Ein hyllest åt Sel - frå ein ottvær

Hei kjæntfolk! E æ selvær - frå Otta, hell Ottun, som dæ au bli sagt.  Og dæ æ e utruleg stålt tåFor me æ Sel å Otta alfa og omega.

Skrivi tå Per Erling Bakke, Otta

Denne artikkelen ble første gang publisert i Norddalen i 2012.

Otta fra nord.

Hei kjæntfolk! E æ selvær - frå Otta, hell Ottun, som dæ au bli sagt.  Og dæ æ e utruleg stålt tåFor me æ Sel å Otta alfa og omega.

Skrivi tå Per Erling Bakke, Otta

Denne artikkelen ble første gang publisert i Norddalen i 2012.

Per Erling Bakke

Per Erling Bakke

Hær æ e født, døypt, konfirmert, gift, å hær ha e budd eill mi tid. Og hær følgde e i fotsporom åt far min, å vart postmeinn. Posten vart arbeidsplassen min i någgå å førti år, og dæ ha e eilder angra på.

Otta – byen ved Rondane
Selsbygde å Otta fækk ei riktig så fin plassering da kartfolket sette kommuna vår på kartet. Hær må eille forbi, um døm ska kåmmå vidare, enten døm ska væstover, nord - hell sø té. Østover kein døm au dra, åt Mysusæter, å vidare på føtom, hell på ski, innover fjeillet mot Folldal og Alvdal Vestfjell, hell nordover gjennom Rondom.

Da Otta feira sine 100 år som stasjonsby i 1996, va dæ utlyst ei konkurranse um eit slagord som skul markedsføre Otta. E sende inn fleire forslag, å jammen va dæ e som veinn med mitt ”Stå upp i Otta, du au”. Og dæ ha e nå gjort i heile 83 år.

Andre premien gjekk åt ein frå Lillehammer, å dæ va ”Kom til Otta – se Sel”. Og dæ tykkje e va eit godt forslag, e. 
Ingen tå dessa to forslagom æ brukt nå, i dag æ det ”Otta – byen ved Rondane.

Sel æ mykje meir enn berre Otta
Sel ha så mykje å vise fram, tenk bærre på eille di fine gardom i Heidal`n som ligg på række når ein kjøre uppgjennom dal`n der. Og Høvringen da, upprinnlè ei sætergrend med 30 sætre der fleire tå sætereigarom starta mæ å ta i mot turiste såmmårstid og som te slutt enda upp som turistværte på fjellstuggu ell høgfjellshotell.

Å tvers over, på væstsida tå dal´n, ligg Horgen, der dæ i si tid va 12 sætre. Å bakum ligg tvillingtåppom Horgenosi å Blåhø (Jetta) som kjende landemerke, der Horgenosi danne grænsa mot Vågå og Dovre. Å du treng kje upppå døm for å sjå søover mot Sel hell nord åt Dovrebygde. Og Rondom, ser ein nesten såmmå kårr ein æ.

Otta og fjellom mine
Eitt tå di mæst naturskjønne syn e veit um, æ når e fær ette gang- å sykkelvegen søover frå Selsverket. Da ser e fjellom som ligg nesten som ein festning og liksom vaktar um ottagryta.

I sør ligg Skjærdalsfjell, lite væst ligg vår legendariske Pillarguritopp, der ungjenta Guri bles i lur´n, å varsla skottom sitt inntog for 400 år sida. Någre ”steinkast” væstafor ligg Thokampen, mæ hytta has Marcello Haugen som ´n sette upp i 1915, å som ´n ga navnet ”Borgen Sameti”. Å der nykyl´n heng over døre.

Å heilt i væst ligg Veggumskampen å liksom stenge mot vagværom. 

Å i nord –  Formokampen – landemerke når du kjøm synnanté. Å når e står på tåppen der (1429 m.o.h.), ha e eitt fantastisk utsyn i eille himmilrætninge, mæ Ottaby`n langt i sør. 

Å snur e me østover, så har e Rondom heilt inn på me. Dæ æ som e berre kein strække ut hændom å tå døm innåt me, å si med  værs - og visediktar`n Ole Arnfinn Torgersrud: 
Rondane er fjellan mine

Kultur og aktivitete
Sel kommune har goe tilbud åt oss som bur her. Di to - tri siste årom ha Otta fått både kulturhus å  minisjukehus, hell Nord- Gudbrandsdal Lokalmedisinske Senter som dæ egentleg keillast. Dæ æ lagt upp fotture te 15 forskjellige turmål kårr sommår (Fysak). 

