Paul Botten-Hansen – ein selvær med særlege gåver

Den 26. oktober 2019 vart det arrangert seminar på Otta med tittelen «Paul Botten-Hansen (1824–1869). En kilde i vår litterære arv». Der tok Astrid Sæther frå Senter for Ibsen-studier for seg livet hans, frå han vaks opp på Selsverket ved Otta til han døde som universitetsbibliotekar, redaktør og litteraturkritikar i Christiania i 1869.

Av Astrid Sæther
førsteamanuensis emeritus, Senter for Ibsen-studier, Universitetet i Oslo

Paul Botten HansenPaul Botten-Hansen (1824–1869)

Seminaret vart arrangert fordi det var 150 år sidan Paul Botten-Hansen døde. Arrangørane Sel kommune, Sel Historielag og Sel teaterlag hadde invitert Astrid Sæther (opprinneleg frå Dovre/Sel), leiar av Ibsenmuseet i Oslo Erik Henning Edvardsen og forfattar og skodespelar Morten Jostad frå Lillehammer til foredrag med diskusjon etterpå. Vi har fått lov av Sæther til å publisere ein utvida versjon av foredraget hennar.

"... en usædvanlig Personlighed.(...) En uegennyttigere Mand møder man sjelden, og var nogen fri for forfængelighed, da er det han. (...) Han gjorde intet Forsøg på at udslette Sporene af sin Herkomst. Han knotede ikke, (...) gav aldrig slip paa Oplændingens tykke r (l). Hans ydre Fremtræden var altid udpræget forstandig, beskeden og fremforalt naturlig og tagtfuld. (…) Han var bleven Hjemme i Christiania, men havde altid en kjærlig Tanke for de Forhold, af hvilke han var udsprungen." Ludvig Daae: Paul Botten Hansen, 1888, ss. 48-49)

Hopp ned til:
Biografi om Botten-Hansen    Sparsamt med kjeldemateriale    ”- de Forhold, af hvilke han var udsprungen” – Sel rundt 1820–1830    "... ein lausunge frå bygdeproletariatet"    God oppvekst hos besteforeldra på Botten    Pillarviken hadde stor innverknad på Paul    Paul drog frå heimbygda i 1840    Trivdest ikkje i Lillehammer-butikk    Doktor tok han inn i varmen    Huslærar i Nordre Aurdal    "Ein uredd og fri intellektuell"    Starta med dikt i Morgenbladet    Hollenderkretsen     Innflytta akademikarar    Forfeila diktar?    Bladmann som formidla andre si dikting    Framgang gav nye levemåtar    Ibsen og Botten-Hansen    Støtta Ibsen i hans krise    Huldrebryllupet og Peer Gynt    Familiefar og ektemann    Døydde brått av lungebetennelse 


Biografi om Botten-Hansen

Slik karakteriserer Ludvig Daae selværen Paul Botten-Hansen, i biografien med tittelen Paul Botten Hansen. Ettertida har ikkje til fulle skjønt kva rolle Paul Botten-Hansen og kretsen rundt han spela for danninga av kultur-Norge generelt med nasjonsbygginga vår rundt 1850. Innan Ibsen-forskinga har søkelyset berre i liten grad vore retta mot den litterære og politiske debatten som gjekk føre seg i Paul Botten-Hansens krets, «Hollenderne», i Christiania i 1850-åra til byrjinga av 1860.

Denne debatten nedfelte seg i det tonegjevande tidsskriftet Illustreret Nyhedsblad, Ugentlige Efterretninger om Nutidens vigtigste Begivenheder og Personligheder samt Dagens Nyheder, offentligt og selskabeligt Liv, Videnskab og Kunst etc., redigert av den same Botten-Hansen. Illustreret Nyhedsblad, som det stutt vart nemnt, var det organet som målbar det unge Norges kulturstemme, i formingsåra rundt 1850. Han sjølv, tidsskriftet og kretsen bak det («Hollenderne») fortener å bli tekne fram att.

Einar Økland (1979) skriv at denne intellektuelt strålande søndagsavisa var «eit kritisk informativt organ nærast av Newsweek-typen, og han fekk det meste av diktarar og skriveføre vitskapsfolk i samtida til å bli medarbeidarar.» Fleire generasjonar, ja nesten eit heilt hundreår, har lagt gløymselens teppe over fleire av karane som var med og forma humanistisk forsking i Norge. Og Botten-Hansen sjølv, han vert i dag oftast nemnt berre som ein appendiks til Henrik Ibsen.

Under den lesing eg har gjort om Hollenderkretsen, som vennekrinsen rundt han vart kalla, har eg danna meg ei meining om at denne særmerkte selværen var den einskildpersonen som mest av alle hjelpte Henrik Ibsen opp og fram og gav diktaren varige impulsar. Kanskje er det grunn til å seie at utan hans støtte, ville Ibsen kanskje ikkje fått fotfeste. Kva bakgrunn hadde denne karen? Kva var hans virke elles? 
 

Sparsamt med kjeldemateriale

Forfattaren Einar Økland laga ein kort presentasjon av Paul Botten-Hansens virke i 1977. Den vesle artikkelen i Basar gjorde meg fyrst oppmerksam på sambygdingen. Økland peikar på at mykje av hans store innsats er usynleg i dag, fordi hans gjerning gjekk opp i andre skribentars arbeid. Seinare fekk eg høve til å snakka om Paul Botten-Hansen i Sel i 1995, då om hans forhold til Ibsen.

Både Økland og Halvard Grude Forfangs bok Paul Botten Hansen og Hollenderkretsen byggjer på Ludvig Daae sin biografi om Botten-Hansen frå 1888. Daae byggjer igjen på personleg kjennskap til Paul Botten-Hansen og til nedteikningar av Peter Munch Søegaard og Embret Hougen. Karl Nilsen som var overlærar ved Lillehammer Latinskule, har informert Daae om Botten-Hansens tid i Lillehammer. Her står lite om oppveksten i Sel. Brevmateriale finst det lite av, "Breve fra ham, tjenlige for Øiemedet, have saagodt som ikke været at opdrive." (Daae 1888, s.2)

Med andre ord; det er sparsamt med materiale om han. På Riksarkivet (Oslo) finst ein del som kastar lys over verksemda hans. Det finst og ein del materiale i Nasjonalbiblioteket, mellom anna brev og førsteutgava av Huldrebryllupet. Det viktigaste tilfanget om Botten-Hansen er å finna i Illustreret Nyhedsblad og forløparen til dette veketidsskriftet, Andhrimner. Dette kjem eg tilbake til. 

