Kultur på Solvang og i Ysterisalen

I ysterisalen hadde vi mange fine opplevingar, blant anna med sanggruppa The Monn Keys med Sølvi Wang, men også på Solvang var det mykje moro.

Av Ove Kristian Haugaløkken

Artikkelen fortsetter nedenfor bildet.

Kulissemaling til Røde Buss-revyen. Det var Theodor Haugaløkken som måla kulissene. Til venstre skimtar vi eit lite hus ved ein liten bekk. I midten ser vi jenta som gjekk til skomakaren og ville ha sko, slik at ho kunne danse heile natta lang.


Songar og sketsjar på Solvang

Artikkel 4 av 26: Solvang baud på mange slags kulturopplevingar. Arbeidernes ungdomsfylking hadde eit par år på 50-talet noko dei kalla Røde Buss-revyen, som var ein del av valgkampen. Det var ungdom frå rundt Otta som var revystjernene.

Aslaug Øverli hadde pen sangstemme, og song ein sang om ei jente ved eit lite hus bak ein liten hekk ved ein liten bekk. Der sat ho og drøymde om at den store kjærleiken skulle koma. Ei anna ei song ein sang om ei jente som gjekk til skomakeren og ville ha seg nye sko slik at ho kunne danse heile natta lang. Dette var populære melodiar som vi hadde høyrt i Ønskekonserten.

Og så var det sketsjar. Theodor Andersen steig opp frå ei stor kasse med turban på hugue og eit klede rundt hoftene og spelte klarinett, medan han dansa ein slags dans. Han var eit komisk talent, og folk lo. Jarle Fossehagen, seinare ordførar i Sel, spelte rolla som jeger på harejakt. Men så måtte han på do, der i skogen på scena. Han var nesten ferdig og skulle berre turke seg bak da haren kom. Jegeren skvatt til, tok dopapiret i munnen, greip etter børsa, la an og skaut. Da lo vi enda meir.

Oddvar Rusten, som i fleire år dreiv butikk i Sletten-huset, hadde i ein sketsj rolla som tøffelhelt som måtte gjera husarbeid. Det likte han ikkje, så ein av kameratane hans rådde han til å si til kona at ”Nå er det slutt!” Da kona, som var Edel Moen, kom heim, dreiv Oddvar og vaska golv. ”Nå er det slutt!” sa han. ”Å, kå æ det som æ slutt?” spurde Edel. Da vart Oddvar så forfjamsa at han svara: ”På grønsåpun!” Og så vaska han vidare. Det var ustyrteleg komisk.

Alt var uskyldig humor, med mykje fin sang og feiande musikk. Musikarane var Reidar Stenersen på trekkspel og Johs Lønberg på gitar. Desse to var fast dansemusikk på mang ein fest på Otta i 50-åra.


Både proffe og amatørar

I ysterisalen, tilbygget til Otta ysteri frå midt på 50-talet, vart det også arrangert mangt som var verd både å sjå og høyre. Ein gong var sanggruppa The Monn Keys med Sølvi Wang der. Det var stort, for dei var kjende både frå grammofonplater og frå Ønskekonserten.

Ein annan gong vart det arrangert amatørkonkurranse i ysterisalen. Leif Rustad, kjent frå radioprogrammet Show i Store Studio var programleder. Johan Rudihagen, som var mekaniker på Kleivensverkstedet (Otta auto), deltok i konkurransen med å spela på luftkompressor. Fleire av dei frå Rudihagen var musikalske, og Johan var ikkje noko unntak. Han heldt luftslangen mellom fingrane, og spelte ein melodi med å vri litt på neven. Eg var imponert. Eit anna innslag eg hugsar godt var Kari Mølmen og Kirsten Jordet som song ein potpurri over mange av dei kjende slagerane på den tida, tostemt, og vann konkurransen.

Heile programmet vart tatt opp på lydband, og sendt i radioen ei veke eller to seinare. Da sat bestemor og eg tett inntil radioapparatet for å høyre på. Vi var stolte da vi høyrde Kari og Kirsten, - og så i radioen over heile landet, da! Kirsten var syster til mor mi. Brått hadde eg ei tante som var kjent frå radioen!

Det var forresten Otta sanitetsforening som var lokal arrangør av amatørkonkurransen på Ysterisalen i samarbeid med NRK og Leif Rustad. Det var i 1955. (Kjelde: Otta gjennom 100 år)

Denne artikkelen er del 4 i serien Otta i femtiårom av Ove Kristian Haugaløkken.