Lokalhistorien fra Sel kommune finner du på selhistorie.no

"Fra fortid til framtid"

selhistorie.no/forsiden

Oppveksten på Otta etter krigen

Det var mange mange skibakkar og akebakkar på Otta etter krigen. På Blekajordet fanst det ikkje eit einaste hus, og på Hjellum var det heller ikkje mange. Til og med symjebasseng var det på Otta på denne tida, og i ”Øyom” var det ei fin sandstrand. Utstillingsvindaugo låg på rekke og rad frå Lågenbrua i aust til urmakar Saastad i vest. – Det var trivelegare på Otta før, skriv den utflytta ottaværen Aud Austin i eit skråblikk heimatt.

Av Aud Austin, Trondheim

Eg kom fra Skjåk til Otta i 1946 og reknar meg som innfødd ottavær. Eg hugsar Otta som ein liten ”by” der alle kjende alle. Dei fyrste seks åra budde eg i 2. etasje hos sykkelreparatør Arthur Andersen. Han dreiv sportsforretning på Otta i desse åra. Dette huset låg i det som heiter Müllersgate i dag. Det var godt å vekse opp i denne gata.

Det var mange ungar som budde her, og vi hadde det utruleg artig saman. Det var sjeldan vi krangla, og fritidsproblem hadde vi aldri det eg kan hugse. To av venene mine frå denne tida bur i same gata i dag. Den fyrste eg møtte og som eg ennå har god kontakt med, var Anne Gretha.

Trafikk var det lite av, og det einaste vi måtte passe oss for, var ’nøkken’. Han budde i elva Lågen, og han hadde vi respekt for.

Namn: Aud Austin

Alder: Fødd i Lom i 1944

Bustad: Otta frå 1946 – 1963 og 1968 – 1970. Oslo ca 20 år. Frå 1975 og fram til i dag har eg budd i Trondheim

Utdanning: Otta realskule, Gudbrandsdal offentlege landsgymnas, Oslo Handelsgymnasium, Oslo Lærarskule og Statens Lærerskole i handels- og kontorfag.

Jobb: Har jobba som lærar sidan 1968, men frå 1970 til 75 var eg heimeværande med to små gutar. Frå 1975 og fram til eg vart pensjonist i 2005 jobba eg ved Dillner og Støens   videreg skole. Denne skulen fekk namnet Bybroen videregående skole i 1992.

Familie: To søner, to svigerdøtrer og snart fem barnebarn. Alle bur i Trondheim. Har i dei siste 20 åra vore gift med ein trønder, og bur saman med han og hunden Buster. Eksmannen min, som er innfødd ottavær, bur og i Trondheim.

Leika ute sumar og vinter

Eg har inntrykk av at vi var ute og leika oss både sumar og vinter. Sumaren på Otta var alltid varm, og om vinteren var det mykje snø, slik eg hugsar det.

Vi hadde mange skibakkar og akebakkar på denne tida. På Blekajordet fanst det ikkje eit einaste hus, og eg hugsar til og med at eg stod på ski på Loftgårdsjordet. På Hjellum var det heller ikkje mange hus, og her hadde vi skirenn om vinteren.

Til og med symjebasseng hadde vi på Otta i denne tida. Det var ”to gjørmehol”, eit lite for oss ungane og eit stort  for dei vaksne. Vatnet her var nok ikkje av det aller reinaste, men kva gjorde vel det. Bassenget låg i ”Øyom”, og dette var lenge før industrien gjorde sitt inntog på Otta.

I ”Øyom” hadde vi og ei fin sandstrand, men det kunne vera litt skummelt å bade der på grunn av sterk straum. Sandøya låg omtrent der Lågen og ”Vesleelva” møttest.

Stemneplassen på Otta låg og i ”Øyom”, og her var det mannskorstemne, spelmannsstemne og mange fleire aktivitetar.

Det var ikkje måte på kor mykje vi hadde å gjera støtt. Vi slo ball, kasta på stikka, hoppa paradis og leikte Bing-Bang for å nemne noko av det vi heldt på med.