 

”- de Forhold, af hvilke han var udsprungen”
– Sel rundt 1820–1830

Sel og Vaagaa var eit sokn, og både prost, lensmann og skrivar hadde bustad der (i Vaagaa). Det var i alt 1583 innbyggjarar, av desse var heile 670 nødlidande. Det var mellom 50–60 betlarar som kvar dag meldte seg ved dørene (Grude Forfang, s. 27 ff.). Dette var eit fattig område i Nord-dalen, som hadde hatt fleire bolkar med naudsår, også før Stor-ofsen i 1789.

I 1773 døde 117 av hunger og sjukdom, i hardåret 1812 døde truleg like mange, så kom nye svelt-år i 1837–1839; dette var medan Paul vaks opp. Gruvedrifta var slutt, og folk sleit for føda. Det var store forskjellar mellom dei som hadde noko, og dei som svalt. Men likevel var framandfolk forundra over å finne stor lesedugleik og lærelyst der, grunnen må vera at «præsterne i Nordre Gudbrandsdalen --- synes at omgaaes Almuen --- som maa vinde meget i slikt Samkvæm» (F. Hougen 1940, s. 341).

Prestar som Johan Storm, Fietzens og Krag stimulerte lesehugen og lånte ut bøker, og var engasjerte i opplæringa. Det var på denne tida store åndsbrytingar i bygda, rasjonalismen, haugianismen og etter kvart grundvigianismen sette sterke spor.

Kvar var Paul i dette bildet? 

 

"... ein lausunge frå bygdeproletariatet"

Ja, denne karakteristikken gav Økland guten (Økland 1979, s.70). Paul Botten-Hansen var fødd i 1824. Mor til Botten-Hansen var Ragnhild Jehansdatter frå Botten, og faren var omgangsskulelæraren i Sel, Hans Paulsen Nystuen. Læraren var «vakker, velvoxen, sprek, vel-begavet.»

Han hadde forført to jenter i Sel «paa en gang», den eine dottera til «Rasmus paa Hamn» som han truleg gifta seg med (uklart), men ho døydde kort etter. Den andre var Ragnhild, dottera på garden Botten, ho fekk sonen Paul i november 1824. Dermed var vidare arbeid i Sel umogleg. Han vart avsett og presten Fietzens måtte sjølv tre inn. Læraren var ein dalens «Don Juan», på Laurgard var det ei vakker tenestejente som sydde kler. «Han vilde gjerne tage ett års tugthus om han kunde få besove den pige en Nat over», hadde han sagt.

Hans Paulsen Nystuen drog saman med ein kamerat, Thorstein Pladsen til Nord-Norge, gifta seg med ei rik enke, antakelig i Målselv eller Bardu, «hvor der ventelig findes kraftige Sønner og Døtre efter den viltre Selvær».

Ragnhild budde heime på Botten eit par år med sonen, så gifta ho seg med "Vetl-Arne Grindstuen, ein plass under Hougen i Nord-Sel". Ho "levede med ham et i alle Maader saare ulykkeligt Liv, ved hvis Enkeltheder der ikke er nogen Grund til at dvæle". Ho fekk fire nye barn, men vart tukta stygt og ”tydde ofte til vor gaard”, skriv F. Hougen (1870, upaginert, Riksarkivet). 


God oppvekst hos besteforeldra på Botten

Botten gard på SelsverketBotten gard på Selsverket fotografert i 1920, 51 år etter Paul sin død.

Paul voks opp hjå besteforeldra på Botten gard: Bestefaren (Jehans, 53 år) var snill, og bestemora (Ingeborg, Imbjør 49 år) var «en brav kvinde, glad og trivelig». Ho ga guten mykje tid og roste han for hans vit. Vitet hadde han mest frå far sin, og det skarpe, mønstrande blikket frå morsslekta. Bestemora fortalde mange historier om underjordiske, jutular, huldrer og usynlege, som fekk brei plass i gutens livlege fantasi. Ho lærde han bokstavane, og guten las tidleg. Botten var ein livleg og folksam plass; "et Hvilested for reisende Almuesfolk – en Børs, hvor alle Nyheder fra Dalen og andetstedsfra meddeltes –" (Daae 1888, s.3).

Morbrørne, John (27 år) og Imbert (29 år) var høgreiste og sterke karar med godt vett, dei dreiv med handel, og, vert det understreka, dei låg ingen til last og var «ingenlunde svirebrødre», men gode forteljarar som utfalda seg ved «Kveldsseto» i Botten. Her utspann det seg mange burleske scener som seinare kom fram att i diktinga.

På nabogarden, Mo, budde prokurator Søegaard. Paul leikte mykjy med sonen, Peter Munch Søegaard som hugsar Paul som snill og glup (i Kysten og Fjeldet). Dei dreiv med sport og klatring, svømde i elven, her fekk og Paul låne bøker, for på dei fleste gardane var det berre bibel, postill og salmebok.

Denne korte skissa av oppveksten i Botten tener til å motseie at Paul var «lausunge frå proletariatet». Han var også einebarnet på garden og fekk stor omsorg frå alle, var tidleg moden og bevisst om sine evner. Hit til gards kom ofte læraren til Paul på besøk; den første heitte Agerholt, og deretter kom ein usedvanleg mann, Hans Hansen Pillarviken, ein autodidakt og stor boksamlar og tusenkunstnar. Da dreia forteljingane ved peisen seg ofte om gjenferd og underjordiske, men skulemeisteren meinte dette var tøv. Han var rasjonalist. Seinare knytta han seg til haugianarane. 

 

Pillarviken hadde stor innverknad på Paul

Det høver her å gje eit portrett av to som kom til å få stor innverknad på oppveksten og utviklinga til Paul: Hans Hansen Pillarviken og presten Krag i Vaagaa.

Først noko om Hans Hansen Pillarviken (Sjå F. Hougens artikkel i Edda, 1940).

Hans Hansen var fødd på Lalm 15. mars 1798, og han vaks opp på den vesle garden Pillarviki (tidl. Rindal), namnet skal vera etter kong Chistian IV som gav plassen til «Pillarguri» som takk for innsatsen hennar ved Kringen i 1612. Eldste bror hans var skulemeister ei tid, og Hans lærde å lesa og skrive heime. Han var «af et stille, enfoldigt Væsen» – næsten bestandig i en mørk Sindsstemning» (Hougen 1940, s. 349). Han var ein lesehest og utmerka seg tidleg, som til dømes ved konfirmasjons-overhøyringa.

