Direkte telefonline og kjøkenteater

Frå oppveksten på Hjelljordet på femtitalet: Indianar og cowboy, skuespel, julegrantenning og eige telefonline mellom nabohusa.

Av Ove Kristian Haugaløkken

Artikkelen fortset nedanfor bildet.

Arne Gundersen og eg som indianarar. Anne Lise Tiller, som budde på Hjelljordet eit par år, var cowboyjente.

Artikkel 24 av 26: Arne Gundersen og eg, som var naboar, var ofte saman om dagane og fann på både det eine og det andre. Vi leikte ofte indianer og cowboy. Ragnhild hadde helst ei viktig rolle som indianerprinsesse. Det passa ho godt til, med det lange svarte håret sitt. 


Direkte telefonsamband

Arne og eg hadde direkte telefonsamband. Far hadde fått tak i eit gammalt telefonapparat, av den typen som hekk på veggen. Arne hadde eitt liknande. Så var det å kople dei saman. Vi gjekk ned til telegrafen på Otta, og spurde om dei hadde noko telefonledning til overs. Eg trur det var Gråberg, linjemontør i Telegrafverket, som var med oss bort på eit lagerrom der det stod ledningsrestar som dei ikkje hadde bruk for. Vi fekk ein bunt som vi tok med oss heim og strekte opp over vegen mellom husa. 

Nå kunne vi kontakte kvarandre når på døgnet det skulle vera. Vi kunne ringe til kvarandre og foreslå kvar vi skulle høyre på barnetimen i lag laurdagseftan, og direktelina vart også brukt til å be naboane på kaffe. Telefonen hekk ute i gangen. 

Ein kveld ringde syster hans, Ragnhild til meg. Eg var sikker på at det som vanleg var Arne, men i telefonen høyrde eg berre uling og rare lydar. Og så stemma hennar Ragnhild: ”Det spøkje her, Ove. Døm driv inni klæ-kotte å over alt! Du må kåmå!” Eg var frykteleg mørkredd, livredd for både nøkken, busin og skrømt, og det visste Ragnhild. Eg gjekk ikkje dit den kvelden, men fjaska meg skjelven innatt på kjøkenet til ho mor der det var ljost og varmt.


Lokale teaterframsyningar

Ein vinter var vi svært opptatt med å laga lokale teaterframsyningar. Scenen var kjøkenet heime hos Arne. Skuespelargarderoben var i soveromet. Der fann vi også hattar og klesplagg som vi kunne kle oss ut med. Det var Arne og eg som både fann på sketsjane og framførde dei. Publikum var Pauline, Gunvald og Ragnhild. Gunvald var ideell som publikum. Vi hadde dramatisert vitsar vi hadde høyrt eller sett i vekeblada, og Gunvald lo så han rista. 

Til sist ville han sjølv vera med som skuespelar. Han tok rolla som prest i ein sketsj, og han hadde funne seg eit tøystykke, det var bleikt rosa med kvite prikkar på, som han hengde over akslene som prestekjol. Han gjekk heilt inn i rolla, alvorstyngd og formanande. ”Nu, mine børn!” sa han. ”Nei, nei, gutter”, sa han så. Det var ellevilt morosamt.


Julenisse med skuespelartalent

Gunvald, som framførde Mjøsvisen med like stor innleving og patos som då han var prest i grendeteatret, var eit skuespelartalent. Ei anna stor rolle han hadde var som julenisse på den tradisjonelle tenninga av julegrana på Hjelljordet. Det skulle vera hemmeleg kven nissen var, men eg fekk veta det fordi far hjelpte Gunvald med å kle seg ut. Gunvald gjekk inn i rollen med ein gong han hadde fått på seg skjegget, og prata og lo slik ein julenisse skal. 

Lenge før tilstelninga starta gjekk han med gavesekken og ein kjelke opp den smale bratte stigen som kom ned rett ovanfor Hjell-garden, den hø-karane brukte. Og når ungar og vaksne var samla rundt treet, og lysa var tent så det syntest utover heile Otta, høyrde vi det hua og ropte ovanfor Hjellum. Det var Gråndalsnissin – julenissen Gunvald – som kom på kjelken sin. Og så kom han ned til treet der vi stod, med morosame fakter og kommentarar. 

Sjølvsagt kjende alle han att. Men det gjorde ikkje noko – Gunvald heldt seg i rollen som stor og rund nisse og likte seg midt i flokken av ungar der han stod og delte ut posar med godter.

Denne artikkelen er del 24 i serien Otta i femtiårom av Ove Kristian Haugaløkken.