Barnefilm på Solvang

Film på Otta Kino var noko som liva opp kvardagen for barna på Otta på femtitalet. Etterpå leika vi cowboy og indianer.

Av Ove Kristian Haugaløkken

Artikkelen fortset nedanfor bildet.

Otta-cowboys. Inge Leif Larsen (til venstre), Dagfinn Simensen (til høgre) og Ove Haugaløkken sette opp telt i hagen i Mostugugata og øvde med krutlappistol. Det galdt å vera forberedt på indianerangrep frå ogo lina. Cowboydrakta mi var kjøpt hos J. K. Wangen. Der selde dei cowboydrakter på rull. Delane til drakta klypte mor ut og sydde bukse med frynser, belte og vest.


Kø frå Olsen på hjørnet

Kvardagar er det som kjent flest av. Men innimellom kvardagane var det nok av opplevingar som liva opp. Barnefilm på Otta Kino var ei slik oppleving. Det var ikkje så ofte, men desto gjævare var det. Da stod vi i kinokø frå Olsen på hjørnet og heilt til inngangsdøra på Solvang, før Anton Sagdalen slepte oss inn.

Gerd og Sverre Ulvolden selde billettar, Barbro Sagdalen stod i døra til vesl-salen og kontrollerte, og så var det å kappspringe fram til fyrste rad for å sjå best mogleg. Nokre av dei mest populære filmane blant oss ungane var ei periode ”Far til fire”-filmane. 

I eit par av filmane var ”lille Grethe” med. Ho var ei kjent barnestjerne på den tida, og mange eldre vil hugse henne frå sangen ”Teddyen min” som ofte vart spela i Ønskekonserten på radio. Dei som er yngre hugsar henne kanskje best som Grethe Kausland i Dizzie Tunes.


Tarzan- og cowboy-filmane var spennande

Filmar med Tarzan, jungelens konge, var spennande. Det var mang ein liten tarzan som klatra i bjørkene på Otta og slo seg over bringa medan vi brøla det kjende tarzan-brølet over Otta-jungelen etter ei slik oppleving. Cowboy-filmar var også noko vi likte å sjå – kanskje særleg vi gutungane. 

Roy Rogers og Hopalong Cassidy var dei store heltane. Roy Rogers song så fine cowboy-sangar. Kona hans heitte Dale Evans. Vi uttala namna nøyaktig slik som dei vart skrivne, for vi kunne ikkje engelsk. Dale Evans var svært pen i cowboyskjørt – om det er noko som heiter det – med frynser på. Hopalong Cassidy hadde ein vakker kvit hest som heitte Topper.

Når vi seinare leikte cowboy og indianer var det om å gjera å ta rolla som ein av dei to heltane. Jentene var Dale Evans. Dei som hadde sykkel, leikte at dei sat i salen på ryggen av Topper. Vi gjorde oss litt hjulbeinte for å vise at vi nettopp hadde stege ned frå hesteryggen.

Denne artikkelen er del 3 av serien Otta i femtiårom av Ove Kristian Haugaløkken.