Pillarviken fekk deretter post hos lensmannen som stemmevitne og måtte delta ved mange panteauksjonar i bygda i naudsåret 1812 og vidare. Etter eit års tid orka han ikkje meir og vart huslærar, først som vikar for bror sin, og så avanserte han til omgangsskulelærar (1813–1814). Broren tok han med til presten i Vågå. Fietzens gav guten undervisning, og så fekk han eksamenspapir slik at han kunne ta til med skuleyrket i Sør-Sel, berre 15 år gamal.

Han fortel: «- og jeg glemmer aldrig den første Morgon der indtraadte til mig paa enngang 9 i tallet, nogen baade større og eldre end jeg» (F. Hougen, s. 372). Han les og vart etter kvart «den lærdaste av alle bygdemenn» (F. Hougen, s. 352. Etter kvart ristar han tungsinnet av seg og blir livat og nesten ein villstyring. Det blir fortalt at han ein dag klatra opptil kyrkjespiret på Selskyrkja, og ein annan dag brattsida opp til Pillargurikampen.

Pillarviken seier også «mine religiøse og gudfrygtige Ideer tabtes mere og mere, eftersom jeg droges ind i Selskaber” og ”blev ikke sjelden beruset” (F. Hougen, ss. 352-353). Han utviklar eit rasjonalistisk grunnsyn, så ”lot han sig leie til at digte Kjærlighedsviser for skuffede Piger, Drikkeviser, Satyrer og meget saadant som med rette burde ansees som en Skamflæk paa enhver --- ” (same stad). Han utsletta alle merke etter desse visene. Han dikta helst på bygdemål, til dømes ei vise som heiter ”Tidsfordrifte”.

Han vart seinare vekt av Haugerørsla som hadde fått feste i Sel og gjekk under namnet «Præstegjeldets mærkeligste Haugianer» (F. Hougen, s. 356). Dette var ei brytningstid, han vart merkt av denne. Rørsla mista tilhengjarar frå 1830-åra.

Hans Hansen Pillarviken vart Pauls lærar, og han «merkede sig snart Pauls store Anlæg og var synlig glad hver Gang han kom ind ad Skoledøren. Som den dagen Paul kom trillande inn som ein snøball i Øvre Havn, og ut rulla ein velvaksen gut med niste og bøker på kjelken – ”ja det va naagaa te hugu paa’om Paal” (F. Hougen, ss. 377–378).

Presten Hans Peter Schnitler Krag som kom til Vaagaa i 1831, virka epokegjerande for lærararar og ungdom i Sel. Den merksemda Paul fekk frå Hans Hansen Pillarviken og Krag, bidrog sterkt til å forme han. Det seiest at Krag festa seg ved han og slapp han aldri igjen. Paul var flink i alt, også i teikning og treskurd. 

 

Paul kom i øvrigheita sitt søkelys

Fantasien sprengte seg ut i gjeremål som kom til å føre guten inn i øvrigheita sitt søkelys. Hans talent for å teikne gjorde at han såg seg om etter motiv. Han skisserte kyrkja, Botten og Mo gard, og seinare Ibsen og mange venner i Christiania.

Heime tok til å kopiere pengesetlane til onklane sine. Rettsprotokollen sa at han: «forfærdiget Norske Pengerepresentativer». 13-åringen tok dei med til skulen, og borna leikte med dei. Pillarviken tykte det var uskyldig leik, og forveksling var ikkje mogleg, meinte vaksne. Men rykta tok til å svirre, kven var det som meldte Paul? Det veit eg ikkje (Sjå Grude Forfang, ss. 13–15).

På Laurgard på Nord-Sel, der det var tingstad, kom det til avhøyr. Læraren Pillarviken, og presten Krag i Vaagaa, gjekk imellom. Guten kom likevel i arrest (14 d.) i Vaagaa (på Fellese, Fillingsø), men der fekk han kvar dag leike med sorenskrivaren Berbom sine søner. Jens Matthias Berbom (1792–1858) som var gift med Frederikke Brock, hadde to gutar, Wilhelm og Carl Edvard, omtrent på Pauls alder. Kvar dag vart han henta frå Fillingsø for å leike med desse.

Heile 30 vitne vart førte fram sommaren 1837. Paul vart frikjent, men idømt saksomkostningar. Det er for meg uklart kvifor. Dette må ha vore ei sterk oppleving for ein ung gut. Noko av dette erfaringsgrunnlaget vart brukt seinare i ein parodisk nekrolog han forfatta over seg sjølv:

"Hans første Skridt paa Offentlighedens Bane var, at han oprettede en Børnebank for at afhjælpe den blandt hans Lige herskende Mangel paa Byttemiddel. Men da han ikke hertil haavde søgt Bygdevægterens Approbation og dog satte Navn paa sine Fabrikata, blev hele Banken beslaglagt, og han selv bragt yderste justitiel Vaande. Heraf kom hans Foragt for Penge, der aabenbarede sig i permanent Pengeløshed." (I Illustreret Nyhedsblad 1856, sitert etter Daae 1888, s.7)

Presten Krag var den andre som berga Paul frå denne ulykkelege leiken med sedlar. Krag og Pillarviken kom omtrent samstundes til Sel i 1831. Alt da flyttelasset kom frå Namdalen, stoppa presten i Nord-Sel og oppsøkte skulemeisteren som da heldt til på Romundgard. Der var det berre ein elev, nemleg sonen på garden.

Krag sette seg straks fore å etablere ein fast skule i bygda, slik lova av 1827 sa. I 1834 var det 22 gutar og 39 jenter som vart konfirmerte etter å ha lese hos Pillarviken og gått for presten Krag. Pillarviken bidrog også til at det vart fast skule i Sel. Han bygde huset sjølv, og i timane seiest det at han snikra likfjøler for å få attåtnæring! (F. Hougen, s. 375).

Attende til Vetl-Paul: Båe desse mennene bidrog til å fremja sjølvstendige tankar hjå guten: "Jeg holdt paa at gaae fortabt i Udenatslæren, indtil min Læsedrift fik en bedre Ledelse gjennem Krag". (Daae 1888, s. 8) Krag førebudde han til konfirmasjon, samtidig fekk han tilbod om stilling i butikk på Lillehammer. 
 

Paul drog frå heimbygda i 1840

Sommaren 1840 var hans tid i heimbygda slutt. På denne tida var også Krags tid i bygda over, truleg som resultat av Formannskapslovene i 1837, ifølge Hougen. Nå skulle presten dele makta med formannskap og heradsstyre, som ofte sette seg i opposisjon til presten. ”Kva det førte til i Vågå, er stutt sagt at Krag reiste frå bygda, etter å ha krangla med dei folkevalgte i 3–4 år» (Hougen, s. 380). Han reiste i 1842.

