Badeplass, skibakkar og bilen Kristoffer

Otta har alltid vore eit ypperleg utgangspunkt for turar og friluftsliv, men det var mykje å finne på også i sentrum.

Av Ove Kristian Haugaløkken.

Artikkelen fortset nedanfor bildet.

Badeplassen i Øyom.


Artikkel 14 av 26: Skiturane på femtitalet tok til rett utanfor døra. Det var ikkje strødd i gatene, så vi kunne gå på ski der også. Ofte gjekk vi ned Mostugugata og følgde elvekanten til Åmoten. Der kryssa vi Lågen og riksvegen, og gjekk vidare opp Rustvegen (Rondanevegen). Eller vi kunne renne oss på rattkjelke i Rustvegen eller Liavegen om vinterkveldane. 


Bada med utrangerte gummislanger

Om sommaren var det badeplassen i Øyom som lokka. Både ungar og vaksne møttest der. Den låg omtrent der Sagtunet er nå. Vi var innom Shelltanken og fekk utrangerte gummislangar frå bilhjul. Dei pumpa vi opp og brukte til å flyte på. Litt lenger oppe ved Vesl-elva var det grave ned lagertankar for bensin og fyringsolje. Det hende at det var lekkasje frå der, og da kunne ein sjå regnbogefarga mønster som flaut nedover på vassflata i den rolege elva. 

Ein dag var det ein av dei større gutane – han var forresten flink til både å svømme og dykke – som hadde stupt seg uti og kom oppatt midt mellom desse fargerike oljeflekkene. Han hadde eit gråaktig belegg av olje over heile kroppen. Vi laut borti og kjenne på det nysmurde skinnet hans.

Det var lettvint å vekse opp på Otta – alt var innafor gang- eller sykkelavstand. Det var berre til lengre turar at det var tale om bilskyss, som for eksempel til sondagsskuleutflukta til Sjoa, til bærturar om hausten, eller til hytteturane i påska og i sommarferien.


Påsketur i sjuseter åt Mysusætern

Bestefar, som heitte Kristian Jordet og blant ungane gjekk under namnet Bupal, hadde ein Studebaker 1927-modell. Den hadde i mellomkrigstida vore brukt til turisttransport i rutebilselskapet OGS (Otta-Geiranger-Stryn), det som seinare vart OKB. Bilen var ein sjuseter, og hadde kalesje som vart brukt i regnvær og når vi skulle på påsketur åt Mysusætern. Mange som voks opp på Otta heilt til langt uti 1970-åra vil nok hugse Bupal, for han likte seg godt i lag med ungar. Bilen hadde Bupal gitt namnet Kristoffer. 

Turen opp Verkensbakkein gjekk sakte med fullasta bil. Ved bommen trefte vi av og til vegvaktaren – Ola Stampeløkken, alltid like blid – og om han skulle vidare innover Uldalen for å gjera arbeid på vegen, fekk han stå på stigbrettet på førarsida, slik at han og Bupal kunne pratast. 

Bilen hadde eit bagasjebrett bak, og der var det oppstabla alt som trongdest for ei viku på hytta. Det hende ikkje sjeldan at motoren kokte når vi kom opp i Reistbakkjin. Da tok Bupal fram ein blekkboks han hadde liggjande og henta vatn som vart fylt på radiatoren.


Nådde ikkje pedalane

Bilen stod til vanleg parkert i ein garasje bak Grand hotell. Dette var forresten fyrste bilen eg fekk prøve å kjøre. Det var ein sondag og vi skulle hente fram att Kristoffer etter vinteren. Eg var ikkje lang nok i føtene til å nå pedalane, så eg sat på fanget hans Bupal. Vi kjørde rundt og rundt ei flaggstang som stod på plassen mellom Grand hotell og OKB-verkstaden. 

Odd Bjerke - korpsdirigenten – kom spaserande. Vi stoppa, og Bjerke helste blidt: ”Jasså, dere er ute og kjører i finværet, ja?” ”N lyt få prøve se,” svara Bupal. ” Ja, den skal tidlig krøkes … ” sa Bjerke og gjekk vidare. Det var vel ikkje meir lovleg den gongen enn det er nå å la ungar i småskulealderen få kjøreopplæring. Men Bupal såg stort på slike bagatellar. 

Bupal selde bilen på slutten av 1950-talet. Det vart for mykje arbeid å halde bilen i lovleg stand. Motoren var slitt. Bremsene var dårlege, og Kristoffer brukte etter det Bupal sa nesten like mykje olje som bensin. Han overdreiv kanskje litt. Men så vidt eg har høyrt er Kristoffer nå restaurert og finst i gamal prakt ein eller annan stad oppi Ottadalen.


Romantisk mimring

Når ein sit slik og tenkjer attende på oppveksten på Otta på 1950-talet, glir ein lett over i romantisk mimring om alt som var så mykje betre før. Eg vart mint om dette for nokre år sidan. Eg hadde tre yngre syskjenbån i Mostugugata, og fann ut at det var på tide å fortelja dei om kor fint det var på Otta i gamle dagar. 

Dei lydde interessert til det eg fortalde, og da eg var ferdig med den nostalgiske vandringa ”along memory lane” sa dei seg einige i at Otta var ein eineståande plass for ungar. Og så fortalde dei om idrettshall, om svømmebasseng, om handballag, og om kor lettvint det var å koma seg til fjells der det var skiløyper i alle retningar. Vi konkluderte med at Otta var ein fin plass å vekse opp på, enten det var på femtitalet, eller det var tjue eller tretti år seinare.

Denne artikkelen er del 14 i serien Otta i femtiårom av Ove Kristian Haugaløkken.

Inge Leif Larsen, Tore Sørensen og Ove Haugaløkken på skitur opp Rustvegen.

 Kristoffer er utrusta for fisketur, med bambusstenger knytt fast til kalesja. Bupal står med ryggen til. Til venstre står Olaf Horten, og midt i bildet er Astrid Haugaløkken. Mannen til høgre kan vera Theodor Haugaløkken.