Otta stasjon blant leikeplassane våre

Det var spennande å leike på stasjonen, men vi leika også mange andre plassar på femtitalet.

Av Ove Kristian Haugaløkken

Artikkelen fortset nedanfor bildet.

Damplokomotivet Stortyskeren saman med det nye diesellokomotivet Di 3.607 på Otta stasjon i 1957. Biletet er teke av lokfører Ola Brobakken. Damplokomotivene med navnet Stortysker var en lokomotivtype som tyskerne tok hit under 2. verdenskrig, og som NSB overtok etter krigen. Foto: Ola Brobakken, Norsk Jernbanemuseums samling.

Artikkel 11 av 26: Leikeplassar var det mange av. Tomta der Dahlstallen hadde vore var ein av dei. Skuleplassen kunne også brukast. 

Vi var litt meir forsiktige med å leike oss i Parken, for der var det plen. Per Kristoffersen, som klypte plenen der med handdreven grasklyppar ein gong i veka sommaren igjennom, var redd vi skulle sparke opp grasrota. 

Sidegatene var framifrå til ballspel. Men jernbanestasjonen baud også på mykje spennande, og ikkje berre når det kom tog.


Spennande og lærerikt på stasjonen

Jernbanestasjonen på Otta var på femtitalet ein stor arbeidsplass, og mange av leikekameratane hadde fedre som arbeidde der. Dermed fekk vi som regel koma på besøk. I ettertid ser eg at det i grunnen var lærerikt å ferdast slik på ein arbeidsplass og sjå kva dei vaksne karane dreiv med når det var på arbeid. Men det var ikkje derfor vi gjekk dit. Det var opplevinga og spenninga. 

Vi fylgde ofte med når vognvisitøren gjekk langs jernbanevognene og slo på hjula med ein langskafta hamar. Han kunne visstnok høyre på klangen om det var sprekk i hjulet eller om alt var i orden. Av og til, når ingen såg oss, klatra vi på godsvognene som stod ved godshuset. Dei hadde ei plattform i eine enden der ein kunne stå og leike at ein køyrde tog.


Fekk sitja i førarhuset

På stasjonen var det ein raud skiftetraktor som frakta godsvogner til godshus og lasteramper for lossing eller lasting. Det var Oskar Olsen som køyrde denne, og lykka var stor når vi fekk sitja på ein liten tur. Og så var det svingskiva. Den låg framfor lokomotivstallen, og vart brukt til å snu lokomotiva som vart rygga ut frå stallen etter at dei var ferdig pussa. Å sjå dei store svarte damplokomotiva bli snudd sakte rundt – det var nesten utruleg. 

Inne i stallen arbeidde lokomotivpussarane. Der var det mykje kjenstfolk. Ein av dei var Pål, bror til far min. Ein dag eg kom inn der, og Pål vart så blid, tok han meg med ut så eg skulle få sjå på ”tyskern”. Det var eit voldsomt stort lokomotiv, omtrent like stort som det meir kjende Dovregubben. Tyskern, eller Stortyskern som det også vart kalla, vart ført til landet av tyskarane under krigen og brukt til å dra tunge godstog heilt til slutten av femtitalet. 

Lokomotivet stod nå utanfor stallen, ferdig pussa og oppfyra. Pål lyfte meg opp så eg fekk stå inne i førarhuset, ved sida av lokomotivføraren og fyrbøteren. Det er ei spesiell lukt av varme damplokomotiv. Eg var mållaus, og er det stundomtil enda når eg tenkjer på det store lokomotivet. Det var kanskje da eg bestemte meg for å bli lokomotivførar. Det vart med draumen.

På jernbanestasjonen på Otta kom det ny stasjonsmester. Han var svært bevisst på sikkerheit, og det vart ikkje lenger så lett for oss gutungane å sleppe til på stasjonen. ”Mestern lika ikkje at døkk driv her”, sa dei gamle kameratane blant jernbanearbeidarane når vi kom på besøk. 


Husmødrene sakna ikke togdampen

Tida for damplokomotiv tok slutt. Livet i lokomotivstallen stilna. Damp og kolfyra lokomotiv vart erstatta med diesel. Dei som ikkje sakna dampen var husmødrene på Otta. Dei var lei av å få klesturken sin skitna til av den svarte røyken frå lokomotiva som la seg over heile bygdabyen når toget sakte seig ut frå stasjonen. Men ingen ting var lenger likt seg på stasjonen.

Denne artikkelen er del 11 i serien Otta i femtiårom av Ove Kristian Haugaløkken.

Otta stasjon i 1955–1956, ifølgje Stig Sørlie Pettersen som vi har lånt dette bildet av.