Friminutt og leik

I friminuttane skjedde mykje, både på godt og vondt. Ei slo til læraren i staden for å slå ballen. Om det var med vilje, er ikkje godt å si.

Av Ove Kristian Haugaløkken

Artikkel fortset nedanfor bildet.

Klassekameratane Stein Roger Enger, Gerd Vårhus, Inge Nygård, Astrid Hessen, Reidun Stenersen

Reidun satte seg i respekt

Artikkel 22 av 26: På skulen hos Kvåle kunne erting av jentene få alvorlege følgjer med straffevers. Om det vart oppdaga. Dei sladra sjeldan. Ein gong hadde Stein Roger Enger erta Reidun Stenersen heile friminuttet. Stein Roger var sterk og gjekk ikkje av vegen for ein slåstkamp. Det var fåe som turde yppe seg mot han. 

Reidun var humørfylt og lett på foten, men på veg opp trappa etter friminuttet fekk Reidun nok av ertinga. Da Stein Roger kom bak og stadig dreiv og nappa i henne, spende ho rett bakover med eine foten så Stein Roger mista pusten. Eg hugsar vi gutane fekk enorm respekt for Reidun etter dette. Det var ingen som tok sjansen på å få henne sint ein gong til.


Kasta på stikka og ball på vegg

I friminutta vår og haust kunne vi gutane kaste på stikka, og jentene kasta ball mot veggen. Vi kunne også kaste stikkball og slå ball, og der var vi saman både gutar og jenter. Fyrst måtte det veljast lag. Det var sjølvsagt dei raskaste og dei som kasta hardast som vart valde fyrst. Eg var blant dei som vart vald sist, for eg var nærsynt, ikkje spesielt rask til å springe, og hadde anlegg for astma. 

Det å ha Stein Roger, Erling Engemoen eller Ole Jørgen Resset på laget mot seg var ingen spøk. Ikkje Reidun Stenersen heller, for ho var svært rask og kasta ballen med ein slik snert at det kunne slå været ut av ein nærsynt stakkar som ikkje greidde å ta imot. Og eg såg aldri ballen før det var for seint. Da vart eg ”stokkje”, som det heitte, og fylgde gjerne resten av desse kampane frå sidelina.


Slo ikkje ball, men læraren

Ein gong vi skulle slå ball skulle ein av lærarane ”gje opp”. Det gjekk ut på å halde fram ballen slik at han med ballkjevlet kunne ta mål, det vil si å finne passeleg avstand til ballen. Så vart ballen kasta opp i lufta og han med ballkjevlet kunne slå til. 

Eg hugsar ikkje kven som slo, og eg hugsar ikkje kva for ein lærar det var heller. Men eg trur at denne eleven hadde eit lite agg til akkurat denne læraren, så han slo før læraren fekk trekt til seg handa og dreiv til han over fingertuppane så læraren berre trippa rundt og heldt i fingrane sine. Vi venta oss det verste av straff. Om han ikkje var like blid, så tok læraren det med fatning. Hendinga vart oppfatta som eit uhell. Eg trur ikkje vi turde å skratte – før etterpå.


Mykje å skratta av

Og det er det eg av og til gjer, ler litt vemodig for meg sjølv, når eg kjem på desse og andre episodar fru skuledagane så mange år etter. Eg har treft att gamle klassekameratar, og mange har nok ulike oppfatningar både av lærarane og skuletida. Men vi menneske har ei eiga evne til å hugse best det som var triveleg eller morosamt, og kanske sjå det komiske i situasjonar som var vanskelege – som der vi fekk straffevers. 

Så det endar gjerne med at vi ler litt i lag over det vi minnest – det var mest glede. Sjølv om eg trur at den skulen ungane på Otta får oppleva i dag på mange måtar er enda betre.

Denne artikkelen er del 22 i serien Otta i femtiårom av Ove Kristian Haugaløkken.

Klassekameratane Reidun Stenersen og Kari Hølmo.