Heile grenda som leikeplass

Alle kjende kvarandre på Hjelljordet. Fleire av dei vaksne karane arbeidde i skiferbrota på Pillarguri. Til helga kom dei heim att, dei rende på ein kjelke langs ein sti som ned ovnfor Hjellgarden.

Av Ove Kristian Haugaløkken

Artikkel fortset nedanfor bildet.

Postkort av Hjelljordet, mot Otta frå 1949.


Heim att til Hjellongein og flatongein

Artikkel 23 av 26: Hjelljordet var ei grend for seg sjølv. Og er det kanskje fremdeles? Alle kjende kvarandre. Fleire av dei vaksne karane som budde på Hjellum arbeidde i skiferbrota på Pillarguri, eller berre ”uppå høn”, som vi kalla det (Hjell-høn). På den tida laut hø-karein bu i brakke på fjellet heile veka, og kom ned til bygda i helga. 

Om vinteren rende dei seg på kjelke frå Pillarguri, langs ein stig som kom ned ovanfor Hjellgarden. Vi ungane stod ute og såg oppover og venta. Det var mørkt når dei kom rennande ned, og hø-karein hua slik at vi skulle høyre at nå var dei på veg heim. Det gnistra under kjelkemeiene deira. Da visste vi at nå var det snart helg. Nokre av hø-karane budde nede på flaten, som vi kalla det. Det var området synna Ottaelva, så dei rende seg vidare. Heim til ungane sine. 

Ungane som budde nede på flaten kalla vi flatongein. Vi som budde på Hjelljordet var omtala som Hjellongein. Det var som om det skulle vore ulike stammer – morosamt å tenkje attende på etter som vi hadde venner og slektningar både på flaten og på Hjellum. Men det var vel slik da, at vi hadde behov for å definere oss som ei særskilt gruppe, til skilnad frå andre, som skulle halde saman mot ytre farer.

Mange år etter at eg hadde flytt frå Hjelljordet, las eg romanen ”Grønn var min barndoms dal” av Richard Llewellyn. Romanen skildrar livet i eit gruvesamfunn i Wales, og ein stad skriv han om når gruvearbeidarene kjem heim til landsbyen etter endt skift. Dei kjem gåande i fylgje og syng. Det vekte slike levande minne om skiferarbeidarane som kom heim til helga, i ein dal, på ein stad, i ei grend, i ei anna tid, der eg hadde så mange fine opplevingar som eg nå sit og ser attende på.


Hadde skibakke på Hjelljordet

Det var ikkje så tettbygd på Hjelljordet da, så mest heile jordet som høyrde til garden Hjellum kunne vi ungane bruke til skibakkar om vinteren. Vi fylgdest til skulen om morgonen. Om vinteren kom det ein liten flokk frå øvst på Hjelljordet, på ski eller kjelke, og så stana dei nedst på der Ragnhild, Arne og eg budde så vi fekk slå lag med dei. 

Vi konkurrerte om kven som kunne køyre lengst forbi Sliperiet på rattkjelke. Vi var to på kvar kjelke. Da var det ein fordel å ha Arne som passasjer, for han var litt større og tyngre enn oss andre. Og når vi først fekk opp farten nedover vegen, tok det – med den tyngda – lang tid på flatmark før det stana. Med Arne på kjelken kunne ein kjøre nesten forbi Ottbragden – minst ein meter lenger enn dei andre. 

Skulevegen gjekk over jernbanebrua, der vi smaug gjerdet og kryssa lina før vi fylgde elvekanten til der Mostugugata endar i dag. Vi hadde vel ikkje lov til å krysse jernbanelina der, men vi gjorde det likevel.


Leikte på Vesl-Hjellum og i Svartskogen

Om somrane leikte vi på Vesl-Hjellum og i Svartskogen, og på små sletter øvst på Hjelljordet. Der hadde vi også fotballbane. Bana var stutt, men gjorde nytta si. Vi hadde vår eigen badeplass i Fet-tjøynne. Den låg trast synnafor Bolongen. Når Lågen gjekk ned att etter vårflommen og fleire av sideelvene var turre, låg det i ei av sideelvene att ein stor dam. 

Der var vatnet så grunt at det heldt seg varmt, og der kunne vi innbille oss at vi hadde lært å svømme. Vi nådde botnen over alt. Vi var alltid ein flokk med ungar frå Hjelljordet i ulik alder som drog dit i lag, og var der heile dei endelause lange sommardagane.


Kjøpte mjølk og leikte på garden

På sjølve garden Hjellum budde Martha og Knut Klashaugen. Vi gjekk til Martha for å kjøpe mjølk. Den øyste ho opp frå eit stort spann som stod inne i aurbua, ei matbu som var grave halvvegs inn i bakken med høg mur i framkant og på sidene, og med eit stabbur oppå. Der var det kjøleg året rundt. 

Rundt dei gamle husa på garden var det også mykje ein kunne finne på. Gardstunet var ideelt for å leike ein leik (eg hugsar ikkje kva vi kalla leiken) der ein av oss skulle duse – det var å halde hendene framfor augo og rekne så langt vi var blitt einige om – medan dei andre gøymde seg. På eit slikt gammalt tun med mange hus, krikar og krokar, var det lett å finne gøymestader. Og vanvittig spennande når han som hadde dusa gjekk og leita etter oss. 

Vi ungane tykte sjølvsagt at det var moro å hoppe i høyet på låven, men Knut og Marta var ikkje så begeistra for det. Vi hoppa til det vart hardtrampa, og det var ikkje heilt bra. Men både Knut og Marta var gjestfrie folk og glade i ungar, så vi for ofte der. Dei tok seg alltid tid til å slå av ein prat med oss. Det at dei vaksne tok seg tid til å vera saman med oss, og prate med oss, var ein viktig del av oppveksten på Hjelljordet. Vi tenkte vel ikkje over det da, men eg ser det nå.

Denne artikkelen er del 23 i serien Otta i femtiårom av Ove Kristian Haugaløkken.