Krag vart tilsett som sokneprest i Fredrikshald (1842), deretter i Eidsvold frå 1848. Der fekk han blant anna samla ei rad portrett av menn og medlemmer av Riksforsamlinga frå 1814. Av hans skriftlige arbeid er, i vår samanheng, dei Sagn, samlede i Gudbrandsdalen om Slaget ved Kringlen den 26de August 1612, og alt det materiale som han samla om slaget. Dette skal vera oppstilt på garden Kringen.

­Paul Botten-Hansen skreiv ein større artikkel om Krag i Illustreret Nyhedsblad, 28. juli 1855, med ein morosam karakteristikk av sin gamle ven gjev han her: Landevegen gjekk gjennom hans daglegstove! Ja, Krag hadde omsut for folk, og på flytteferda sørover stoppa han på Lillehammer hos Paul. Han hadde fått arbeid som butikkmedhjelpar der, han hadde husvære og mat, men elles var det ikkje greitt. 

 

Trivdest ikkje i Lillehammer-butikk

Lille-Hammer hadde i 1840 berre 511 innbyggjarar. Der var leiebibliotek, trykkeri og avis (Lillehammer Tilskuer). Folketalet var aukande. Det var ein livleg by, båten «Jernbarden» la til brygga, der var marknad og ymse slags underhaldning; linedansarar, buktalarar, jodling og spel. Hjå kjøpmann Lars Engebretsen Hoff i Storgata var det lite å gjera, så Paul skreiv: " - jeg kunde derfor læse halve Dagen bag min Disk" (Grude Forfang, s. 26 ff.).

For pengane han tente, kjøpte han bøker. Han skar figurar og masker i tre og laga lirekasser med dansande folk. Han klaga til Krag over å måtte stå og selja mjøl og rosiner. Og han kjente så få. Det første året var han mest aleine og las. Det var tent ljos på kvisten hos Hoff i Pauls hybel det meste av natta. Krag oppmuntra han til å gå vidare med lesinga og introduserte han for venner i byen. Krags besøk vart eit vendepunkt for unge Paul. Kven var det han vart introdusert for? 

 

Doktor tok han inn i varmen

Ein god ven og hjelpar var doktor Gunder Kjølstad, ortoped (1794–1859) og kona Anne Dorothea (1801–­1863). Dei hadde stort hus og klinikk i Storgata. Hit vart Paul bedd på musikk-­ og teaterkveldar, møter av ymse slag. Kjølstad var samfunnsorientert og engasjert, hans behandling omfatta utstyr som Paul hjelpte til å reparere, ja, kanskje konstruere, fingernem som han var. Kjølstad hadde mange bøker, og Paul var ivrig lånar og bokbindar.

Legen kom sjølv frå små kår og hadde arbeidd seg opp, slik forsto han Pauls situasjon. Han såg også faren ved drikking og fekk Paul med i Lillehammer Maateholdsselskap. Dette var ikkje mynta på Paul, som var ein nøktern kar. Boka En drankers liv og død vart innlemma i samlinga hans, men det var greitt med ei halv flaske vin eller to drammar per dag! (Grude Forfang, s. 31). 

 

Marcus Thrane opna ei ny verd for han

Ein annan særprega familie var Marcus Thrane og kona Josephine. Dei kom til Lillehammer i 1841, direkte frå opphald i Tyskland og Frankrike, med andre ord direkte frå Europa. Thrane hadde borgarleg og akademisk bakgrunn og ville drive skule i byen. Paret arrangerte musikkveldar, spelte fiolin, fløyte og klaver, og dei inviterte Paul inn i heimen.

Guten kom slik inn i ei anna verd, men med sitt sosiale blikk, sans for originale tankar og særprega individ, gleid han lett inn i nye forhold – og han treivst. Hos Thrane lært han fransk, tysk og latin. Thranes sosialpolitiske idear var under utvikling i desse åra, og Paul og han fortsatte venskapen gjennom brevveksling. Kanskje hadde Paul eit bodskap til Thrane retta mot småbøndene og husmenn sine tilhøve?

Hos adjunkt Carl L. Rønneberg kom Paul i gang med morsmålet, stiløvingar og ressonerande innlegg. Snart leverte han artiklar og rapportar til Tilskueren. Hans første bidrag som bibliograf kom i 1844 («Notitser om Norske Forfattere efter 1814»). Han tok eksamen artium som privatist («privat dimmiteret») i 1847. Det kosta han pengar, han måtte betale åtte speciedaler (spd.) for å framstille seg til artium som «Hastverks-privatist» ved Christiania Cathedralskole den 15. juni 1847. Han lånte pengar (30 spd.) hos sorenskrivar Lunde, der han ei tid hadde vore kontorist mellom 1845 og 1847.

Desse akademikarane såg alle Pauls imponerande kunnskap og potensiale og rådde han til å studere vidare, til dømes historie. Men korleis skulle ein fattig bondegut ha råd til det? 

 

Huslærar i Nordre Aurdal

Utstyrt med gode papir og attester frå Rønneberg og Kjølstad: «han fortjener den største Anerkendelse og Opmuntring» (Riksarkivet), så søkte han post som huslærar hos prokurator Kolderup i Nordre Aurdal der han var eitt år (1847–1848). Han hadde godt grep på læraryrket. Kolderup gav han også si beste attest, Paul Botten-Hansen var «ualmindelig lærd», han var en ordenskar, engasjert og dugelig på alle vis. (Riksarkivet).

I 1848 fekk han tilbod om å koma til Christiania der doktor Kjølstad nå hadde etablert sitt eige ortopediske institutt, kjøpt eit stort husvære der Paul også fekk bustad. (Riksarkivet). Han var nå skrive inn på Det Kgl. Fredriks Universitet og kunne kalle seg Stud. Philol. Han underviste ved Kjølstads institutt og kunne vie seg studia om kvelden, gamalnorsk, latin, litteratur og historie, han bad om forelesingsnotat frå P. A. Munchs forelesingar. Han samla bøker og tok til å skrive vers.

Kor lenge budde han her? Truleg fram til 1854, då viser husleigeboka at han har fått ein annan vert. (Riksarkivet)

I Christania rundt 1850 byrjar ein ny bolk av livssoga hans. Det er no han blir kjent med Ibsen og dei andre menn som skal bli tonegjevande i den mest vesentlege fasen av norsk kulturhistorie; nasjonsbygginga og innsamlingsåra av norsk folkedikting og etableringa av norsk som skriftspråk. 

