Det har vore handel på Bjølstadmo sida 1869 Med si sentrale plassering vart Bjølstadmo tidlig ein naturlig samlingsstad for bygdefolket i Heidal, med krambu alt i 1869. Her var det kafé og hit kom lasskjørerene (ferdmennene) etter dei hadde vore i dølabyen for å hente varer. Da Jon Garmo overtok butikken tok han firmanavnet Johs. Garmo Eftf, slik dette bildet fra 1993 viser. Butikken hadde da fortsatt manufaktur og jernvarer som en del av vareutvalget. Der det er handel møtes bygdefolket, og det gjorde de sannelig da butikken som ledd i sin markedsføring inviterte til grillselskap en sommerdag dette året. Foto utlånt av Jon Garmo.
Handelen i Bjølstadmo Krambu på Midtre Åseng i 1869 Det var vanskelege tider, og det gjekk ikkje sa bra med handelen for vesle-Moen. Han gjekk konkurs, og på kontoen hans hjå Bergseng på Lillehammer stod det "oppgjort og avgått ved døden". Etter at han døydde reiste enkja med fem ungar til Amerika. Som så mange andre på den tida, såg dei vel ingen annan utveg. Har en hus får en au kjerring Nå da han hadde eige husvære laut han ha kjerring til å stelle og. Heilt ubudd var han nok ikkje, for han hadde allereie to søner med ei gjente fra Runningen. Men han hadde og eit godt auga til ei som heitte Synne, og valet vart vanskeleg. "Dei fekk kappspringe til kyrkja, så tok han den som kom fyrst", er det hermt etter han! Synne vann, og dei budde i Mo til sin døyand'dag. Dei fekk ein einaste son, og som vaksen reiste han ut og busette seg på Vestlandet. Ingen høyrde noko fra han, og han sette aldri sin fot i Heidal meir. Foreldra døydde rundt årsskifte 190910 med eit par vekers mellomrom, og han kom ikkje eingong til gravferda. Johs. Garmo og Pål Prestgard ordna med auksjon etter Ola og Synne. Pengane fra auksjonen vart sende til sonen, og det vart sett opp ein kross pa grava deira. På leit etter røtene sine Denne stugu vart bygd på ca. 1930, med svalgang på to sider og tropp opp til eit kvistrom. Syverine og Nikoline Treteng flytta inn og budde der. Nikoline døydde i mars 1948, og Syverine budde i "Synne-stugu" til 1955. Da vart stugu seld til John Andersen og flytta til nedre Heidal, like opp for Storøygardsbrua. Etter at John døydde vart stugu seld til Heyerdahl jr. son til den kjende Thor Heyerdahl og flytta til Lillehammer. Hovsløkkens landhandleri I 1880-åra kom ein kar fra Ruste ved Vinstra, Amundsen Hovsløkken og tok opp att verksemda. Han bygde ei tvihøg stugu og opna butikk i fyrste høgda under namnet Hovsløkkens landhandleri. Til og med kjellaren var tømra, og råmen tæra sjø1vsagt hardt på trevyrke under jorda og veggene råtna etter kvart. Amundsen var og styrar pa Kruke som på den tid var eigd av eit Oslo-firma. Firmaet gjekk konkurs, og det fekk og fylgjer for Hovsløkkens landhandleri. Dette var i midten av 1890-åra, og Bjølstad overtok huset og brukte det til overnattingsrom for sumargjestar. Det var kanskje fyrste tilbod om "bondegårdsferie", som har vorte populært for byfolk att i våre dagar. I Mo heng det eit bilete fra 1896 av den gamle "butikken". Det var ikkje tilfeldig fotografering (det var vel ikkje noko bilete pa den tida!). Prins Gustav av Sverike skulle på reinsjakt ved Randsverk, og han overnatta på Bjølstad. På biletet er det samla ein heil flokk med byfolk (feriegjestar), og dei hadde laga ein flott portal av lauv og med ein stor G i midten til ære for prinsen. Bak på biletet er festa eit utklypp fra "Gudbrandsdø1en" der det celebre besøk er omtala. Einaste heidøl ein kjenner på biletet er Ymbjørg Aaseng (bestemor til Semon Prestgard). Johannes Garmo hadde allsidig handelspraksis
