Tur åt Stampun med Ola Blekastad

Ein dag såg eg at Ola Blekastad stod med hest og kjerre ved parken i Otta sentrum, og eg spurde kor han skulle.

Av Ove Kristian Haugaløkken

Artikkelen fortset nedanfor bildet.

Stampen mølle ved Ulafossen på Selsverket.


Prata om livet i sakte tempo

Artikkel 7 av 26: Han skulle åt Stampun med korn som skulle malast. Eg ville gjerne vera med, og det sa han ja til dersom eg fekk lov av mor. Han venta medan eg sprang heim og spurde. Så sat vi der på kjerra, Ola og eg, og prata om livet, på veg til Selsverket.

Riksveg 50 (nå E6) var ein grusveg med mange svingar og med stabbesteinar i vegkanten. Det var tidleg på sommaren og tidleg på dagen, og det var ein frisk trekk nordover langsmed Lågen. Vi møtte ikkje ein einaste bil. Det gjekk ikkje fort, så vi fekk god tid til å prate. 

Ola ville høyre kva eg dreiv med som mest om dagane, kven eg leikte med, og så spurde han om eg hadde kjærest. Eg ville ikkje innrømme at eg likte godt å leike med jentene, så eg sa at nei, jenter ville eg ikkje ha noko med å gjera. Dei var ikkje brukbare. ”Å”, sa Ola, ”døm æ nok lugume te inkort døm au.” Så lo han litt. Eg hugsar ikkje kva eg tenkte da. 


Forholdet mellom ungar og vaksne

Men minnet om turen saman med Ola til mølla nordi Stampun dukkar fram att av og til, når eg tenkjer på forholdet mellom ungar og vaksne. Ola tok seg tid til å føre ei meiningsfull samtale med meg, og eg fekk det for meg at det kanskje var heilt greitt å ha jenter som leikekameratar. For dei var i grunnen riktig lugume. Iallfall nokre av dei.

I det heile gjekk livet i saktare tempo den gongen enn det gjer nå. Det er i grunnen rart å tenkje på når eg sit her, nogreogseksti år seinare, kor raskt samfunnet har endra seg. I mine augo er ikkje seksti år særleg lang tid. Mykje har endra seg til det betre. Men tida, som vi hadde så rikeleg av før, har vi mist. Og den er vi visst ikkje i stand til å finne att.

Denne artikkelen er del 7 av serien Otta i femtiårom av Ove Kristian Haugaløkken.