Hesteskyss med Sigurd Stenersen

Det var vanleg med hest på Otta i femtiårom, og i sentrum dreiv Sigurd Stenersen og bror hans vognmannsforretning med hest.

Av Ove Kristian Haugaløkken

Artikkelen fortset nedanfor bildet.

Her møtes gammel og ny tid ved lasterampa til Otta Ysteri. Tiden da gardbrukerne kjørte melkespannene med hest til ysteriet ble med tiden avløst av ysteriets egne lastebiler som hentet spannene på de enkelte garder. Bildet er fra årene mellom 1950 og 1970. Fotograf var Marit Klashaugen og bildet er lånt fra Sel Historielags fotosamling.

 

Artikkel 6 av 26: Sjølv om det liva opp med både barnefilm og revy på Solvang innimellom, så var dei reine kvardagane slett ikkje så verst dei heller. Det var mangt å finne på, og mange å besøkje for å spørja om dei ville vera med ut og leike seg. Otta var ein liten plass, ungane leikte i gatene, det fanst nesten ikkje bilar, og alle kjende alle.


Hest fast innslag i gatebildet

Gardbrukarane rundt Otta hadde hest, og dei var eit fast innslag i gatebildet, på tur til og frå ysteriet eller Felleskjøpet der dei hadde ærend. På sjølve Otta dreiv Sigurd Stenersen og bror hans vognmannsforretning med hest. Dei budde i eit hus bak BP-stasjonen, seinare Norol, der dei også hadde stall. 

Den brune hesten til Sigurd var lunefull og kunne finne på å bite. Så vi heldt oss på avstand frå hugue på den hesten. Men Sigurd og broren Harald var tålmodige med oss ungane, og let oss få sitja på i den store kjerra med gummihjul når dei frakta varer frå godshuset på jernbanen og hit og dit på Otta.


Rann ned gjennom mjølrøyret

I murbygningen på nordsida av det nyare bygget som heiter Rondatun i Johan Nygaards gate, var det lager for mjøl eller kraftfor. Lageret var i andre etasje. På sørsida av huset, mot Rondatun, var det på utsida montert eit grovt røyr av stål som gjekk i spiral ned mot bakken. Det vart brukt til å sende sekkene ned til kjerra som stod rett nedanfor. 

Når kjerra var ferdig lesst, var det om å gjera for oss gutungane å få renne seg ned røyret. Røyret var glattpolert innvendig av alle sekkene, så det gjekk med ein viss fart på brokræven i svingane heilt ned, der Sigurd stod og tok imot oss. Dei tok seg tid til det, Sigurd og Harald, slik at vi fekk oppleva den spenninga. Elles var dei heller fåmælte båe to. Dei var alvorskarar, og eg kan ikkje hugse at eg såg dei drog på smilen.

Ein som det derimot gjekk an å prate med, var Ola Blekastad, gardbrukaren på Kongsparten. Han var eg på tur med åt Stampun, men det fortel eg om neste gong.

Denne artikkelen er del 6 i serien Otta i femtiårom av Ove Kristian Haugaløkken.