Lokalhistorien fra Sel kommune finner du på selhistorie.no

"Fra fortid til framtid"

Skoleplan Heidal 1916:

Flid og ”sedelig opførsel”

selhistorie.no/forsiden

Av Truls Gjefsen, næravisa Norddalen, Otta

Dei gjekk på skulen berre 12–15 veker i året. Men likevel hadde borna i Heidal mykje å lære, fortel skuleplanen deira.

”Skoleplan for Hedalens skolekommune” vart vedteken på eit skulestyremøte 29. april 1916. Han gjev eit godt bilete av måla for den folkeskulen som vart innført i 1889. Skulen skulle ikkje lenger berre vera førebuing til konfirmasjonen, men gje ei god allmennutdanning for det moderne samfunnet.

Norsk viktigaste faget

Norsk var det viktigaste faget, med om lag tredjeparten av timane på alle steg. Elevane skulle øvast til ”Nøiagtig og sikker læsning av riksmaal og landsmaal med naturlig betoning.” Dei måtte ikkje lesa ”jagende, syngende eller stivt”, vart det presisert. Elles skulle dei kunna meistre gjenfortelling og kunna skrive forteljande stykke. ”Normalt begavede barn bør bringes saa langt, at de kan skrive nogenlunde ortografisk rigtig.” Dei andre var det kan hende ikkje så farleg med?

Rekning

Rekning var òg viktig. Og alt på andre steget skulle elevane arbeide med ”De fire regningsarter inden talrækken 1–1.000.000 med to- og tresifret multiplikator og divisor.” I dag treng vel elevane kalkulator for å kunna gjera slikt til langt opp i skulen.

Anskuelsesundervisning

Eit interessant fag var ”Anskuelsesundervisning”, som dei hadde dei tre første åra. Det handlar om ”Iagttagelse av og samtale om dyr, planter, gjenstande, arbeider og lignende i barnets omgivelser.” Ved nærmare ettersyn er det på mange vis likt det moderne o-faget, med både naturfag, geografi og historie bakt inn. På dei høgare stega var desse sjølvstendige fag, der mykje skulle gjennomgåast.

Det blir ofte vist til ”samtale og flittig bruk av anskuelsesmidler” i planen. Det var den moderne pedagogikken på denne tida; den gamle embetsmannsstatens puggeskule var eit tilbakelagt stadium.

Kristendomskunnskap

Men det var eitt unntak, kristendomskunnskapen. Her skulle ”Morgen-, aften- og bordbønner samt en del av skolestyret fastsatte salmer og salmevers læres.” For ikkje å snakke om Thorvald Klaveness si forklaring til dei fem delane i katekismen frå 1898. Det var truleg drygt å lære utanåt for ungane. Men så var da òg kristendomskunnskap det viktigaste faget etter norsk og rekning, rekna etter timetalet.

Skjønnskrift

Skjønnskrift var òg eit viktig fag, med mange veketimar gjennom alle sju åra. To timar song høyrde med. Ein måtte jo lære ”De ved gudstjenesten mest brukelige salmemelodier, de vigtigste fædrelandssange” og ”Responsorierne”, det vil seie vekselsongen i kyrkja.

Gymnastikk

Fyrst i fjerde klasse var det på sin plass med ein time gymnastikk i veka. Det var sjølvsagt berre for gutane, men jentene hadde ”anledning til at delta i skiutflugter.” Skiljet mellom kjønna viste seg òg i at jentene lærte handarbeid mens gutane hadde sløyd. Det høvde enno bra med kva kvinner og menn gjorde i bygdesamfunnet på denne tida.

Strenge krav

Krava til at læraren skulle passe tida og gjera jobben sin, var strenge. Godt var det at han òg skulle ”beflitte seg paa at behandle barnene med kjærlighet og alvor”. Lykkast han, ville elevane vise ”flid, orden, sanddruhet, lydighet og sedelig opførsel”. Gjorde dei ikkje det, var det aktuelt å stengje dei ute frå skulen. At skuleplanen inneheld eit punkt om eventuelle konfliktar med foreldra, var kan hende ikkje så merkeleg. Det handla mykje om at ungane ofte vart haldne heime for å arbeide på garden.

Ulikheiter

Vi vil tru at det vart folk av ungane i Øvre og Nedre Heidal den gongen, òg. Det var kan hende verre med dei frå Skogbygda, for dei fekk eitt år mindre i skulen enn dei andre.

Denne artikkelen er skrevet av Truls Gjefsen og er tidligere publisert i næravisa Norddalen.

_________________________________________________________________________________________________________________________

selhistorie.no er et nettsted i regi av Kjell Arne Bakke, opprinnelig fra Otta, nå bosatt i Oslo. Artiklene på denne nettsiden tar utgangspunkt i allerede papirpubliserte artikler av hans far, Per Erling Bakke, og stoff fra Ulvoldenslekta fra Selsverket i Sel kommune.

...

selhistorie.no har et samarbeid med næravisa Norddalen på Otta om gjensidig utveksling av lokalhistorisk stoff.

Nettsiden tar i mot også andre lokalhistoriske bidrag.

Les mer om de lokalhistoriske artiklene her.

Denne siden ble sist oppdatert 4. oktober 2007.

Tilbakemeldinger og artikler til vurdering sendes redaksjonen@selhistorie.no

Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Bakke, Sinsenveien 71, 0586 Oslo

casinos online


casinos online