved brua, og fleire skreiv namna sine den tida dei var der. Denne vakthytta står nå her enda og er restaurert..

Vaktbua står fortsatt ved Eidebrua.

Denne artikkelen ble publisert første gang på selhistorie.no 21.05 2011.

______________________________________________________________________

selhistorie.no er et nettsted i regi av Kjell Arne Bakke, opprinnelig fra Otta, nå bosatt i Oslo. Artiklene på denne nettsiden tar utgangspunkt i artikler av hans far, Per Erling Bakke, og stoff fra Ulvoldenslekta fra Selsverket i Sel kommune.

selhistorie.no har et samarbeid med otta2000.com, Sel Historielag og næravisa Norddalen på Otta om utveksling av lokalhistorisk stoff.

Nettsiden tar i mot også andre lokalhistoriske bidrag og bilder.

Organisasjonsnummer 990 783 624

Les mer om de lokalhistoriske artiklene her.

Denne siden ble sist oppdatert 21. mai 2011.

Tilbakemeldinger og artikler til vurdering sendes redaksjonen@selhistorie.no

Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Bakke, Solligrenda 52, 0491 Oslo