Ola Dahl om tida i fjellet under krigen

Hytter, setre og kåker var skjulested for motstandsfolk under krigen, for blant andre Ola Dahl som seinare var mangeårig ordførar i Sel.

Av Morten Tullut

Artikkelen fortset nedanfor bildet.

Ola Dahl var aktiv i Milorg under krigen. Seinere er han kjend som mangeårig ordførar i Sel kommune og fylkesordførar i Oppland fylkeskommune.


Heldt seg i skjul

Artikkel 3 av 6: Ola Dahl fortalte dette i Dølenes Blad mandag 18. juni 1945: Da vi kom nordover att frå Ringebu, var vi først innom hytta til Knut Loftsgård på Mysusetra. Eckhoff vart att der medan eg og Gulbrandsen gjekk bort til Kirstidalssetra – som bror min eig – og var der nokre dager.

Var ellers ein snartur nedi bygda og var innom både heime og i Stordalen. Medan vi var på setra kom Reidar opp eit par gonger til oss – og likeeins Anton Tamburstuen som kom tidleg ein morgen, heilt uventa og banka på døra. Vi kjende han ikkje på målet med det same, og heldt på å ta ham for ein gestapo. Så det var på høg tid han sa namnet sitt.


Tok seg over til Mexico-kåken

Tyskarane hadde forresten dein gongen fylgd spora hans opp til Raphamn, men heldigvis hadde spora etter han blåsi ned. Seinare tok vi over Ula inn til «Mexico-kåken» som låg ein ½ times veg ovanfor Havnsetra.

Eckhoff var da alt komi dit. Denne kåken var laga av 2 AT gutar frå Lillehammer, Nilseng og Frøisland f 1923-d 1945. (Den siste vart som kjent skoti der inne). Denne kåken vart bygd opp på ei steinurd med ein enkel huntonittvegg. Temperaturen var alltid under 0- punktet. Vi kunne ikkje fyre om dagen, for kåken låg slik til at vi såg rett ned på Otta. Over heile golvet var det is og snø. Det fanst ikkje noko glas, og fullt med mus var det over alt.


Oluf Havn sørga for maten

Korleis var det med matforsyninga? Den fekk vi gjennom Oluf Havn som stod i både natt og dag for å skaffe det vi trong. Det var mange på Selsverket og Otta som var sers hjelpsame – og mange var det som visste at vi låg inne i fjellet. Likevel fekk ikkje Gestapo greie på noko – enno. Eg var ellers sjuk i 6 veker, hadde magesår, og måtte ha diett, og den fekk eg.

Likevel kom Elvestad, den nye distriktssjefen vår, og meinte at eg måtte reise til doktor for å bli undersøkt. Elvestad hadde ordna med doktor og rekreasjon på Tretten. Jakob Olstad og Reidar, bror min, påtok seg jobben med å frakte meg nedover.

Denne artikkelen er del av ein artikkelserie om krig og okkupasjon 1940–1945 av Morten Tullut.