Traff kjenstfolk gatelangs og jakta på godter

Ein spasertur langs Storgata, eller Hovedgata, som vi også sa på femtitalet, baud på møte med mykjy triveleg folk. Og så jakta vi på godter.

Av Ove Kristian Haugaløkken

Artikkelen fortset nedanfor bildet.

Mostuguhuset, der Arne Bergsvendsen dreiv Frukten fra 1961. Dette bildet er imidlertid fra 1970-årene.


Artikkel 8 av 26: Dette har kanskje ikkje endra seg så mykje, for når eg av og til er på Otta og ruslar langsetter gatene, tek det lang tid. Det er mange å prate med. 


Ein av dei eg møtte

Ein av dei eg møtte på 50-talet var Arne Mohn. Han var advokat, og hadde kontor i same huset som Frukten, frukt- og tobakksbutikken som Sigmund Blekastad dreiv i huset ved stasjonsparken, der kiropraktor Risheim nå held til.

Arne Mohn var svært glad i ungar, og ungane var glade i han. Når vi møttest, sa han alltid: ”Nei, vent nå, så ska du få någå rart.” Og så drog han opp ein pose med sukkertøy eller karamello frå frakkelomma og spanderte. Som oftast gjekk eg saman med Tufs, den svarte buhunden vår. Og da sa Arne ”Å n lyt få småkå, honn au.” Så fekk Tufs også eit sukkertøy, og vi rusla vidare.

Munnen full av godter

Ein av gutungane på Otta kom ein dag heim til mor si med munnen full av godter han hadde fått av Arne Mohn. Mor hans likte dette berre slik måteleg, for det var mange hol i tennene hos ungane den tida. Mora sa noko slikt som at ”N Arne Mohn kein jammen få betale teinnlægeregningje au!” 

Så neste gong guten møtte Arne Mohn og vart spandert på, sa han: ”O mamma sa at du skull betale teinnlægeregningje .” Arne skal ha svara: ”Ja, si at o lyt berre kåmå med regningen.” Det var ikkje utan grunn at Arne Mohn hadde ord på seg for å vera tvert igjennom snill.

Langs heile Storgata var det butikkar og bustadhus, og rundt om på Otta var det små handverksbedrifter og ulike arbeidsplassar som det var spennande for oss ungane å besøkje. Vi fekk koma inn dei fleste plassane, om det ikkje var for farleg for ungar å vera der. 

Nokre år dreiv Johs Lønberg (gitaristen) og bror hans, Peter, skomakarverksted i eit raudt stort hus som låg omtrent der parkeringsplassen ved Ottatunet er nå. I kjellaren dreiv Anton Lie smiu si, og i sjølve huset var det ved sida av skomakarverkstaden både møbelbutikk og rørlegger. 

Johs og Peter hadde godt lag med ungar, og særleg Johs fortalde lange historier om folk med rare namn som han dikta ihop medan han sat og reparerte sko. Slik fekk han oss ungane til å le og dikte med i dei komiske eventyra med eit underleg persongalleri.

Denne artikkelen er del 7 i serien Otta i femtiårom av Ove Kristian Haugaløkken.