Adventstemning

Advenstida var – i femtiårom slik som nå – ei triveleg tid særleg for ungane.

Av Ove Kristian Haugaløkken

Artikkelen fortsetter nedenfor bildet

Åge Moens modelljernbane på femtitalet. Frå Moens familiealbum/Maj Britt Svastuen.

Artikkel 13 av 26: Handelsstanden på Otta sørgde for at det vart hengt opp julegater langs heile Storgata, og også i eit par av sidegatene. Det var lange lekkje av granbar som vart spent over gata, og i desse granbarlekkjene var det farga lyspærer. 

I Mostugugata, som ikkje hadde noko spesielt namn den gongen, gjekk Ola Sveine og Martin Moen saman om ei lekkje over gata like ved huset der eg budde. Martin Moen dreiv som elektriker, og hadde butikken sin rett ved sida av oss. Og rundt juletider, når det var kaldt ute, kunne eg stå i ute gangen i andre etasje som vende mot gata og sjå på dei mange fargene som glitra gjennom rimet på glasrutene. Fargene og mønsteret skifta etter som ein snudde på hugu. Eg var sikker på at finare julegate enn på Otta, det fanst ikkje.


Julegateopninga

Den store kvelden i adventstida var julegateopninga. Det var ei stund ute i desember. Dei siste par dagane hadde butikkglasa på Ottas vore dekte av gråpapir, slik at vi ikkje skulle få sjå på når juleutstillingane vart monterte der. 

Men så kom kvelden. Otta guttemusikk gjekk i fakkeltog frå langt oppi Liavegen. Vi stod nede ved Parken og såg dette lystoget kom gåande nedover. Nå var guttemusikantane utkledde som nissar og kom ned Storgata til Parken. Der spelte både vaksenmusikken og guttemusikken, og det var posar til ungane. 


Guttemusikken populær

Guttemusikken var alltid eit populært innslag i kulturlivet på Otta. På ein av konsertane korpset hadde på Solvang, fekk vi oppleva Deep Lågen Boys. Det var Ove Haugen på gitar, med Elvis-repertoar, og Hans Ødegård og Leif Arne Tho som koristar. Både Hans og Leif Arne spelte i guttemusikken. 

Det var nok mange småjenter på Otta som vart forelska i Ove Haugen – han hadde flott sangstemme, var flink til å spela gitar, og gjekk ned i bru på scena på Solvang medan han song og spelte, og koristane klappa takta! Det var då Otta var ein forstad til Nashville.


Åge Moen – ein tusenkunstner

Men attende til advent og julegateåpninga. Når programmet i parken var over, gjekk folk langs Storgata til langt ogo lina for å sjå på juleutstillinga i butikkane. Gråpapiret i butikkglasa var fjerna, og der var den eine utstillinga finare enn den andre. Den finaste eg nokon gong har sett, var i butikken til Martin Moen eit år. 

Sonen hans, Åge, var også elektriker og litt av ein tusenkunstner. Han hadde bygd opp ei modelljernbane med fjell og dalar og små hus, og i dette landskapet var det elektriske modelltog som køyrde rundt og rundt.

Deretter gjekk adventstida ein dag om senn fram mot jul. Altfor sakte, tykte nok vi ungane. Men jula kom, og var over før vi visste ordet av det. 


Lysrakett over bygdabyen

Nyttårseftan ved midnatt gjekk vi ut i gata for å sjå på rakettane. Det var ein som skaut opp ein raud lysrakett, og den hang lenge over bygdabyen og laga eit raudt skjær over gatene og liene rundt. Nokre av gutungane tok ein bunt stålull som dei knytte hyssing i, tende på og snurra rundt framfor seg. Det såg ut som dei stod i eit lysande hjul. 

I lokomotivstallen på jernbanestasjonen brukte dei som var på vakt om natta lokomotivfløyta til å markere overgangen til eit nytt år. Denne lyden kunne høyrast over heile Otta.

Denne artikkelen er del 13 i serien Otta i femtiårom av Ove Kristian Haugaløkken.