Vanlege kjerringo og fruer, klasseskilje og inkludering

Det var ikkje så stor skilnad på ungane på Otta, så var det eitt område der ein kunne spore ein viss ulikskap – måten vi omtala kvarandre på. 

Av Ove Kristian Haugaløkken

Artikkelen fortset nedanfor bildet.

Ungar i Otta husmorlag sin barnepark på Otta på 50-talet. Parktanta var mor mi, Astrid Haugaløkken. Ho var ikkje ei av fruene.


Hadde bestemor som fast forsvarsadvokat

Artikkel 12 av 26: Det er sagt at det krevst ein heil landsby for å oppdra ein unge. Det er mykje sant i det. Ettersom Otta var slik ein liten plass, så kjende alle kvarandre. 

Vi kunne gå på besøk til dei fleste av dei andre ungane, og om vi gjorde ugagn, var det gjerne ei nabokjerring som tok affære og sette oss på plass. Eg hadde bestemor som fast forsvarsadvokat, så eg slapp unna med mangt. Den positive sida med påpasselege ”nabokjerringo” var at det også var mange som brydde seg og såg etter så vi ikkje gjorde noko som kunne vera farleg, og som kunne trøyste og hjelpe til når verda gjekk ein imot.


Vi sakna ingen ting

Stort sett var det vel liten skilnad på folk på Otta, iallfall slik eg opplevde det. Kameratane mine gjekk også kledd i heimestrikka, heimesydde, oppattsydde eller arva klede. Det var vanleg, berre ein var ”rein og nybøtt”, som det heitte. Vi sakna ingen ting. 

Ein vinter arva eg eit par damestøvlettar av bestemor. Ho hadde kjøpt seg skinnstøvlettar med halvhøg hæl, men ho tykte at dei var vonde å gå i. Så fekk eg overta dei. Dei halvhøge hælane gjorde at eg vart nesten eit par centimeter høgare, og det passa bra for eg var stuttare enn dei fleste på min alder. Det var nok eit par av kameratane som oppdaga at eg gjekk i damestøvlettar og lo litt. Eg tykte det var litt komisk sjølv og lo med. Så det vart ikkje vidare erting av det. 

Dei minte i grunnen litt om cowboystøvlane vi hadde sett på film, med spiss tå og halvhøg hæl. Dei var svært gode å gå i, mjuke og varme med sauskinnsfor. Støvlettane heldt vinteren ut. Det var den vinteren eg var så høg, det. Neste vinter var støvlettane for tronge.


Husmødrene og fruene

Om det ikkje var så stor skilnad på ungane på Otta, så var det eitt område der ein kunne spore ein viss ulikskap, iallfall i måten vi omtala kvarandre på. Dei fleste husmødrene på Otta høyrde til blant dei vanlege, altså almindeleg arbeidsfolk. Dei ”vanlege” vart omtala med fornamn. Så var det nokre få som vart omtala som fru, og så etternamnet. Dei vart rekna som litt finare enn oss andre. Enkelte av dei hadde hushjelp. 

Jan Petter Hammervold var inne på dette i ein artikkel han skreiv på selhistorie.no. Eg kjende meg att i det han skreiv. Dei fleste av fruene var innflyttarar, men vart ikkje omtala med fornamn sjølv om dei hadde budd på Otta i fleire tiår. Kva slag systematikk det var i dette har eg aldri funne ut av. Heller ikkje kven som skapte dette klasseskiljet i namnebruk. Det er mogleg det var noko som hekk att sidan før krigen, da det var større skilnad på folk. 


”Siste stan e vilde leite”

Vi ungane gjekk saman på skule og leikte oss vel stort sett saman uansett stand og fedrene si stilling. Ein av dei større gutane på Otta – mor hans var ei av fruene – hadde fått seg papegøye. Mange av oss gjekk heim til han for å få høyre at papegøya, som forresten var ein undulat, prata. Fugeln sa ikkje eit ord. 

Det vart seint på kvelden før eg kom meg heimatt, og da hadde mor leitt etter meg over heile Otta. Eg fortalde kvar eg hadde vore, og lurte på kvifor ho ikkje hadde leitt der. Mor var meir enn oppgitt: ”Det æ nå siste stan e vilde ha funne på å leite!” Ho kunne nok ikkje forestille seg at eg dreiv og menga meg med fiffen.


Husmorsamfunnet

Dagleglivet på Otta i femtiåra var prega av det som har blitt omtala som ”husmorsamfunnet”, med heimeverande husmødre som stelte hus og ungar. I Otta husmorlag var også fleire av fruene aktive. 

Husmorlaget fekk mellom anna etablert ein barnepark på Otta. Den låg i hjørnet av parken, omtrent der Parken Grill er nå. Der kunne ungar i førskolealderen vera saman og leike seg nokre timar i husker og sandkasser, under oppsyn av ei parktante.


Gjekk i finklæom til dagleg

Mange år etter at eg hadde fløtt frå Otta, trefte eg att ein annan gamal Otta-gut. Han var også utfløtt. Mor hans var ei av fruene, og far hans hadde slik arbeid at han gjekk i finklæom til dagleg. Vi kom i prat, vi tala same dialekta, og hadde mange felles minne frå Otta på femtitalet som gjorde møtet vårt riktig humørfylt. 

Vi kom også inn på spørsmålet om det var eit klasseskilje i bygdabyen på den tida. Han kunne fortelja at det hadde han opplevd som eit problem. Han hadde i barndomen aldri kjent seg heilt inkludert og godtatt, og hadde alltid ønskt at han kunne få vera meir i lag med oss andre ”vanlege”. Så, det fanst iallfall to synsvinklar å sjå dette frå.

Denne artikkelen er del 12 i serien Otta i femtiårom av Ove Kristian Haugaløkken.