Kuhornkoking i bryggepanna

På slakteriet fekk vi kuhorn, som vi kokte i bryggepanna for å lage smykke av. Det var en frykteleg stank.

Av Ove Kristian Haugaløkken

Artikkelen fortset nedanfor bildet.Dette bildet fra 1959 viser slakteriet i bakgrunnen med Grand hotell foran.


Brukte grisejagaren på oss

Artikkel 18 av 26: Vi var innom på slakteriet av og til. Det var ein viktig arbeidsplass på Otta. Det var eit spetakkel når det kom eit lass med gris, og vi gutungane måtte sjølvsagt dit for å sjå på. Folka som arbeidde på slakteriet var tolerante og behandla oss ungane fint. 

Så lenge vi ikkje stod i vegen når grisane vart jaga inn; - kom vi for nære da og blanda oss borti, hende det at dei brukte grisjagaren på oss. Det var ein slags elektrisk "pistol", der du fekk ein støyt omtrent som frå eit strømgjerde. Den som fekk grisjagaren på rumpa, hugsa det lenge.


Kjent bydame klaga på rautinga

Ein gong var det ei bydame – ho var nokså kjent, men namn skal ikkje nemnast – som vart så opprørt over at ho høyrde kyrne i slakterifjoset stod og rauta om natta. Ho hadde overnatta på eitt av hotella som båe låg nær slakteriet. Ho forlangte ein slutt på pininga av kyrne. 

Om det kom noko ut av klagen hennar veit eg ikkje. Det er vel tvilsamt, for folk på Otta flirde litt da denne historia vart kjent. Byfolk! Det var kanskje like greitt at vi ungane lærde oss kvar maten kom frå.


Frykeleg stank av kuhornkoking

Eit anna minne om slakteriet er da Erling Engemoen og eg fann ut at vi ville laga smykker av kuhorn. Vi gjekk til slakteriet og spurde om å få eit par, og vart vist til ein stor dunge der vi kunne velja fritt. Vi tok horna med heim til Erling, og kokte dei i bryggepanna til mor hans, for å få horna til å losne frå beinet. 

Det vart ein frykteleg stank i heile huset, og mor hass Erling var langt frå glad over det nye påfunnet vårt. Far hans enda mindre da han kom heim til middag. Men dei fann seg i det, og det var mange som fekk fine smykker laga av kuhorn til jul det året.

Denne artikkelen er del 18 i serien Otta i femtiårom av Ove Kristian Haugaløkken.