 

"Ein uredd og fri intellektuell"

Mange hevdar at seksåringen Paul Botten-Hansen var den yngste debutanten i norsk boksoge. Historia er knytta til Peter Chr. Asbjørnsen. Han var i 1862 i ferd med å rydde i notata sine, blant desse "Gudbrandsdalske Optegnelser" frå 1840-åra. Blant desse skal han ha funne han eit manuskript som han hadde motteke frå læraren til Paul, Hans Hansen Pillarviken. Det hadde tittelen Et St. Hans Nat Eventyr. Et Sendebrev, hvis Indhold er om de Underjordiske Boliger, samt en Del af Deres Slægtregister. Asbjørnsen fann dette så særmerkt at han let det trykke som gave til forfattaren i 1862!

No er det fleire teoriar om opphavet til dette «Sendebrevet». Eg er av den meining at det ikkje er Paul som har forfatta det. Han var som nemnt berre seks år og hadde neppe høyrd om dei utanlandske personane og historiene som vert referert. Utan å gå i detaljar; det er mest truleg Asbjørnsen sjølv som forfatta dette brevet og sende det til Botten-Hansen, som ei særleg helsing. (Sjå også T. Gjefsen, 2001).

I dette forunderlege eventyret, om "Ondebuande", om jutular og tyrkiske sultanar, indiske stormogular, greske heltar, danske baronar, her kjem for fyrste gong også forteljinga om Peder Jynt, vert det hevda. Da Asbjørnsen fyrste gongen kom til Laurgard i 1842, hadde han møtt Pillarviken, men Paul reist til Lillehammer. Pauls første lærar var Agerholt, ikkje Pillarviken. Kven av dei to som hadde fortalt Asbjørnsen om den unge Paul, er usikkert. 


Starta med dikt i Morgenbladet

Var det forfattar Paul tok mål av seg til å bli? Han får publisert fleire dikt i "Morgenbladet" i 1848 under signaturen "Paul". Det eine heitte "Kringlen" og fortel om poetisk innleving og heimlengsel. Andre dikt bar titlar som "Skreiberget og Hamars Ødeleggelse", "Afskeden", "Nes Kirke ved Mjøsen". Ingen av dei dikta han fekk på prent ville han seinare oppgje til Forfatterlexikonet.

Han omsette utdrag frå Tusinde og en Nat og hadde planar om ei rad omsetjingar av Nordiske Sagaer. Forteljinga Thord Fisker og hans Historie viser påverknad frå Asbjørnsens eventyr og segner. Daae nemner året 1851 som det året han gjer inntog i litteraturen. Han blir da kjent med Aasmund Olavsson Vinje og Henrik Ibsen. Begge hadde teke artium i 1850, og Ibsen debuterte same år med Catilina.

Dei tre ville utgje eit blad ilag, det fekk namnet Manden, fordi tittelbladet bar eit bilde av ein mann i merkeleg forvridd stilling. Outsiderens positur, det er denne dei inntek, dei tri bladvenene, Botten-Hansen, Ibsen og Vinje. Dei tilhøyrde kritikarane. Etter tre-kvart år får avisa nytt navn, Andhrimner (namnet på kokken i Valhall). Forbildet var den danske Corsaren. Dette første kritiske vekebladet hadde 100 abonnentar som alle fekk to eksemplar kvar!

Daae nemner at "Samtiden oversaa altsaa grundigt dette Blad." Det gjekk inn etter eit halvår. Her publiserte dei tre sine første arbeid: Ibsens "Norma eller en Politikers Kjærlighed", Botten-Hansen novella "Norske Mysterier" og litteraturhistoriske artiklar. I Andhrimner kom Botten-Hansens Huldrebryllupet også først på prent. Vi skal vende tilbake til dette dramatiske arbeidet. 

 

Hollenderkretsen

"Pokker ta’ Hollænderen! Han har sine Spioner ute allevegne."

Martin Birkeland skriv: "Jeg henfører til denne kreds (foruden Botten-Hansen) kun Ibsen, Løkke og mig, hvortil snart kom den noget yngre Daae" (Ording, 1927, s.2). Seinare vart kretsen utvida. Det var litterære interesser som førde dei ilag. Lystige studentmøte med besøk frå og til København, Lund og Uppsala skapte den skandinaviske gløden som sidan nedfeller seg i politisk og språkleg engasjement. Ibsen reiser i 1852 til Bergen for å bli kunstnarleg leiar, instruktør og regissør ved Ole Bulls nye norske teater.

Paul Botten-HansenPaul Botten-Hansen samla intellektuelle til diskusjon, blant dei Ibsen og Asbjørnsen, i sine to store rom i Raadhusgaden 28 i datidas Christiania.

Det var først under Ibsens andre opphald i Christiania frå 1857 at kretsen står fram under navnet "Hollenderne", eller "Det lærde Holland". Bakgrunnen for namnet gjev Ording. Botten-Hansen var som boksamlar overalt og vart samanlikna med Jesper i Holbergs komedie, Jacob von Tyboe, som ropte: "Pokker ta Hollænderen! Han har sine Spioner ute allevegne." (Ording 1927, s.4). Etter dette går navnet inn i litteraturhistoria. Holberg var ivrig brukt som kretsens radikale påskuvar (Ibsen gjekk under tilnavnet Gert Westfaler).

Kven var Løkke og Birkeland? Jakob Løkke var filolog, han underviste, utan vederlag, dei andre i moderne språk. Seinare vart han overlærar ved Lillehammer Latinskole (1854) og var frå 1861 rektor ved Katedralskolen i Christiania (Jf. Løkkes tyske grammatikk!).

Martin Birkeland var historikar, seinare statsarkivar (frå 1863). Han vart ekspedisjonssjef i Kyrkjedepartementet, men vende seinare tilbake til arkivarstillinga.

Dei fire var helst samla hos Botten-Hansen, i kjøpmann Anton Henrik Haslunds gard, i Raadhusgaden 28, hjørnet Kongensgade og Raadhusgade, i 3. etasje der hadde han to store rom. Alt i gangen møtte ein bok-stablar. Sjølv senga var ein "bibliothekarisk Alkove"! Her var det hyppig lystige måltid med eit og fleire glas til. Haslund, gardeigaren hadde finere kolonial og vin-utsal i første etasjen. Trappa førte rett ned i butikken, og rekningane (Paul sparte på kvitteringar) viser eksklusiv smak og hyppig konsum. I 1855 vart det til dømes innkjøpt «Champagne, Dry Madeira, Chokolade» og diverse andre godsaker. (Riksarkivet)

Andre intellektuelle kom til etter kvart, mest som tilfeldige gjester; Oluf Rygh, J. H. Thoresen (Ibsens svoger – «kronjuristen»), Ivar Aasen, Peter Chr. Asbjørnsen, Bjørnstjerne Bjørnson. Kva var diskusjonsemna deira?

