Shelltanken og Thor Syrrist

Midt i Otta sentrum ved Storgata låg Shell-tanken. Denne bensinstasjonen var dreven av Thor Syrrist, som alltid hadde ein kvikk replikk på lur.

Av Ove Kristian Haugaløkken

Artikkelen fortsetter nedenfor bildet.

Conrad Løkke, Gorm Lindstad, Karl (Kalle) Jordet og Thor Syrrist ved Shelltanken. Conrad Løkke var på besøk da bilde vart tatt. Gorm var tankbiljåfør, Kalle var servicemann og Thor var eigaren av stasjonen.


Dæhlin var fast avløysar

Artikkel 10 av 26: På 50-talet arbeidde Karl (Kalle) Jordet der som servicemann. Gorm Lindstad var tankbilsjåfør, og gamle Dehlie som var fast avløysar, hadde senga si i eit rom bak butikklokalet. 

Dehlie, eller Dæhlin, som vi kalla han, var eit kjent innslag i gatebildet på Otta da eg voks opp. Kvar dag gjekk han til faste tider med korte målbevisste steg ned til huset der Karl og Agnes Kleiven budde. Det var der han hadde kosten. Ellers heldt han seg på bensinstasjonen, og kunne ekspedere kundar når på døgnet det skulle vera.


Thor var ein institusjon

Thor Syrrist var ein institusjon i seg sjølv. Han var eineståande kvikk i replikken, og hadde humoristiske kommentarar til det meste. Det finst sikkert fremdeles mange gode historier etter han blant dei eldre på Otta. I tillegg til ein treffsikker replikk, hadde han ei uvanleg flott sangstemme. Den kunne av og til høyrast når han stod nede i smøregrava i hallen ved sida av butikken for å ta service på ein bil. 

Han var god til å imitere dei populære grammofonstjernene i tida, og brått kunne det høyrast ut som det var Jens Book-Jensen som dreiv og song ein av slagerane sine. Men Thor dikta gjerne om enkelte av sangane medan han song, så i staden for dei meir romantiske strofene i originalen kom det nye, småfrekke og ikkje minst komiske rim. Shelltanken baud ikkje berre på bensin, smøring og oljeskift den gongen. Gratis underhaldning var inkludert.


Spennande å stikke innom

Det var sjølvsagt spennande for oss gutungane å stikke innom karane på tanken. Det var alltid noko som skjedde der. Men av og til flaug vi nok meir atti vegen enn dei likte. Thor og Kalle visste råd. Dei kopla dørhandtaket til eit bilbatteri. Når ein tok i døra, dirra det kvasst i fingrom. Inne sat Kalle og Thor og lo. Ein vart nok litt meir forsiktig med å ta i dørhandtaket etter det.

Tidleg på 1950-talet arbeidde Magnhild (Mall) Syrrist ei periode som ekspeditrise i kolonialbutikken hos Larsen. Dette var før Thor og Mall var gift, men Thor hadde eit godt auga til den unge ekspeditrisa. Om det var for å oppnå kontakt, eller om det berre var for å gjera Mall eit pek veit eg ikkje. Men Thor og Kalle sende med meg pengar og ba meg gå ned til Larsen for å kjøpe ”veiddpysje”. Det var sjølvsagt ikkje noko som heitte det den gongen heller. Det visste ikkje eg, men Mall var ikkje lett å få ut av fatning. Ho skjønte nok kven som stod bak, og eg fekk med meg ein bit av ei eller anna spikjipysje. Larsens kolonial hadde ein del spesialitetar som dei var kjende for. Men ikkje veiddpysje.


Konstruerte motordreven skislede

Thor var både oppfinnsam og flink med hendene. Ein vinter konstruerte han og Kalle ein motordreven skislede. Dei var vel lei av å dra tunge skikjelker fulle av alt slags pargass frå Mysusætra til Pungen, der båe hadde hytte. 

Konstruksjonen var ei ramme med ein motorsykkelmotor på og ski under. Motoren dreiv eit skovlehjul som var montert bakarst på kjøredoningen. Skovlehjulet skulle da ta tak i snøen og slik drive farkosten framover. Prøvekjøringa gjekk frå Shelltanken og langs Storgata heilt til Betel, der dei snudde og kom oppover att. Storgata på Otta var snødekt, og snøen var hardtrakka. Det gjekk strålande, snøspruten stod bak skovlehjulet, og vi var mange som såg på og vart imponert. 

Men jomfruturen sørover frå Mysusæter inn mot Pungdalen gjekk ikkje som venta. Der var ikkje snøen hardtrakka. Snarare tvert imot, så skovlehjulet berre grov seg ned i snøen. Det vart mykje skyving og litt av eit slit for å få farkosten fram til Pungen. Eg trur ikkje denne oppfinninga vart brukt seinare.

Denne artikkelen er del 10 i serien Otta i femtiårom av Ove Kristian Haugaløkken.