I 1931 fekk endeleg Johs. Garmo kjøpt eigedomen Bjølstadmo med jordet inntil, kalla Båshaugen, ein skogteig nordpå skogen og ein synnafor husa, alt for kr 25.000. I 1926 overtok Johs. Garmo garden Søre Ekre og dreiv garden med gardsbestyrer intil dottera Sigrid Heringstad og familien overtok sist i 40-åra. Det må og nemnast at i 1923 kjøpte Øistein Garmo den fyrste bilen, ein T-Ford, til å køyra varer fra Sjoa. Det var ikkje mange bilar å sjå etter vegen i Heidal den gongen, så det var ingen tvil om kven det var når det dukka opp slike køyrety! Garmobutikken inn i nye lokaler På Bjølstad dreiv ein Kristiansen fra Lillehammer og restaurerte dei gamle husa, og han tok på seg heile butikkbygget for 3000 kroner. Han leigde Hans Granrud og Eilev Dypdalen til å tømre, og etter akkorden vart det ti kroner dagen på dei. Det var støypt kjellar under heile huset, med rom for varelager. Kristiansen sjø1v stod for panelinga, og det gjekk raskt unna. Han arbeidde rasjonelt, kappa opp panel i ferdige lengder og slo på mesta alt på ein dag! Mathias Fjerdingren snekra diskar og hyller, og på lageret skulle det vera mjølbøler. I oktober stod den nye butikken klar, og dei kunne flytta inn frå låven og ynskja kundane velkomne til litt varmare lokaler. Kona til Johs., Borghild f. Treteng, fekk ikkje oppleva denne store dagen. Ho døydde i 1926, 56 år gamal. Tørkestugu for korn (tørs´stugu) var gjerne plassert eit stykke frå garden på grunn av brannfaren. Bjølstad hadde tørs'stugu der ysteriet nå ligg. Ho laut vika plassen for ysteribygget ca. 1920, og Johs. Garmo kjøpte stugu og sette ho opp som lagerbu i Mo. Det var to høgder med utvendig tropp opp til loftet. I fyrste høgda var det mjøllager, og på loftet var det papirvarer og leirty. Etter kvart hadde tørs'stugu utspelt si rolle som lagerplass, og i 1979 kjøpte Riksantikvaren stugu og sette ho opp att på Bjølstad. Såleis kom tørsstugu frå 1783 attende til sitt rette miljø, og eit moderne garasjebygg fekk plassen etter henne. Gudshus vart lagerhus Garmo starta filial på Leirflata I april 1945 vart Johan Stebergløkken medeigar og styrar av Leirbua. Han gjekk inn med kr 3000 og Øistein Garmo med kr 6000. Johan hadde løn på kr 175,- pr. månad, og eit mogleg overskot skulle delast med 1/3 på han og 2/3 pa Øistein. I 1948 kjøpte Johan ut Øistein og vart sjø1eigar av Leirbu Handel. Øistein Garmo tek over og bygger ut I 1951 bygde Øistein stort, nytt lagerhus på andre sida av vegen og i 1955 nytt bustadhus inntil butikken. Året etter vart butikken ombygd. Lagerromet og kontoret vart rivi i hop, slik at heile flata vart butikklokale. Store speglglasruter endra fasaden, og inngangen vart flytta rundt hjørnet. Ein av dei gamle diskane med sirlege rader med skuffer til salt, sukker, rosiner, mandlar og mykje anna, vart seld til Maihaugen. Jon Garmo fornyer og bygger ut
I dag er Johs. Garmo Eftf. ei moderne forretningsverksemd med eit varespekter fra knappenåler til bygningsvarer, og alt ein treng til dagens hushald. Ei stor utvikling har gått føre seg sidan handelen tok til i Bjølstadmo for ca. 120 år sidan, og det er fint at gammelstugu står att som eit minne om starten. Dei to siste drivarane
Teksten nedskrivi i september 1988 etter forteljing av Øistein Garmo, Mari Jensløkken, f. Ringen Så langt historia om handelen i Bjølstadmo slik Mari Jensløkken skreiv den i 1988 og som hun velvilligst har stilt til vår rådighet. Artikkelen er tidigere publisert "I Heidalé" for flere år siden. Utgiver av bladet var Heidal Heimbygdslag. Mellomtitlene er sett til av selhistorie.no. Identitetskort fra krigens dager Johannes Garmo Øistein Garmo
Arkivet av utstedte legitimasjonskort for Sel og Heidal var opprinneleg lagra på lensmannskontoret på Otta. Det befinn seg nå på Statsarkivet i Hamar. Før arkivet vart overlevert til Statsarkivet fekk imidlertid historielaga i Sel lov til å avfotografere kvart enkelt kort. Heidal Historielag har avfotografert korta frå Heidal. Dei er tilgjengelege på lagets heimeeside, og det er frå der desse to korta er henta. ______________________________________________________________________ selhistorie.no er et nettsted i regi av Kjell Arne Bakke, opprinnelig fra Otta, nå bosatt i Oslo. Artiklene på denne nettsiden tar utgangspunkt i artikler av hans far, Per Erling Bakke, og stoff fra Ulvoldenslekta fra Selsverket i Sel kommune. selhistorie.no har et samarbeid med otta2000.com, Sel Historielag og næravisa Norddalen på Otta om utveksling av lokalhistorisk stoff. Nettsiden tar i mot også andre lokalhistoriske bidrag og bilder. Organisasjonsnummer 990 783 624 Les mer om de lokalhistoriske artiklene her. Denne siden ble sist oppdatert Tilbakemeldinger og artikler til vurdering sendes redaksjonen@selhistorie.no Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Bakke, Solligrenda 52, 0491 Oslo |