Historie var favoritt-studiet, og fleire vart faghistorikarar. Også Ibsen var svært interessert i historie, det historiske stoffet danna grunnlaget for all diktinga hans i 1850-åra, og det særprega historiske forfattarskapet frå 1850-åra som kulminerte med Kejser og Galilæer i 1873. Det var særs viktig å bidra til ei kartlegging av den nasjonale historia.

Dei irriterte seg over at kjeldene fanst i København: "Pokker ta danskerne som har skrapet sammen alle kilder dernede, saa vi ofte ikke engang vet at de er til!" (Ording, 1927, s.110) Men også "Universalhistorien" påkalla interesse. Dei store historikarane, grunnleggjarane av faghistorie, fanst i kretsen og omlandet; J. E. Sars, Sophus Bugge, Oluf Rygh kan nemnast.

Holberg var som nemnt eit forbilde, som fornuftsdyrkar, som historikar, ironikar, tenkar og samtids-satirikar. Botten-Hansen skreiv ein biografi om Holberg som har vore altfor lite påakta. (Norsk Illustrered Kalender, 1855) Holberg skulle bli svært viktig også for Ibsen. Det finst mange spor etter Holberg i Ibsens dikting.

Sansen for dramatisk dikting førte naturleg også til interesse for teatret. Det nystarta Norske Teater i Møllergata fekk sine ivrigaste støttespelarar blant "Hollenderne". Da Ibsen vende attende frå Bergen i 1857, sår etter mange kunstnarlege og økonomiske nederlag, var venene der, og teatret i Møllergaten var eit nytt høve for å påverke samtida. 

 

Innflytta akademikarar

«Hollenderne» var ikkje snevre nasjonalistar. Ein skal ikkje tenkje på kretsen som einsarta. Det er brytningane, diskusjonen, og bruken av ironi som kjenneteiknar denne eigentleg radikale gruppa. Den Historiske Forening (og tidsskriftet) kom til som utløparar frå Hollenderkretsen.

Interessa for litteratur gjaldt både den nasjonale og den internasjonale diktinga. Welhavens litteraturforelesingar var populære, men "Hollenderne" hadde også eit kritisk syn til hans oppfatningar. Botten-Hansen høyrde til kritikarane. Verd ein kommentar er kretsens forhold til Bjørnson. Han var aldri medlem.

Ording skriv om dette: "...noget intimere forhold var ikke opstaat. Ja, der tør være grund til at anta at disse hadde faat øie mer for det frastødtende end det tiltrækkende i Bjørnsons væsen." (Ording, 1927 s. 33) Dei fråstøytande trekka var ein umåteleg arroganse para med "besynderlig naivitet", manglande "sinceritet" og skildringar av "Københavnske minner" som virka støytande på dei ikkje nett pertentlege hollendarane.

Å framstille kretsen som uttrykk for Christiania-reaksjonen er fullstendig misforstått. «De var allesammen innflyttede unge akademikere utan berøring med hovedstadens bourgeoisie.» Kretsen opptrådte aldri samla i nokon sak overfor offentligheten. «De fleste var særpregede individer som siden brøt sig selvstendige baner i livet.» (Munthe, Tidens Tegn, 7.1. 1928, s. 1-2). Kva bandt dei saman? 

 

Forfeila diktar?

Botten-Hansen sine innlegg i Illustreret Nyhedsblad om litterære emne viser mangfald og utruleg vid kunnskap. Han utarbeidde ein viktig bibliografi, La Norvege litteraire (for verdsutstillinga i Paris i 1868), og den fyrste Norsk Bogfortegnelse. Botten-Hansens eigen skjønnlitterære ambisjon døde etter at Huldrebryllupet Dramatisk Eventyrdigtning frå 1851 vart oversett og gløymd.

Harald Tveterås har i ein større artikkel peikt på likskapen mellom Huldreeventyret og Peer Gynt. "Fra det første til det siste går det mange forbindelseslinjer, enkelte av dem klare og markerte, mens andre spiller i luften mellom dem i et spinn av ungdom, vennskap og – eventyr" (Tveterås, 1967, s. 247). Huldrebryllupet handlar om tre vener, Sagnius, Berg og Karlsen, som dreg til fjells. Dei to siste tenkjer berre på rømmegraut og fjelljenter, medan Sagnius - "en Gaardmands Søn, Student" kjem tilbake til barndomstraktene i Sel. I byen har han vunne kunnskap og alt – utan "Viv", men han har ete av framande frukter som ikkje smakar når han igjen står overfor den enkle, naturlege rikdommen heime under Rondane. Var dette ei sjølvteikning? Vi kjenner att bondeguten som kjem att til heimbygda og må stilla sin nyvunne kunnskap på prøve blant folket han kom frå.

Diktarvenene hans, Ibsen og Vinje, etterlyste nye dramatiske dikt frå Paul. Men han resignerte: "Den digtning som ikke til en viss grad blev forstaat af sig selv av folk med hode og hjerte, hadde ikke opnaadd hensigten med sin træden ut i livet, og var altsaa forfeilet." (Ording, 1927, s. 47). 

 

Bladmann som formidla andre si dikting

Det var gjennom dei 15 årgangane av Illustreret Nyhedsblad (1851–1866) Botten-Hansen kom til å leggje att sin poetiske arv. Han tok på seg leiarskapen for Manden (ein tittel dei fann på), Andhrimner og seinare Illustreret Nyhedsblad. På Riksarkivet viser dokument at hovudeigar var Boghandler A. Dzwonkowski, og statuttane ligg ved. Papira tyder på at Paul hadde teikna seg for 30 aksjar av dei i alt 100. Dette var ein betydeleg andel, og ein må spørje korleis han hadde råd til dette? Vel, talet på abonnentar steig, og «intet Tidsskrift – endog ikkje de populære i selve Danmark – [har] en saa stor Utbredelse, som vort Blad nu kan glæde sig ved», skriv han i 1858 til Werlauff (Riksarkivet).

Hans oppgave skulle bli å formidle andres dikting og inspirere. Botten-Hansen var redaktør i alle åra med unntak av 1864–1865. Bladet skulle nytte eit enkelt språk sjølv ved behandling av vitskaplege emne. Men bladet vart meir vitskapleg enn populært. Eit hovudformål var å bidra til kunnskapen om fedrelandet, historia, folk og natur. Bladet skulle også setja folk i kontakt med litterære straumdrag i tida. Botten-Hansens djupe kunnskap, især om litteratur, gjorde artiklane særleg interessante. Dette saman med det faktum at landets beste forfattarar ytte sine bidrag, heldt avisa oppe. Blant desse var da forutan Ibsen og Vinje, Jonas Lie, Peter Chr. Asbjørnsen, Welhaven, Bjørnson og Vinje.

