Dyra, husa og livet i Leirholo

I Leirholo slutta dei med ku rundt 1970. Etter det har det vore berre sau på garden. På det meste var det mellom 90 og 100 vinterfora sau som gjekk ute heile året. 

Av Oddny Teighagen

Artikkelen fortsetter etter bildet

 Leirholo slutta med ku rundt 1970. Etter det har det vore berre sau på garden. – Her leverer vi Brongås. Ho måtte leiast ned til nedre Kolbotn. Slakteribilen stod der. Huset begynner å reise seg, det var i 1966/1967, fortel Oddny Teighagen.

Eg har samanlikna dyretalet frå folketellingane i 1865 og 1875 med talet frå 1953 (Norske gardsbruk). Det som er oppgjeve i -53 stemmer godt med det vi hadde da eg voks opp.

Når ein ser på dyretalet på 1800-talet skjønnar ein at dei har så mange dyr som dei på nokon måte klara å skaffe foring til, for at dei sjølve skulle få mest mogleg mat. Eg forstår og kor ordet "vårknipa" skriv seg frå.


Talet på dyr på 1800- og 1900-talet

1865/75
Leirholo 2 kyr 0 ungdyr 13 sauer 7 geiter 2 svin
Amundstugu 3 " 1" 9" 1" 1 "
Klinkenberg 1 " 0" 8" 5" 0 "

Sum 6 kyr 1 ungdyr 30 sauer 13 geiter 3 svin

1953 4 " 1" 10" 0" 1" 1 hest

Vi slutta med ku rundt 1970. (Bilde 1 og 2) Etter det har det vore berre sau på garden. På det meste var det mellom 90 og 100 vinterfora sau som gjekk ute heile året. For å ha nok foring til dei måtte mor og far leige jord, både frå Rukin, Storsteinom, Linløkken og Lien. Fyrste traktoren fekk vi i 1976. Det var stor lette i arbeidet.


Gjorde det meste sjøl

Den 1. januar 1985 skjøta dei garden over på meg. Eg har heldigvis ein uvanleg flink mann. Det fyrste han gjorde var at han fekk i stand badet ned i kjellaretasjen der vi bodde. Same vinter satte han og far igang og hogg tømmer til nytt fjøs som stod ferdig hausten 86. Det har plass til 66 vinterfora sau, men vi hadde 90. Så neste prosjekt var å bygge ny låve med eit stort rom der vi kunne fore "utegangarene" våre. Foringsplass for 45sau. Dei som fekk vera der hadde det finast av alle, dei kunne gå ut og inn som dei ville.

Familien voks, vi (Oddny og Hans Bjørn Hansen) fekk etterkvart tre born: Mari Helen fødd i 1985, Bjørn Egil fødd i 1987 og Oline fødd i 1989. Med foreldra mine som også budde her, vart huset etterkvart i minste laget. Da var det ny vinter med hogst. Jammen har skogteigen vår i Uldalen vore verdifull for oss. Tomta vart grave i 1992. Samstundes vart det grove og lagt ned 400 meter røyr på jorde oggo husa, for vi hadde bestemt oss for å ha varmepumpe som skulle gå på jordvarme. Eg tok med meg borna og reiste på setra for at vi skulle vera burte frå bygplassen.


Farleg for borna

Ein dag var vi nede for eg skulle vera med og pakke rundballer som var i pose den gongen. Borna var med, og byggplassen var farleg spennande. Plutseleg hadde Bjørn Egil trakka på ei laus fjøl, datt ned og beit tvers gjennom tunga si med framtennene. Det var best å koma seg til fjells at, og der var vi ut september. Da var det tryggare å vere på garden. Hans har gjort mest alt snikkerabeidet sjølv, både på fjos, låve og hus. Samstundes hadde han fullt arbeid på Felleskjøpet og kararbeidet på garden. Det tok fleire år før huset var ferdig, men vi tok i bruk rom etterkvart som dei var ferdige.

Etter at vi hadde tatt Gammelsetra, som eg skreiv om i førre artikkelen, tok han ned stabburet, mura ny fin steinmur og satt det opp att. Så var det eldhuset som fekk samme "ansiktsløftinga", og nå er det gammel-låven som står for tur.

Leirholo slutta med ku rundt 1970. Etter det har det vore berre sau på garden.

Etter 1970 har det på Leirholo vore drivi med berre med sau. På det meste var det mellom 90 og 100 vinterfora sau som gjekk ute heile året.

Familien voks, og Oddny Teoghagen og Hans Bjørn Hansen fekk etterkvart tre born: Mari Helen fødd i 1985, Bjørn Egil fødd i 1987 og Oline fødd i 1989.