Kortvarig klondyke på Otta Av Truls Gjefsen, næravisa Norddalen, Otta Dei hadde store planar og stor aksjekapital, Østlandske Stenexport, da dei bygde stålindustri på Otta. Men eventyret vart stutt. Les også: Når 93 år gamle Kåre Wangen tenker attende på oppveksten i stasjonsbyen, står eitt klart for han: Det var etableringa til Østlandske som omskapte Otta frå ei husklyngje til ein stad. Likevel er det eit nærmast gløymt kapittel. Funnet av fleire sekkar med dokument frå verksemda i ei brakke på Holungsøy camping i Vågå gjev ny innsikt i den utrulege historia. Ein snublande start Stålproduksjon Store eigedommar vart òg kjøpte. Det var Loftgårdsjordet, Mostugujordet og kleberverkstaden til den lokale gründeren Jakob Stampen svært mykje av det som i dag er Otta sentrum. I tillegg rådde selskapet over kraftverket i Eidefoss og kleberbrota i Tolstadåsen og bygde saghus og ein omnsverkstad på Sagflaten på Nord-Sel. Eit dolomittbrot ved Selsvatnet vart erverva, men aldri tatt i bruk. Tekniske problem og store tap Etter eit år med prøvedrift og store tap greidde selskapet endeleg å laga kvalitetsstål etter å ha fått tak i gode grafittelektrodar til den store smelteomnen. Prøver vart sende til England, og tilbakemeldingane var svært positive. "Kringen hurtigdreiestaal" var mest like godt som rustfritt stål frå Sheffield! Optimismen var på veg opp att; no skulle det byggjast hammarverk. Det var berre det at heile driftskapitalen var brukt opp. Gigantgjeld Året etter vart heile smelteverkdrifta lagt ned. Sal av eigedomar avverja konkursen, og Østlandske heldt fram med steinindustri heilt fram til 1980. Smeltehytta vart bygd om til meieri. Da bygget vart pussa opp for få år sidan, kunne ein enno sjå dei særmerkte bogane som var der frå starten av. Under golvet fanst støyperenner og malmrestar, men kjellaren vart fylt att før nokon fekk studert det nærmare. Nokre få barrar av hurtigdreiestålet er tatt vare på. Dei vart funne på Sagflaten, der dei var nytta som vekter til klebersaga. Det er eit smålåte minne frå den tida Otta tok opp konkurransen med sjølvaste Sheffield om å produsere kvalitetsstål. (Kjelder: Årsrapportar frå A/S Østlandske Stenexport 1916-1920, Overeinskomst mellom Johs. Andersen og A/S Østlandske Stenexport 18.101915, Kjell Voldheim) Denne artikkelen er skrevet av Truls Gjefsen og er tidligere publisert i næravisa Norddalen 1. februar 2007. ______________________________________________________________________ selhistorie.no er et nettsted i regi av Kjell Arne Bakke, opprinnelig fra Otta, nå bosatt i Oslo. Artiklene på denne nettsiden tar utgangspunkt i allerede papirpubliserte artikler av hans far, Per Erling Bakke, og stoff fra Ulvoldenslekta fra Selsverket i Sel kommune. selhistorie.no har et samarbeid med otta2000.com, Sel Historielag og næravisa Norddalen på Otta om utveksling av lokalhistorisk stoff. Nettsiden tar i mot også andre lokalhistoriske bidrag og bilder. Organisasjonsnummer 990 783 624 Les mer om de lokalhistoriske artiklene her. Denne siden ble sist oppdatert Tilbakemeldinger og artikler til vurdering sendes redaksjonen@selhistorie.no Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Bakke, Solligrenda 52, 0491 Oslo |