Redaktøren (og dei andre skribentane) tente ikkje særleg, men bokinnkjøpa hans heldt fram. Og etter kvart vart økonomien betre. Rekningane (Riksarkivet) viser bokinnkjøp for over 1000 spd. i 1850-åra. Han hadde frå februar 1856 stilling som kopist (assistent) i Riksarkivet, så stig han i gradene og blir amanuensis same stad frå 25. juni 1860, og til sist, 7. mars 1864 vart han utnemnt til universitetsbibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Kristiania, det vil seie den øverste leiar for Norges største bibliotek, i dag Nasjonalbiblioteket. 

 

Framgang gav nye levemåtar

Karrieren skaut fart, samstundes kan vi sjå korleis han medvite la seg til ein levemåte som høvde med ansvar og sjølvoppfatning. Og han hadde orden i sakene. Rekningane viser innkjøp av «Benklær, Veste, Düffelder, Skjorter, Bonjour og Skotoi» i 1856 for 151 spd. I 1858 skaffar han seg frakk i «Cashemirer» frå CM Dahl, 164 spd. Han er ofte hos barberen, alltid den same, som kosta 90 shilling, hos tannlege også. Han betaler medlemskap i Christiania Turnforening, i Danske historiske Forening, han støttar Folkeopplysningens Fremme og Vaterlands Asyl.

Dei gamle, krøllete dokumenta vitnar om ein mann med både sans for kvalitet, orden og opplysning, og med omsut for fattige og sjuke. Han sørga for at innbuet, i første rekke boksamlinga, var forsikra, for i alt 1600 speciedalar. i 1859 (sjå rekningar og notisar i Riksarkivet).

Jonas Lie var eigar av Illustreret Nyhedsblad i 1865–1866. Under hans innverknad skifta bladet karakter, det tok opp i seg meir politisk stoff, for som Lie sa: "Folket er et barn, som vil se tidens begivenheter i billeder." (Ording 1927, s. 53) 

 

Ibsen og Botten-Hansen

Som vi har sett, let det seg knapt gjera å skilje Botten-Hansen ut frå den kretsen og det bladet han virka i, nemleg "Hollenderne" og Illustreret Nyhedsblad. Ingen har hatt større betydning for Ibsens litterære utvikling enn Paul Botten-Hansen. Da Ibsen debuterte, (Catilina, 1850) var Botten-Hansen ute med den første grundige kritikk. Ibsen kom til å vise stor vørdnad for hans seinare kritikkar. Ibsen vert diktaren og Botten-Hansen kritikaren.

Bladet sto alltid ope for Ibsen. Her vart dikta hans publisert, gjennom desse vart han kjent. Dei er i si fyrste form meire opprinnelege, "rå" enn dei seinare omarbeidde for samlinga "Digte" 1871. I Nyhedsbladet trykte Botten-Hansen også større arbeid av Ibsen for fyrste gong.

Fru Inger til Østeraad hadde lege utrykt sidan første oppføringa i Bergen 1855. Det vart trykt i Illustreret Nyhedsblad i 1857. Neste år tok Botten-Hansen inn Hærmændene fra Helgeland (1858) og seinare, i 1863, kom Kjærlighedens Komedie som bladets nyttårsgave til lesarane. Det var også Botten-Hansen som 1863 same stad skreiv den fyrste, grunnleggande Ibsen-biografien. 

 

Støtta Ibsen i hans krise

I slutten av 1850-åra opplevde Ibsen ei krise. Hollender-venene prøvde å muntre han opp. Birkeland skriv: "Hans del av miskjendelse og sorger, endog nød, har været større end et menneske godt kan bære." (Birkeland i brev, sitert frå Ording, 1927, s. 220). Både Botten-Hansen og Birkeland hadde sjølve kjent den motgang som låg i ikkje å ha midlar, å måtte slå seg fram i framandt bymiljø, å skifte stand. Dei viste Ibsen hjertelag.

Resultatet vart i fyrste omgang det dramatiske diktet "Paa Vidderne", trykt som vedlegg til nyttårsutgava av Illustreret Nyhedsblad i 1860. Ibsen tok deretter fatt på teksta til ein dramatisk opera, Fjellfuglen, denne vart trykt, uferdig i 1861. Venene var bekymra. Lie meinte Ibsen var "doven", medan andre gav han oppdrag som leilighetsdiktar, noko som resulterte i einskilddikt til bruk ved vigsle av skular (som til dømes for Lillehammer off. Almenskole), til idrettsfestar og 17.mai.

Etter pådriv frå Hollender-venene med Botten-Hansen i spissen, går han i gang med eit nåtidsdrama, ein satire, Kjærlighetens Komedie. Dramaet speglar diskusjonane i Holland, men nedslag fra Huldrebryllupet lar seg også påvise. Det var Botten-Hansen som tidleg spora Ibsen inn på historiske emne, både frå antikken og nasjonal histore. Med fornya interesse tok han til å arbeide med emne frå antikken som seinare skulle nedfelle seg i Kejser og Galilæer 1873. 

 

Huldrebryllupet og Peer Gynt

Då Peer Gynt utkom i 1867, var Botten-Hansen tidleg ute med ein kritikk prenta i Skillingsmagasinet. Illustreret Nyhedsblad var gått inn i 1866. Daae skriv: " At det maatte gjøre et forunderligt Indtryk på Huldrebryllupets Forfatter at læse dette Digterværk af sin gamle Staldbroder, siger sig selv. Men det kan forsikres at den Følelse som overveiede enhver anden, var Glæden over at gjense noget af det, han i sin Ungdom selv hadde tænkt, i en saa fuldendt og forklaret Skikkelse hos Ibsen." (Daae, 1888 s.44). Denne sjenerøse haldninga til venene var eit kjennemerke ved Botten-Hansen.

Var Ibsen med Botten-Hansen til Sel i 1862? Nei, men truleg fekk Ibsen gode råd med på stipendreisa si denne sommaren frå kjentmannen Botten-Hansen. Budde han på Selsverket (Mo gard) i 1862 da han reiste sørover etter samlarferda? På veg nordover, da reiste han Ottadalen og budde på Åsåren. På veg sørover var han truleg innom Høvringen og kan ha budd i Sel (Mørkhagen, 2019, ss. 210–211). Ibsen sjølv gjev oss sparsame opplysningar om heimreisa.

Det vart inga folkloristisk bok ut av Ibsens samlarferd. Stoffet fann form i verdspoetikken. Da Brand og Peer Gynt utkom, hadde Ibsen forlatt Norge. Hollenderkretsen vart oppløyst samtidig (1864). Punktum vart sett med eit gilde til ære for Botten-Hansen som i 1864 vart utnemnd til leiar for Universitetsbiblioteket. Denne festen vart også avskjedsfesten for Henrik Ibsen. Dei to venene såg aldri kvarandre meir.

