Mysuseter Servicesenter og eit allsidig yrkesliv

I 2001 kjøpte Lisa og Bjørn Bjørnvolden, Leif Ola Rønningen, Hans og Oddny Teighagen butikken og overnattinga på Mysuseteren. Oddny var der ut sesongen 2013, men ho har gjort mykjy anna au.

Av Oddny Teighagen

Artikkelen fortsetter etter bildet

Eg har ikkje vore berre husmor og småbrukarkjerring i mitt vaksne liv. I 1968 byrja eg i Sell sparbank. Der arbeidde eg til somaren 1999, da hadde banken fusjonert eit par gonger og endra navn til Sparbanken NOR. Full tid til å byrja med. Eg reduserte til tre dagar og to dagar etter at borna vart fødd. Frå 1999 til 2001 reiste rundt i Sør-Norge og demonstrerte ullprodukter. Borna var da 10, 12 og 14 år gamle, så dette hadde ikkje gått om det ikkje var for mor og far som såg til at dei kom seg på skulen om morgonen og var der og tok i mot dei når dei kom heim at.


Kjøpte butikken og overnattinga på Mysuseter

I 2001 kjøpte Lisa og Bjørn Bjørnvolden, Leif Ola Rønningen, Hans og eg butikken og overnattinga på Mysuseteren. (Bilde 1 og 3–6) Dette kalla vi Mysuseter Servicesenter. Leif Ola selde seg ut alt fyrste året. Der held eg ut til og med sesongen 2013. På den tida hadde eg mange og lange arbeidsdagar. Da Heidi Bjørnvolden Ulen og Stein Roger Ulen var interessert i å kjøpe det fra 2014 slo vi til.

Ryggen min var veldig glad for det. Vi fekk vårt fyrste barnebarn i 2014, og eg ville heller lyfte på nette onger enn tunge mjølketriller og store avisbunker. Nå var det på tide å bli "berre" husmor, småbrukarkjerring, bestemor og etter kvart pensjonist. Tilværelsen som pensjonist er alt anna enn kjedeleg. Eg har drege på meg alt for mange verv. Slik er det vel når eg ikkje klara å seia nei. Eg har pr dags dato 9 forskjellige verv, så eg må lære meg å seia nei og heller prøve kvitte meg med nokre.

Vi driv fortsatt med sau. Nå er eg ikkje med i den daglege drifta, men dess meir i sesongane som lamming, merking, kjøre til fjells, ettersyn om somaren, sanking, veging, utplukking til livdyr og slakt – ein god del altså. Eg vil gjerne ha tid til å væra bestemor for dei tre gulla vi har fått (Bilde 2)


Fødd da det var rasjoneringskort

Jammen ha det skjedd mykjy på dei 70 åra eg ha livd. Eg veit at da eg kom te va det fortsatt rasjoneringskort, eg har sett nokre. Strømmen var ikkje kome til Verkensbakkom, den kom vel i 52–53, så eg kjøm ikkje i hog det. Vi budde tre vaksne og meg i ei lita stue med kleva og oppholdrom. Vedkomfyr og berre ei kokeplate til matlaging. Innlagt vatn hadde vi ikkje før utpå 70-talet. Dusj og WC i -85.

Nå er alt dette ein sjølvfølge og vi har golvvarme i tilbygget vårt og termostatstyrt pelletsoven i stua. Eg trur ikkje at eg tok skade av oppveksten min, men eg kunne nok ikkje i min villaste fantasi forestilt meg korleis det skulle bli. Det var greitt å skrive denne artikkelen og sjå kor mykjy eg har å væra takksam for.

Dette bildet er fra Tjønnøya i Skien–Brevik–området og viser mor (Mari) og far (Engebret) som sit og ser på medan borna leikar i vatnet, fortel Oddny Teighagen. Frå 1999 til 2001 reiste ho rundt på mange plasser i Norge og demonstrerte ullprodukter. Arbeidsplassen hennar var fra Sarpsborg i sør til Namsos i nord, Magnor i øst og Bergen/Måløy i vest.

Ho fortel vidare: – Eg starta i Thermo på somaren, i skuleferien til ungane. Dermed så stappa eg mor, far og alle ungane inn i ein Toyota Hiace seksseter og tok dei med. Fyrste arbeidsplassen min var i Skien. Der budd og arbeidde vi/eg på eit rosa hotell, gjevt for jentene. Etterpå bestilte eg eit bryggerhus på ein campingplass på Tjønnøya. Dette vart basa vår medan eg arbeidde i Skien–Brevik–området. På Tjønnøya hadde vi det veldig fint. Det var ei langgrunn vik der og ungane bada og leika med ein gummibåt kvar dag. Dei hadde ein super ferie.

Leirholo i dag (2020)