Lokalhistorien fra Sel kommune finner du på selhistorie.no

"Fra fortid til framtid"

selhistorie.no/forsiden

Sel kommune 100 år

To nye kommunar, "Sell" og "Hedal", vart konstituerte i møte 14. november 1907. Dermed har heile den nåverande Sel kommune fylt 100 år.

Av Truls Gjefsen, Næravisa Norddalen

Begge møta gjekk føre seg på bygdahuset Vonheim på Lalm. Det var det geografiske midtpunktet i det gamle Vaage herred, som nå altså vart delt opp i tre einingar etter Justisdepartementet sitt vedtak av 5. juni. Bak låg ein prosess som starta alt i 1904 med ein underskriftsaksjon for deling i Sel.

Harde kår for Heidal

"Hedalens herredsstyrelse" valde Jørgen Nilsen til den første ordføraren sin. Han representerte gardbrukarlista, som hadde fem av dei tolv plassane i styret. Dei andre sju var fylte av folk frå ei arbeidarliste, eit talande teikn på klasseskiljet i bygda.

Dei fekk vedtatt eit budsjett for 1908 alt på første møtet. Ei utgiftsside på 16 693,38 var mykje etter datidas kroneverdi og innbyggjartalet i kommunen. Biletet vart ikkje lysare av at over 38 prosent av utgiftene, 6430 kroner,

Johan Nygaard var blant dei som arbeidde for at Sel skulle bli en egen kommune og vart den første ordføreren her.

skulle gå til fattigvesenet. Med 3 907,38 kroner i forventa inntekter, inkludert 1 560 kroner frå staten til skulebygg, vart det heile 12 786 kroner som skulle krevjast inn i formues- og inntektsskatt. 11,61 kroner i gjennomsnitt per innbyggjar må ha vore drygt i ei bygd med mange småkårsfolk.

Jernbana avgjerande for Sel

Mens Heidal like frå starten sleit med typiske utkantproblem, var Sel meir i siget. Framføringa av jernbana til Otta i 1896 hadde flytta det økonomiske tyngdepunktet i det gamle Vågå herad til hovuddalføret. Det var særleg steinindustrien som fekk heilt andre vilkår med betre fraktmoglegheiter, og andre verksemder følgde etter.

Sel heradsstyre hadde frå starten 16 medlemmar. Ei liste av Venstre og det såkalla Samlingspartiet hadde kapra sju plassar ved valet. Det same gjorde lista for småbrukarane og dei uorganiserte arbeidarane. Otta arbeidarforeining tok dei to siste. Læraren og venstremannen Johan Nygaard vart vald til ordførar med 11 stemmer av dei 14 frammøtte. Elles gjekk det første møtet mest med til val av likningskommisjon og til å vedta likningsreglar.

Solid øl- og vinavgift

Heradsstyret møttest att den 23. november i skulestova på Selsverket. Her kom budsjettet for 1908 på plass, med utgiftspostar som kr. 30,- til skrivemateriell til ordføraren og 200,- til heradskasserarlønn.

Signaturene på den første møteprotokollen for Sell herred.

Interessant er det å merkje seg at Sel den gongen hadde ei jordmor å bruke pengar på, og at lensmannen kosta kommunen den nette summen av kr. 34,80. 4 358,93 kroner var avsett til skuledrift, 895 til vegar og 40 til folkeboksamlinga.

Skilnaden mellom Sel og Heidal kjem fram ved at Sel sette av "berre" 4 165 kroner til fattigvesenet, enda folketalet var monaleg større enn i nabokommunen, om lag 2 180 mot 1 100. Dei totale utgiftene var så vidt større enn i Heidal, kr. 16 893,92. Med inntekter på 5 393,92 i vente vart skatten rekna ut til 11 500 kroner. Selværene slapp unna med 5,26 kroner i skatt per hovud. Eit kuriosum er at øl- og vinavgifta var venta å gje heile 2 100 kroner i inntekter. Målt mot dei andre tala i budsjettet er dette ein beint fram utruleg sum!

Gjeldsdeling

Komiteen som hadde vore nedsett i 1905 for å førebu kommunedelinga, hadde foreslått ei fordeling av gjelda frå den gamle storkommunen, heile 137 000 kroner. Rekna ut etter folketal, matrikkelskyld og formue vart resultatet 50 prosent på Vågå, 20 på Heidal og 30 på Sel. Største delen av gjelda skreiv seg frå anlegget av Gudbrandsdalsbana, så Sel må seiast å ha kome heldig frå det. Jernbana og alt ho førte med seg, skapte vekst her gjennom det meste av hundreåret mens Vågå og Heidal vart hengjande noko etter.

I 1965 vart Sel og Heidal kommunar slått saman til ein kommune med nesten dobbelt så mange innbyggjarar som i 1907. Og på hundre år er budsjettet vorte 10 000 gonger større - men det er ei anna historie.

(Kjelder: Møtebok for Sell herredsstyre 1907-1915, Teigum, Ivar: Bygdebok for Vågå og Sel band 2 og 3, Bakke, Kåre m.fl. (red.): Otta gjennom 100 år)

Denne artikkelen ble første gang publisert 15. november 2007 i Næravisa Norddalen, Otta.

_________________________________________________________________________________________________________________________

selhistorie.no er et nettsted i regi av Kjell Arne Bakke, opprinnelig fra Otta, nå bosatt i Oslo. Artiklene på denne nettsiden tar utgangspunkt i allerede papirpubliserte artikler av hans far, Per Erling Bakke, og stoff fra Ulvoldenslekta fra Selsverket i Sel kommune.

...

selhistorie.no har et samarbeid med næravisa Norddalen på Otta om gjensidig utveksling av lokalhistorisk stoff.

Nettsiden tar i mot også andre lokalhistoriske bidrag.

Les mer om de lokalhistoriske artiklene her.

Denne siden ble sist oppdatert 17. november 2007.

Tilbakemeldinger og artikler til vurdering sendes redaksjonen@selhistorie.no

Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Bakke, Sinsenveien 71, 0586 Oslo

casinos online


casinos online