Lokalhistorien fra Sel kommune finner du på selhistorie.no

"Fra fortid til framtid"

selhistorie.no/forsiden

Språkblanding på Otta på 1950-talet

Otta sentrum fotografert i 1955.

Det var stor grad av språkblanding på Otta på 1950-talet, og det var lett å høyre skilnad på kven som kom frå stasjonsbyen og dei som budde like utanfor. Det skriv den utflytta ottaværen, professor Rolv Mikkel Blakar. På 1970-talet skreiv han boka Språk er makt, ein tittel som fortel mykje om kjernen i desse sosiale og språklege prosessane.

Av Rolv Mikkel Blakar, Oslo

Eg har mistanke om at interessa mi for språkbruk og kommunikasjon, som alltid har vore forskingstemaet mitt ved Universitetet i Oslo, vart vekt da eg som niåring flytte frå Lom til Otta.

Tilflytting og gjennomtrekk
Tidleg på 50-talet var Otta ein typisk stasjonsby. Eit særtrekk ved stasjonsbyen var stor tilflytting og ein viss gjennomtrekk. Folk flytte inn, budde der ei tid og flytte vidare til ein annan stad.

Det betydde at Otta som stasjonsby fekk stor grad av språkblanding. I klasserommet og skulegarden var det lett å høyre skilnad på elevar frå stasjonsbyen og dei som budde like utanfor.

Bymålet gav status
Dette er imidlertid berre bakteppe for det som vekte mi interesse for språkbruk. Det som opna augo mine var fylgjande: Flytte det inn ein frå Oslo, Trondheim eller andre stader langt unna, fekk vedkomande status på grunn av språket sitt. Dei andre prøvde å ta etter ord og uttrykk frå Oslo- eller Trondheimsmålet eller kvar det nå var den langvegsfarande kom frå.

Rolv Mikkel Blakar (f. 1944), professor ved Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo, skildrar her sitt møte med Otta, som han flytta til frå Lom som niåring.

Han skriv om korleis dette møtet har vore med å forme nokre av dei tema har har forska på.

Ikkje slik med meg som kom frå nabobygda Lom. Når eg skulle ertast, var det ikkje sjeldan språket mitt, ord og dialektuttrykk eg brukte, som vart latterleggjort. Når dei hermde språket til han eller henne som flytte inn frå Oslo, var det med respekt, for å lære eit nytt uttrykk med status. Når andre hermde mine ord og uttrykk frå Lom, var det tvert i mot for å latterleggjere meg.

Skreiv om språket som maktfaktor

Den kanskje mest kjende boka mi, Språk er makt, har ein tittel som fortel mykje om kjernen i desse sosiale og språklege prosessane. For den som måtte vere interessert: Boka fortel sjølvsagt meir enn tittelen.

For ikkje å verte misforstått, trass i ei smule mobbing – eit ord som enda ikkje var innført – for dialekten min, har eg stort sett berre trivlege minne frå ungdomstida mi på Otta.

Fotballen dominerte
Den aktiviteten som dominerte livet mitt, var fotball. Eg var vel ikkje fotballidiot, men ikkje langt unna. Otta hadde gjennom siste del av 50- og første del av 60-talet eit godt og utviklande fotballmiljø.

Når eg, som har barndommen min i Lom og ungdommen min på Otta, tar eit ”skråblikk heimatt”, opplever eg det reint uvirkeleg at Lom har operert i høgare divisjonar enn Otta. Slikt er uforståeleg! Men kanskje har det gjeve lomsdialekten høgare status på Otta?

”Hvor kommer du frå?”
I tillegg til kontakt med familie og slekt er det særleg to ting som gjennom åra har knytt meg til Gudbrands-

Ny og sterkt utvida utgåve av boka som fyrste gong kom i 1973:

Blakar, Rolv Mikkel (2006). Språk er makt. (Vitenskapelig antologi) Pax Forlag.
ISBN 82-530-2851-2. 296 s.

Les omtale av boka her

dalen og Otta: Hytta på Mysusæter og det evinnelege spørsmålet: ”Hvor kommer du fra”, når eg har halde foredrag og brukt talemålet mitt i det offentlege rom.

Når du har levd barndommen din i Lom, ungdommen din på Otta og livet ditt på Blindern, kan du neppe unngå å få eit blandingsspråk Dersom eg ikkje er i det ertelystne hjørnet, er svaret mitt: ”Kvar trur du?”

Resulterer i ein gjetteleik
Det resulterer i ein gjetteleik der Gudbrandsdalen som regel kjem raskt som forslag, men ikkje sjeldan etter Telemark. Da trøystar eg med at det er eit godt feiltips, for gudbrandsdalsdialekt og telemarkmål har fellestrekk. Dei som ikkje nøyer seg med det og vil ha ei nøyare lokalisering, får vite at ”nå vert det vanskeleg”, for eg har budd to stader i dalen.

Når eg er i det ertelystne hjørnet, svarer eg at eg er frå Holmenkollåsen, for der har eg budd storparten av livet mitt. Men det er eit svar som meir enn ein har vorte provosert av. Når folk spør kvar du kjem frå, meiner dei eigentleg: ”Kvar er du fødd?” Heldigvis, ennå har eg att såpass av det opprinnelege gudbrandsdalsmålet mitt at ingen lar seg lure.

Har standardisert til nynorsk
Mitt forsøk på å berge det opprinnelege talemålet mitt har vore å standardisere mot nynorsk, som ligg mykje nærare gudbrandsdalsdialektane enn det dominerande majoritetsspråket, bokmål – for det er vanskeleg for oss minoritetar å ta vare på vår språklege identitet.

Denne artikkelen er første gang publisert i lokalavisa Vigga 24. januar 2008 under vignetten "Skråblikk heimatt"
(Avsnitta i artikkelen er flytta litt på i forhold til orginalartikkelen.)
______________________________________________________________________

selhistorie.no er et nettsted i regi av Kjell Arne Bakke, opprinnelig fra Otta, nå bosatt i Oslo. Artiklene på denne nettsiden tar utgangspunkt i allerede papirpubliserte artikler av hans far, Per Erling Bakke, og stoff fra Ulvoldenslekta fra Selsverket i Sel kommune.

...

selhistorie.no har et samarbeid med næravisa Norddalen på Otta om gjensidig utveksling av lokalhistorisk stoff.

Nettsiden tar i mot også andre lokalhistoriske bidrag.

Les mer om de lokalhistoriske artiklene her.

Denne siden ble sist oppdatert 15. desember 2009.

Tilbakemeldinger og artikler til vurdering sendes redaksjonen@selhistorie.no

Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Bakke, Solligrenda 52, 0491 Oslo