Noko anna som var populært, var å skrive bilnummer. Vi kunne sitja i krysset Lågenbrua/riksveg 50 i timevis. Det var ikkje så mange bilar som for på vegane fyrst på 50-talet, men av og til var vi så heldige at det kunne koma ein dansk eller svensk bil.

I 1952 flytta eg ”Synna-brue” og da kom eg på ein måte ”Oggo lina”. Gatekampane mellom ”Oggo” og ”Nea lina” skal eg ikkje seie meir om, for dei er det fleire som har nemnt.

 

Trivelegare før

Det er stygt å si det og kanskje ikkje rett heller, men eg trur at det var trivelegare på Otta før.Vi hadde ei hovedgate som strekte seg frå Lågenbrua i aust til urmakar Saastad i vest. I denne gata var det mange små butikkar, og det var spanande å gå tur for å sjå på utstillingane i butikkvindaugo. Det var mange ting du hadde lyst på, men i desse tidlege etterkrigsåra var det ikkje så mange som hadde god råd. Alle kafeane og kafekulturen på Otta er det og fleire som har sagt noko om, men eg trur faktisk at eg sjølv veit av 15 kafear. Kanskje var det enda fleire.

Jernbanen hadde sjølvsagt mykje å seie for Otta. På stasjonen stod dei grøne OKB-bussane i rekkje og rad for å frakte folk oppover dalane. Stasjonen var og eit viktig samlingspunkt for folk. Det var mange som gjekk tur hit om sundagen når dagtoget kom for å sjå kven som gjekk av toget og kven som skulle ut og reise.

Det at vi hadde fast kino både onsdag og sundag , betydde og svært mykje. Kinokøane var ofte lange, og det var best å vera ute i god tid, for Solvang var ikkje så stort lokale. Vi hadde og ein hund på Otta som gjekk på kino. Nils Moen var eit omnsrør, og han var eit fast innslag i bybildet. Eg trur det er mange på min alder som hugsar han.

Det var viktig å finne seg ein fest på laurdagskveldane, og på Solvang var det mange artige festar. Var det ikkje fest på Solvang, for vi til eit anna festlokale i nærleiken.

Eg trur at Otta forandra seg då her ”Høgbrua” kom. Nå ligg ”Oggo lina” der som eit Twin Peaks, og resten av byen er kjøpesentra og parkeringsplassar. Heldigvis ligg det framleis ein park i denne byen. Det er ikkje så lett å kjenne seg att her for ein som har opplevd Otta i gamle dagar.

I år skal det vera 50-årsjubileum for oss som vart konfirmerte i Selskyrkja i september 1958. Det er mange eg ikkje har sett på alle desse åra, og eg håpar at det blir mange som kan møtast på denne tilstelninga. Når eg møter gamle kjente, kjem nok selværsdialekten fram att, sjølv om det etter kvart har vorti ein del trønderske ord og uttrykk.

 

Denne artikkelen er tidlegare publisert i den faste spalten "Skråblikk heimatt" i avisa Vigga, mars 2008.

________________________________________________________________________________________________________________________

selhistorie.no er et nettsted i regi av Kjell Arne Bakke, opprinnelig fra Otta, nå bosatt i Oslo. Artiklene på denne nettsiden tar utgangspunkt i allerede papirpubliserte artikler av hans far, Per Erling Bakke, og stoff fra Ulvoldenslekta fra Selsverket i Sel kommune.

...

selhistorie.no har et samarbeid med næravisa Norddalen på Otta om gjensidig utveksling av lokalhistorisk stoff.

Nettsiden tar i mot også andre lokalhistoriske bidrag.

Les mer om de lokalhistoriske artiklene her.

Denne siden ble sist oppdatert 18. mai 2008.

Tilbakemeldinger og artikler til vurdering sendes redaksjonen@selhistorie.no

Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Bakke, Sinsenveien 71, 0586 Oslo

casinos online

casinos online