Ragnhild hadde alltid godter på lur

Eg gjekk på besøk til Parken Tobakk av og til, for i andre etasje budde Ragnhild Olstad, mor til Pål Olstad som dreiv butikken. Ho hadde alltid godter på lur.

Av Ove Kristian Haugaløkken

Artikkelen fortset nedanfor bildet.

Liv Sandbu Løftingsmo har sendt oss dette bildet som far hennes, Pål Sandbu, tok av 17. mai-toget på Otta omkring 1955 på vei forbi Felleskjøpets lager, brannslangetårnet og Parken Tobakk.

Artikkel 9 av 26: Det var ofte Freia Brystkarameller som ho spanderte av. Og så sat vi og prata ei stund. 


Pål var alltid raus

Pål kunne av og til spørja om vi ville gå ærend eller hjelpe til med noko. ”Gode penger å tjene!” sa han da. Og han var alltid raus med betalinga. Det kunne vanke ein is, om det var årstid for det, eller ein femtiøring. 

Det var ikkje vanleg med faste vekepengar for ungane den gongen, men det hende vi fekk nogre skillinge når vi hadde gått ærend. Det kom godt med, når vi skulle spara enten til martnas eller til jul for å ha noko å kjøpe julegaver for. Men av og til vart nok skillingane brukte på godter også. 

Det var til Pål Olstad ein laut gå for å følgje med i det nye på godterifronten. Jungeltelegrafen gjekk når det var kome ein ny type tyggegummi.


Iskremutsalg om sommaren

I eine enden av Parken tobakk, mot Shelltanken, var det iskremutsalg om sommaren. Der stod Kari Killi og selde iskremkuler i kjeks. Når vi ikkje hadde pengar nok til godter frå Pål Olstad, var bronsukker bra å ty til. Det var billeg. Jacob I. Olstad (kolonial ogo lina) hadde store klumpar på hyssing i ei skuffe under disken. Ein kunne få ein skikkeleg bit for ein tiøring. 

Eit anna billeg godteri var treak. Den fekk vi kjøpt på apoteket. Det var svarte harde stenger som minte litt om lakris. Ei stang vara lenge. Treak vart nesten rekna for å vera sunt. På apoteket selde dei også Caroxin – medisinsk tyggegummi. Det skulle vera bra for både tenner og meir til. Vi fekk smaken til å vara lenger når vi togg inn ein sukkerbeta i tyggegummiknoa.


Druer å få hos Olstad

Ein dag nokre av oss gutungane stod oppe i Storgata, kunne Dagfinn Simensen fortelja at nå var det druer å få hos Pål Olstad. Det hadde vi aldri smakt, men Dagfinn fortalde at far hans hadde kjøpt, og at druer var frykteleg godt. Vi stod der og lurte på kor godt det eigentleg var, og om det var noko håp om å få smakt denne nye frukta. 

Spekulasjonane vart avslutta da Dagfinn svinga seg opp på sykkelen og sa: ”Nei, e fæ vel kåmå me hematt å tå me ein drue, e.” Vi andre var nok litt misunnelege. Men bestemor kunne fortelja at druer var oppskrytt. Dessutan hadde vi stikkelsbær i hagen.

Denne artikkelen er del 9 i serien Otta i femtiårom av Ove Kristian Haugaløkken.

Brannutrykning i 1947 på Otta. Til venstre for Nyborg, som huset Parken Tobakk, ses en flik av brannstasjonen. Lastebilen er fylt opp av brannmannskap på vei ut. Bildet er tatt fra Bakkehuset av Per Erling Bakke.

Ove Kristian Haugaløkken avbildet i det som seinere ble Mostugugate. I bakgrunnen ses butikken til Pål Olstad, branntårnet til å tørke slanger i og ysteripipa.

Parken tobakk var en av butikkene i Storgate på Otta i 1953.