Bergs danseskole

Det store årlege danningsprosjektet på Otta var Bergs danseskole. Årvisst kom desse danselærarane frå Lillehammer og lærte oss små Otta-cowboyane skikk og bruk.

Av Ove Kristian Haugaløkken.

Artikkelen fortset nedanfor bildet.

Dagfinn Simensen og Britt Kleiven på avslutningsfesten for Bergs danseskole.

Artikkel 19 av 26: Vi lærte å opne døra for jentene, engasjere med djupe bukk, og leie jenta attende til plassen hennar etter dansen. Kurset i døråpning var ei studie i borgarleg dannelse. Hovedregelen var slik at når du går saman med ei jente, og nærmar deg døra, må du skifte side ved å gå bak jenta, og deretter opne døra og sleppe jenta igjennom. Dette øvde vi på. Og herr og fru Berg var gode lærarar – eit par av av instruksjonane deira hugsar eg enda: ”frem på hæl, tilbake på tå” (samba), ”til siden, sammen, til siden, hopp” (reinlender) …


Storarta på danseskulen

Eg fekk gå på danseskulen, og tykte det var storarta. Men eg hadde eitt problem, og det var at eg var kortare enn dei fleste, særleg jentene på min alder. Eg tykte det var pinleg å danse med dei som var mykje høgare enn meg. Å føre an i dansen var umogleg, for sterke var dei og, og svinga seg dit dei sjølve ville. Eg slang med som best eg kunne. 

Men på avslutningsfesten var lykka på mi side. Eg fekk engasjere ei som var så overlag pen og blid, og likast av alt: ho var ikkje høgare enn meg. Ho hadde ein draum av ein lys blå kjole – som silke.


Heildekkeande kostymer

På avslutningsfesten fekk Ivar Øiom (parhesten, ja) og eg ei viktig oppgåve. Vi fekk på oss heildekkjande kostymer, Ivar som Donald Duck, og eg som bamsen Brumle. Når vi fekk denne oppgåva var det nok helst fordi dei måtte ha nokon som var passe småe til å passe inn i kostymene. Oppgåva gjekk ut på å sørge for at alle jentene kom seg ut på golvet, og ingen vart sitjande som veggpryd. Og ellers underhalde litt med tjuv-vals og hopping og spretting på dansegolvet.

Avslutningsfesten var i Grandkjellaren. Til høgre for meg ser de Hans Ødegård. Til venstre for meg med briller ser de Stein Roger Enger. Legg merke til at alle jentene har ryggen i same retning – det var synkron snuing i valsen der! Kven eg dansa med? Eg hugsar det godt, og det var far hennar som tok bildet. Ein eller annan stad finst det sikkert eit bilde der ein ser ansiktet hennar og, men det fekk ikkje eg.