Skulen – Marit, søster Klara og Kvåle

Når eg tenkjer attende på barndom og oppvekst på Otta og Hjelljordet, er det leiken og fritida eg helst kjem i hug. Det er på mange måtar underleg, for halvparten av tida var knytt til skulen. 

Av Ove Kristian Haugaløkken

Artikkelen fortset nedanfor bildet.

Gamle Otta skule vart bygd på 1920-talet.

Klårt minne frå fyrste skulemøte

Artikkel 20 av 26: Vi gjekk på skulen annankvar dag. Ein skulle tru at det var fleire direkte minne knytt også til desse dagane. Men vi opplevde kanskje ikkje timane med uekte brøk og pluskvamperfektum som like morosame som alt det andre vi dreiv med og opplevde utanom skuletimane.

Eg har eit klårt minne om det fyrste møtet eg hadde med Otta-skulen. Som så mange andre såg eg fram til å bli stor skulgut, så om våren kunne eg ikkje vente lenger. Eg tykte eg var stor nok og tok med meg Tufs, buhunden, og gjekk inn og banka på ei av dørene i første etasje, i det raude huset som var einaste skulebygget den gongen. Der var Marit Kleiven og klassen hennar. 

Marit spurde kva det var eg lurte på, og eg svara at ”E tenkte e skull begynde på skula, men det æ vel ikkje råd ævon?” ”Å, det lyt nå vel bli ei råd med di,” svara Marit Kleiven, og så fekk eg eit tegnepapir og ein ask med fargestifter, og plass ved ein ledig pult. Tufs sette seg ved sida av og passa på. 

Da Marit kom og lurde på kva det var eg hadde teikna, var eg ikkje heilt sikker på det sjølv. Men eg hadde farga det ljost raudt, og kom på at det likna noko som hekk på ei klessnor og blafra i vinden. ”Dæ æ onnstakken henna mamma!” fortalde eg, og alle i klassen lo – Marit også. Tufs og eg fekk med oss teikninga heim da det ringde ut, og eg var tilfreds med skuledagen. Men ein time var nok.


Alvoret tok til om hausten

Om hausten same året tok det til for alvor, og klassen min fekk Marit som lærarinne. Gammelskulin på Otta ligg der om lag like eins nå som da eg var elev der siste halvdel av 50-talet. Da eg tok til på skulen, var det ein lang utedo og vedaskåle nede på skuleplassen. 

Klasseroma hadde vedafyring, og Sverre Stenersen, som var pedell på skulen, sørgde for at alle klasseroma vinterstid var godt oppvermde før vi kom om morgonen. Ei av oppgåvene vi elevane hadde, var å hente inn eit vedafanga av og til. Minnet om Marit Kleiven som las for oss, og lyden av knitringa i vedaomnen, dukkar opp når eg ser på bildet av den raude skulebygningen.


Vi skulle vegast og mælast

Den årlege dokterundersøkelsen der vi skulle vegast og mælast var noko eg ikkje såg fram til med glede. Dei større ungane hadde skræmt oss yngre med dei store sprøytene som vart brukt for å vaksinere oss. Det var dokter Sætersdal og søster Klara som stod for undersøkelsen. Eg hadde gruvd meg i fleire dagar til denne undersøkelsen. Medan jentene vart undersøkt, laut vi gutane vente ute. 

Vi kom på at det kunne vore moro å gå inn i klasserommet for å sjå på korleis jentene såg ut utan klede. Det var sjølvsagt forbudt, ingen turde å prøve, men vi fann ut at eg kunne gjera meg eit ærend inn med eit vedafanga. Det var vel eit lovleg ærend? Eg kom meg så vidt innafor døra, og jentene kvein, da Marit Kleiven møtte meg med eit sørgmodig og formanande blikk: ”Neimen Åve da!” sa ho – ho uttala alltid namnet mitt Åve. Men eg gjekk heilt inn til vedakassa og la frå meg veden, før eg vart skyssa ut att.


Klara tok med vekta heim til oss

Så var det gutane sin tur. Eg gruvde meg slik at eg rymde heimatt den dagen, da eg skjøna at det ikkje var nokon veg utanom. Dei store sprøytene venta. Men Otta var ein liten stad, og søster Klara hadde stor omsorg for dei som kanskje var redde av seg. Så da ho var ferdig på skulen, tok ho med seg vekta og målestativet heim til oss og utførde undersøkelsen på kjøkenet. 

Eg likte søster Klara frå den dagen, og har ofte tenkt på kor viktig det er med tilpassa opplegg i ulike samanheng i skulen. Tilpassa opplæring var det elles ikkje mykje av på den tida. Var vi for rampete, kunne ein av dei større ungane truge oss med at vi ville havne på særskule. ”Visst du ikkje uppføre de nå, så bli du sendt åt Helgøya”, sa dei. Det var ein spesialskule for vanskelege gutar på Helgøya i Mjøsa. Heldigvis vart det ikkje noko av. Det var vel mest godmodig erting. Men tvilen låg der.


Vestlandslæraren Kvåle

I fjerde klasse fekk vi Kvåle. Han høyrde til den gruppa av norske lærarar som seinare er blitt omtala som ”Vestlandslæraren”. Det var ei periode før andre verdskrigen at mange bondesøner frå Vestlandet gjekk på lærarskulen, enten i Volda eller på Stord, og dei fekk seg lærarstilling på ulike stader i Sør-Norge. På Otta hadde vi Kvåle, og på Selsverket var Drivenes lærar og klokkar. 

”Vestlandslærarane” vart aktive kulturpersonar i lokalsamfunna der dei arbeidde, og var opptatt av avholdssak, frilynt ungdomsarbeid, målsaka (nynorsk) og mangt anna som høyrde til danninga av born og ungdom på landsbygda på den tida. Slik også med Kvåle og Drivenes. Dei vart lærarar for fleire generasjonar. 


Lokalhistorisk engasjerte lærarar

Båe engasjerte seg i å få formidla lokalhistoria frå bygda, og ville sikkert vore gode bidragsytarar til både facebook-gruppa og nettsida om historia til Sel og Otta, om internett og Facebook hadde vore oppfunne medan dei levde. Mange eldre vil nok hugse Kvåle, som seinhaustes kvart år gjekk frå hus til hus og selde Årbok for Gudbrandsdalen. I fleire av årbøkene hadde Drivenes artiklar om lokalhistoriske tema.

Denne artikkelen er del 20 i serien Otta i femtiårom av Ove Kristian Haugaløkken.