Straffevers og sang

Lærar Kvåle ga straffevers som dei uheldige måtte framføre for heile klassa nokre dagar etterpå. Men har vart visstnok mildare med årom.

Av Ove Kristian Haugaløkken

Artikkelen fortset nedanfor bildet.

Læraren bakerst til høgre er Johan Kvåle, som Ove Kristian Haugaløkken skriv om her. Dette bildet er frå ei tidlegare klasse, og er henta fra www.otta2000.com som fekk bildet av Terje Bekkemellem. Sjå fleire gamle bilder frå Otta her: 

Denne artikkelen er del 21 i serien Otta i femtiårom av Ove Kristian Haugaløkken.
 

Kvåle kalla det hjelpevers

Artikkel 21 av 26: Lærar Kvåle (til høgre i klassebildet) var kjent for å vera streng. Eg opplevde han ikkje slik. Mor, som også hadde hatt Kvåle i si tid, meinte at han hadde mildna med årom. Men han hadde ei straffemetode som mange vil hugse – han ga straffevers. Kvåle kalla det hjelpevers – dei skulle hjelpe oss til å ikkje brote reglane ein gong til. 

Men vi visste kva det var – det var ei straff. Det gjekk ut på at den som hadde gjort noko gale og brote ordensreglane, måtte lære dikt utanåt og framføre det for heile klassen nokre dagar etterpå. Di større synda var, desto fleire vers vart det. Slik har det seg at eg fremdeles – nær 60 år seinare - kan ramse opp fleire vers både frå Terje Vigen og andre dikt!


Desse syndene ga straff

Syndene som kunne kvalifisere for straffevers var for eksempel å vera inne i friminuttet, å kaste snøball, gå utanfor skulegjerdet, eller å erte andre (særleg erte jentene). 

Ein dag dreiv klassekameraten Arvid Båtstad og eg og tulla og leikte oss inne i gangen heilt til friminuttet var nesten over. Da kom Kvåle. Han lurde på kvifor vi ikkje hadde kome oss ut. Arvid vart svært lei seg, for han var ein snill elev som sjeldan gjorde noko gale. 

Eg prøvde meg med ein småkjekk kommentar om at ”Alt tek si tid, veit du, Kvåle!” Kvåle var ikkje i det humoristiske hjørnet den dagen, så han forkynte dommen og straffeutmålinga på staden. Det vart nokre vers av eit dikt som heiter Ungdom. Arvid fekk fire vers. ”Og du Ove får to ekstra, fordi du pruta!”


Fekk hjelp til pugginga

Eg sleit fælt for å få lært dette her. Urettferdig tykte eg det var også. Ikkje kom eg meg ut til dei andre heller. Men syskenbarnet mitt, Arvid Tullut på Hjelljordet, viste stor medkjensle og kom meg til hjelp i pugginga. Han fann ut at han kunne gjera ulike fakter, slik at eg skulle sjå for meg dei ulike strofene i diktet.

Når Arvid heldt hendene over hovudet og svaia frå side til side, tenkte eg på ei bjørk i stri vind, og da kom den fyrste lina: ”Å gi meg av landet en susende li …” Så gjekk han krokut og heldt seg på ryggen, og da hugsa eg den andre: ”… med jord jeg kan brøyte så ryggen får svi”. 

Diktet handlar vel eigentleg om eit meiningsfylt liv, nasjonsbyggande så det held, og endar med at ein kan få sjå attende på livsverket med glede - ”fyry n ryk”. Arvid let att augo og la seg på divanen med hendene falda, og slik kom siste lina: ”Så jord – kan du lukke meg stille inn”. Framføringa for heile klassen gjekk bra – eg såg for meg pantomimekunstene til Arvid.


Lærarinne med skarp stemme

Vi hadde Kvåle i dei fleste av faga. Men han var overlærar på skulen, og laut ha avlastning for å ta seg av ekstraarbeidet som det førde med seg. Difor fekk vi ei av lærarinnene i sang eit år. Det var vel ikkje noko gale med henne, men vi var blitt vande med Kvåle, sangstemma og orgelet hans. Denne lærarinna hadde ei heller skarp stemme, og ein sang likte ho svært godt, så den song vi ofte.
Det var ”Dold mellan furorna ligger min koja”. Sangen har eit refreng som går att etter kvart vers, og som tek til med "Hoi lari, lari la, hoi lari, lari la!" Da røysta ho seg til gagns, lærarinna, så skjerande at vi tykte det det gjekk gjennom marg og bein. 

Det enda med at dei andre i klassen fekk meg til å gå til Kvåle for å be om at han skulle ta sangtimane att sjølv. Kvåle var opptatt med papirarbeid da eg kom ned på lærarromet, og ville veta kvifor vi ikkje ville ha denne lærarinna i sang meir. ”Nei ho syng så stygt att”, sa eg. Eg hugsar Kvåle måtte snu ryggen til slik at eg ikkje skulle sjå kor flirfull han vart. Men han overtok sangtimane att sjølv, og livet vende attende til det normale med Kvåle i den grå lærarfrakken sin ved orgelet.

Ein annan av sangane vi song tok til med ”I fall du følger meg over heien, så skal jeg vise deg seterveien …” Sangen handlar om både Gudbrandsdalen, Rondane, Snøhetta og Glittertind. I den siste strofa står det ”da skal det hviske i hjertet ditt: "Å nei, å nei! Å er dette mitt?" Ikkje før hadde vi sunge dette, før Kåre Formofetten (Formo) raskt føygde til ”Nei, dæ æ mitt!” Kåre var alltid kvikk i replikken og humoristisk, og til og med Kvåle måtte le av denne tilføyelsen. ”Ja, du Kåre, du Kåre”, sa han.


Ein god historieforteljar

Kvåle var ein svært god historieforteljar. Det er kanskje ein av grunnane til at eg hugsar han så godt. Han fortalde om da den fyrste appelsinen kom til Sogndal; det var der han var frå. Det var bestemor hans som hadde fortalt dette då han var liten, og dei visste ikkje korleis dei skulle eta denne frukten. Så dei tok og kokte appelsinen. 

Og han fortalde om da lærarane under krigen vart arresterte og frakta i kuvogner til Trondheim, og frå der sendt vidare med båt til Kirkenes og sett i straffeleir. Der vart lærarane sett i arbeid, og det gjekk ut på å flytja ein grushaug frå eine sida av vegen og over til den andre – med skei. Når dei var ferdige måtte dei frakte grushaugen attende på same måten. Det var ikkje til å tru. Men historiene festa seg, og sit enda.


Prinsippfaste idealistar

Mange år seinare las eg ei anna historie, fortalt av ein av lærarane som også var med i straffeleien ved Kirkenes. Bakgrunnen for at lærarane vart arresterte, var at dei nekta å melde seg inn i den nazistiske fagrørsla Norges lærersamband, og ikkje ville forplikte seg til ei lojalitetserklæring som sa at dei skulle arbeide aktivt for å skapa forståing for Nasjonal Samling sitt program hos elevane. 

Ein dag lærarane marsjerte attende til leiren etter endt arbeid, vart denne læraren gåande ved sida av ei av dei væpna vaktene, ein ung soldat. Med eitt snudde den tyske soldaten seg mot han og sa: ”Hadde tyske lærere gjort som dere, ville Hitler aldri ha kommet til makten.” Det ga læraren noko å tenkje på. Forteljinga sette historia til Kvåle inn i ein ny samanheng da eg las dette. Lærarar som Kvåle og Drivenes var prinsippfaste idealistar. Men eg såg nok ikkje slike dimensjonar hos Kvåle når eg fekk straffevers."