Og kulturlivet i Sel blomstra. Sel kulturskole har tilbud inna fleire aktivitete der di unge kein vælja millom forskjellig slag musikk, pluss sang, dans, teater, drama, tegning å måling. Ungdomsmusikalen for Nord - Gudbrandsdal æ vorte eit kulturarrangement av og for ungdom frå heile dal´n. 12. april neste år æ dæ premiere på rockeoperaen Rent i Otta Kulturhus. Tå tidligare uppsettinge ha det millom anna vore Hair, Grease, Jesus Christ Superstar, Footloose, Boogie nights å Bach to the 80’s,

Andre faste årlege kultur – og underhåldnings arrangement æ Dansefestivalen på Sel, (sju dågå), Kristindagene på Jørundgard (Sel, fem dågå), Eventyrfestivalen i Heidal (fem dågå),  Ope Hælg (Heidal -tri dågå)  å på Sjoa har ”Kjøpmeinn på Sjoa” sin årlege Troll – og trefestival (tri dågå). Og Ottamartnan da, nå fløtt inn i sentrum, å berre over tri dågå – siste helgje i september.

2012 - året Otta vart sætt på kartet
I tillegg te alt detta har lokale aktøre i Sel vore arrangør tå Landskappleiken som va på Otta di fæm siste dågån tå juni månad. Å så feira oss Rondane 50 år, å dæ jekk mæst over heile såmmår`n. Å ikkje å forgløyme ”Kringen 1612 – 2012”. Markeringe jekk over fleire dågå.

Å så va dæ denna pakka da, som skul åpnast ette å vore gjømt i 100 år. På umslaget hadde tidligare ordførar i Sel, Johan Nygaard skrivi: 

Kringen og Kringenfesten 26 de august 1912. Kan aabnes i 2012. 

Å pakka va forsegla mæ lakk mæ Nygaards eget signet.

I pakka va det millom anna eit æksemplar tå Lillehammer Tilskuer frå 1919. Så da va dæ kje riktogt 100 år leill da, men løyle va dæ. Å Otta vart virkeleg sætt på kartet, så væl innalands som utalands.

Någre ord te slutt
Nå tykkje sikkert mange at detta vart væl mykje skryt um Sel. Men dæ nå slik e ser de, da. 
Å lura nuggun på kå té norsk e ha brukt, så æ dæ berre slik e sjøl prata, – ottvær.

Hyllest åt Rondein

Ole Arnfinn Torgersrud (1917–1974) va frå Gausdal. Alt på slutten tå 30-talet dukka´n upp med visom sine i lokalavisom. Ette kårrt vart bygdelivet tema i visom og versom has. Torgersrud va lærer i fleire år før`n jekk åt journalistikken. Fyrst i Dølabladet på Otta, etterpå i Dagningen, der`n arbeidde på Ottakontoret te lite ut på 60-tallet. I 1956 ga`n ut diktsamlinga ”Det gol ein gauk” Den kåm i nytt upplag i 2001, denna gongen mæ fleire dikt som ikje ha vore trykt før. Torgersrud æ au kjent som redaktør i fleire år tå Årbok for Gudbrandsdalen.

 Lengselsfjellan æ frå diktsamlinga has å æ gjett at mæ tillatels tå sønnen Halvor Torgersrud.

Lengselsfjellan

Av Ole Arnfinn Torgersrud

Rondane vart fjellan mine
fyste gongen eg  fekk sjå døm.
Alder såg eg fjell så fine.
Og mitt ønskje vart å nå døm.
Om døm låg så avlangt unda
høgdom her på heimestellom,
gjekk eg sia støtt og stunda
mot ein vår i Rondefjellom.

Frå hårt fjell i bygdom våre
lokka støtt det såmmå synet.
Rondane som kvite, klåre
lengselsfjell mot himmelbrynet.
Og ein vårblank påskemårå
vart min lengsel meir enn drømmer.
Eg fekk gli på glitreskårå
mot ein dag eg aldri glømmer.

Gli på flate fjell og flyer
inn mot Rondom. Å, for under.
Heilt te raude fjellsolskyer
varsla kveld og kvilestunder.
Mange år som følgde etter
vart det såmmå turan ofte
over kvite, stille sletter
og i stigning opp mot Loftet.

Rondeturan gav meg någå
som eg alder meir vil miste.
Skjerillhø i vårblå dågå
vart det vakreste eg visste.
Der var freden god å finne
hår eg vandra kring og svinga.
I frå Rondom livi minne
som små lykkebån i bringa.

Og når året snur mot vår att,
lokke desse fjell og dalar.
Ånda etter Vinje går att
evig der, og syng og talar.
Og når eg ein gong skal kvelde
vil eg sist sjå vårfjell skine.
Rondane er lengselsfjellet.
Rondane er fjellan mine.

Denne artikkelen ble første gang publisert i Norddalen i 2012 og her på Selhistorie.no 30. august 2013.
____________________________________________________________________