Kom Botten Hansen heim att til Sel? Daae nemner at Botten-Hansen i 1860 som nytilsett ved Universitetsbiblioteket gjer ei tenestereise til Trondhjem. Dette var "den længste Udflugt, han nogensinde har gjort i Fødelandet. Paa Veien gjæstede han for sidste Gang sin Fødebygd." (Daae, 1888, s.37)

Hans einaste utanlandsreise var til Sverige, Uppsala i 1856. Om besøket der skriv han utførleg i Illustreret Nyhedsblad same år. 

 

Familiefar og ektemann

Det skjer tydelegvis større omveltingar i livet hans rundt 1860. Turen til Trondhjem var eit prov på stilling og status. Karrieren skaut fart. Med sikre innkomster var det på tide å finne eit viv!

Leiemålet hos Haslund heldt opp, og Botten-Hansen flytte i januar 1860 til Tandbergs Hotel i Tomtegade 8. Rekningane frå her viser ein mann som visste å leva godt, kylling, sigar, smørbrød, øl og biff var ofte på menyen. Papira viser ikkje korleis han trefte den utkåra, som heitte Johanna (Hanna) Evine, Karine Elisabeth Sang (1833–1917), dotter av soknepresten i Romedal Ole Chr. Sang og hustru Petronelle Elisabeth Kreutz. Han bur fortsatt på Tandbergs Hotel i mars 1861 og gifte seg om hausten same år.

Frå 1861 byrjar livet som forsørgjar og familiefar. Den 37 år gamle amanuensis, «erkehollenderen» Botten-Hansen fekk av kameratane tilnamnet Dotten-Hansen! Han leigde ein ny bustad i Haffners Gaard. Her måtte det møblerast standsmessig; innkjøp av Chaiselong og tolv stoler med svart damaskbetrekk (frå Møbelsnedker Richter), hos Guldsmed Thune vart det kjøpt tolv spiseskeier og tolv teskeier i sølv, så måtte ein ha skilderi og lysestakar, gipsfigurar og fleire bokhyller. Snart måtte det også kjøpast barnesenger frå A H Siewers! (Riksarkivet).

Mellom 1862 og 1868 kom det fire små barn til verden, og familiefaren sørgde for mat og klede, det vart reparert og kjøpt inn sko, støvlar, skinnstøvlar til «fruen» – men også nye bøker for mange tusen spd. Alt såg herleg ut for den unge familien. Universitetsbibliotekaren frå Sel hadde råd til sylv-ur, og da hans gamle husvert Haslund gjekk konkurs i 1867, kjøpte han inn kasser av fin vin (Julienne, Santerre, Muscatel) frå buet. 

 

Døydde brått av lungebetennelse

Så inntraff tragedien. Paul Botten-Hansen, ein mann i sin beste alder, 45 år gamal og frisk og veltrena, får lungebetennelse og døyr brått, 7. juli 1869. Enka, Hanna Sang Hansen sat att med fire barn, den yngste berre eit år gamal, det skulle vise seg at berre boksamlinga var noko verdt. Den var i 1859 forsikra for 1600 spd., no måtte denne seljast. Vennene trådde til, for bøkene var berre verdt 2000 spd., knapt nok til å dekke gjeld.

«Enken og Børnene imødeser en meget trykkende Fremtid, om der ikkje ydes nogen Hjælp» skriv dei i brev som blir sendt rundt frå «Botten-Hansens Venner». (Riksarkivet) Manglande innskot til Enkekassen gjorde at Hanna berre kunne motta 160 spd. i årleg stønad. I tillegg til dette brevet sendte venner i Det Akademiske Kollegium eit brev til Kongen (Oscar 1):

«Hans Liv har været helliget Literaturen, der bestandigt for ham, stod som det Maal, for hvilket han arbeidede med en aldrig svigtende Kjærlighed og Begeistring. Frå det første Skridt paa denne hans Livsbane har han ført en uafbrudt Kamp, der frå de trangeste Kaar hævede ham op til den Stilling ved Universitetet, som for ham var hans høieste Livsmaal. Det literære Organ, han som temmelig ung Student grundlagde, blev lidt efter lidt et Foreningspunkt for Landets bedste aandelige Kræfter – ”. (Riksarkivet)

Brevet vart avrunda med ein petisjon om støtte til enke og småbarn. Dette kom kongen i møte.

 

Litteraturliste:

Daae, Ludvig: Paul Botten Hansen, Kra., 1888

Forfang, Halvard Grude: Paul Botten Hansen og Hollenderkretsen, Litterat og boksamler i en nasjonal grotid. Et etterlatt manuskript. Oppland Distriktshøgskole Skriftserien, nr. 84 - 1990

Gjefsen, Truls: Peter Christen Asbjørnsen: diger og folkesæl, Oslo 2001

Halvorsen, H.B. m.fl. i Nordisk Conversationslexicon, København 1884

Hougen, Frik: ”Omgangsskolehaldaren Hans Hansen Pillarviken og heimbygda hans”, Edda, bd. XL, 1940, s. 337-423

Hougen, Frederik og Engebret: «Optegnelser fra Paul Botten-Hansens Ungdom og første Livsforholde», Riksarkivet, Arkivsamling Botten-Hansen, Paul .17 – L0002/0007. (Påtegnelse 1879 av Ludvig Daae: Efter Aftale med Forf. til min Afbenyttelse)

Koht, Halvdan: «Henrik Ibsen i Manden», Avh. Utgitt av Det Norske Videnskaps-Akademi, Oslo, 1928

Mørkhagen, Sverre: Ibsen – ”… den mærkelige Mand”, Oslo, 2019

Ording, Frederik: ”Henrik Ibsens vennekreds Det lærde Holland”, Oslo, 1927

Søegaard, Peter Munch: Kysten og Fjeldet,

Tveterås, Harald L.: "Botten-Hansens Huldrebryllupet og Ibsens Peer Gynt", Edda, vol. 67, 1967, ss. 247 -262

Winsnes, Andreas H.: Det norske selskab, Kra., 1924

Økland, Einar: "Dana folk: Paul Botten Hansen", Basar 3/79, ss. 70 – 73

Eit utvalg av Illustreret Nyhedsblad er gjennomgått. Desse er tilgjengelege på Universitetsbiblioteket og på Wikipededia.org

Nasjonalbiblioteket, Brevsamling nr 1, 10, 16, 65, 71, 119, 120, 143, 174, 200, 237, Ms. 8* 1198