Løkkes bakeri og konditori – med jukeboks og softis

Conrad Løkke var bakar på Otta. Han var i fullt arbeid grytidleg på morgonkvisten, slik at det skulle vera fersk brød og kaker i utsalet hans til anna folk stod opp. 

Av Ove Kristian Haugaløkken

Artikkelen fortset nedanfor bildet.

Løkkehuset heilt til høgre i bildet frå 1955

Artikkel 17 av 26: Ettersom Conrad starta dagen før alle andre, var han også ferdig med første økta tidleg på dagen. Da tok han seg ein tur rundt på Otta og prata med folk. Han hadde alltid eit vennleg ord og eit smil på lur.


Fekk avskjær av Lilly

Da eg voks opp, dreiv han bakeriet saman med sonen sin, Per. Kona hans, Lilly, styrde bakeriutsalet. Lilly kunne vera nokså kvikk i replikken når ho fann det for godt. Det galdt ikkje minst når vi gutungane kom inn utan å ha noko eigentleg ærend. Det vart fortalt at når det kom ein kunde for å kjøpe bakervare som var utselt den dagen, kunne Lilly foreslå noko anna i staden. ”Det er samma deien!”, sa Lilly. Dette vart eit munnhell blant husmødrene på Otta.

På eine veggen i bakeriet var det eit vindauga rett framfor bakstefjøla, og der kunne vi sjå korleis Conrad baka ut to store brød på ein gong. Eitt i kvar hand. Det var ein teknikk som eg framleis er imponert over. Vi gutungane gjekk gjerne på besøk til bakeriet, men berre når Conrad og Per var einslege der. Under bakstefjøla hadde dei ei kasse der dei kasta avskjær av kaker og slik bakst som dei ikkje ville selja. Der kunne vi forsyne oss fritt. Det hende også at Per sa til oss at ”Finn de ein papirpåså nå gut, å tå med de någå hematt åt mor dine au!” Vi var svært glade i Per og Conrad.


Sonen Per dreiv også skikurs

Per dreiv også skikurs på Loftsgardsjordet for oss ungane om vintrane. Kunsten å koma seg oppatt når ein har ramla med hovudet fyrst i ondabakkje i laussjog lærde eg av Per. Det sit som spikra, og blir meir aktuelt etter som alderen innhentar ein. 

Per Løkke gjorde forresten mykje for ungane på Otta, også utanom skikursa sine. Den 17. mai inviterte han heile Otta guttemusikk (dette var før jentene fekk vera med) heim til seg om morgonen etter at vi hadde spela i gatene. Der spanderte han og kona hans frukost med alt ein kunne drøyme om av brus og kaker.


Løkke hadde fyrste jukeboksen

Eg trur det var Per Løkke som hadde den fyrste jukeboksen på Otta. Mot slutten av 50-talet var vi innom på kafeen der av og til, og for 25 øre kunne ein spela ein melodi. Når eg tenkjer attende på dette nå, kjenner eg på fridomskjensla og sorgløysa som vi hadde der vi sykla nedover Storgata med pengar nok til å kunne spela yndlingsmelodien på jukeboksen. 

Når eg høyrer denne melodien kjem minna fram som om det var i går. Favoritten den gongen var Petite Fleur med Acker Bilk på klarinett. Det var eit steg vidare frå favorittmusikken tidlegare på 50-talet med Kurt Foss og Reidar Bøe, Søstrene Bjørklund, Engedal og Stordal og dei andre kjende frå Ønskekonserten. 

Ein gong eg var der, kom ein av gardbrukarane frå synna Otta innom. Han ville veta kor mykje ein slik jukeboks kosta. Da han fekk høyre det, sa han at det var like mykje som han hadde betalt for bilen sin. Vi skjøna da at dette var verdifulle greier.


Tidleg ute med softis

Per Løkke var også tidleg ute med softismaskine. Eg hadde høyrt at softis skulle vera ufatteleg godt. Arvid, syskjenbarnet mitt, hadde vore på Vinstra og fått softis av syster si. Endeleg kom det ei softismaskine til Otta, og eg innsåg at Arvid ikkje på nokon måte hadde overdrive. Softismaskina stod i eit rom ved sida av bakeriutsalget, saman med jukeboksen. Det var den fyrste iskrembaren på Otta.

Det hende at Lilly Løkke kom inn i bakeriet medan vi gutungane var der og åt kaker. Ho jaga oss ut: ”Kom dere ut! Dere har ingen ting her å gjøre!” sa ho da. Nå ser eg at ho hadde rett. Vi gutungane for både her og der, i gater der hestelorten låg, og var nok ein smitterisiko i ei næringsmiddelbedrift. Men slik tenkte vi ikkje da. I staden vart det populært å erte ho Lilly, for ho vart kvasst sint.


Ringte på og sprang

I bakeributikken var det hengt opp ei bjøylle som ringla når du opna døra. Vi gutungane opna døra, og la på sprang. Lilly kunne vera inni bakeriet og hjelpte til med forskjellig, og når når bjøylla ringla laut ho kaste det ho hadde i hendene og kom springande. Ho var lita og rund, omtrent som Konrad. Men i butikklokalet var det tomt. Det er klart ho vart sint. 

Ein gong tok vi mobbinga heilt ut, som det heiter, Tore Tøndel, Dagfinn Simensen og eg. Vi skreiv eit anonymt brev til henne der vi kalla ho stygge ting. Vi opna døra, bjøylla ringla, vi la brevet på disken, og la på sprang. Ho hadde nok ei aning om kven som stod bak, og tenkte vel som politisjefen i filmklassikaren Casablanca (den med Ingrid Bergman og Humphrey Bogart), som har ein berømt replikk: ”Round up the ususal suspects!”.

Det er kanskje nokon som har lurt på kva det var for slags stygge ord vi brukte i brevet til Lilly Løkke som ho vart så sint for? Vi ungane som voks opp på på Otta på 50-talet hadde nok eit anna ordforråd enn dei som veks opp der i dag. Vi var ikkje mykje påverka av engelske kraftuttrykk. Men vi hadde ord og uttrykk som vi ikkje hadde lært på sondagsskulin, for å si det på den måten. Eg har gløymt dei fleste av formuleringane vi brukte i brevet til Lilly. Men eg hugsar det styggaste – det vi avslutta brevet med. Det var ”systerdotter åt marisjeiddun”. Eg veit fremdeles ikkje kva det betyr.


Bestemor fekk meg ut av knipa

Det vart eit oppgjer attpå dette. Lilly ringde rundt til foreldra til dei vanlege mistenkte. Vi hadde ikkje telefon, så ho ringde til bestemor. Bestemor tok meg for seg og fortalde at ho Lilly Løkke hadde ringt og sagt at det var nokre gutungar som hadde kalla ho stygge ting i eit brev. ”Men du va vel ikkje med på det, du, Ove Kristian?” sa ho da. ”Neida!” svara eg. ”Å nei, eg visste at du ikkje ville vore med på noko slikt” sa ho bestemor. 

Så ringde ho attende til Lilly og fortalte korleis det var med den saka. Tore og Dagfinn vart straffa heime. Eg gjekk fri. Saka vart aldri meir nemnt. Eg har kome i tankar om kor viktig det er for folk å ha gode advokatar, spesielt når ein har ei dårleg sak. Og eg har til denne dag visst at når nauda er størst, er ho bestemor nærast."

Conrad Løkke – ferdig med fyrste økta i bakeriet for dagen og ute på byen for å prate med folk.