Sondagsskulin – på utflukt til Sjoa

Den årleg utflukta med sondagsskulin gjekk til Stanviken på sjoa, der ein av medlemmane i baptistmenigheita budde.

Av Ove Kristian Haugaløkken

Artikkelen fortset nedanfor bildet.

Gebursdag hos Knut Moe. Bak, med stor gebursdagshatt sit onkel Anders. Til høgre for han ser vi fru Moe. Gebursdagsbarnet ser vi framfor og litt til høgre for fru Moe. Heilt til venstre på bildet er Berit Moe. Til høgre for henne ser vi augo og nasen til Torill Resset. Til høgre, med ryggen mot fotografen er Ole Jørgen Resset. Til venstre for han er Ole Kristian Fossmo. Dei to som sit fremst er Ivar Olstad og Ove Haugaløkken. Matrosdress var høgste mote på den tida.


Ei årleg utflut

Det var ikkje lange utfluktene vi gjorde, vi som var ungar på Otta på 50-talet. Det var fast tur til hytta om sommaren og i påska, og ein og annan fisketur langs Lågen. Ikkje det at vi sakna noko anna heller. Nesten ingen hadde bil. Men ei årleg sommarutflukt på sondagsskulin fekk vi. Den gjekk til Stanviken på Sjoa. Der budde Åse Stanviken, og ho var med i baptistmenigheita. 

Turen gjekk med lastebil, der det var plassert mange breie sete på lasteplanet. Det var bestemor som fylgde meg, og ho hadde utstyrt oss med rikeleg niste. På Stanviken var det andakt og sang, og ein kar som spelte mandolin til. Mandolin hadde eg aldri høyrt før. Det var fin musikk det. Sidan åt vi nista og drakk kakao, og det var flust med tid til leikar som å springe med egg på skei, hoppe i sekk, og kaste kil. Turen heimatt gjekk på same lasteplanet. Det var høge karmar rundt der vi sat. 

Eg var hoga til å stå for å sjå kor vi for, men det fekk eg ikkje lov til. Bestemor var alltid redd eg skulle stå i trekken og bli forkjøla. Bestemor sjølv vart som regel litt bilsjuk. Ho tåla ikkje lufta av eksos, så ho sat med eit lommetørkle over munn og nase heile vegen. Men ho ofra seg slik at eg skulle få denne opplevinga. For ei oppleving var det – det var ikkje kvar dag ein kunne dra til Sjoa.


Lat att augo og ba

Sondagsskulin vart alltid avslutta med ei bøn. Da skulle vi kneppe i hop hendene og lata att augo, medan læraren sa fram bøna. Eg trur det var ei bøn som vart laga på staden. Eg kunne ikkje dy meg, men måtte gløtte på auga for å sjå korleis dei andre såg ut når dei bad. 

Ein trufast medlem i baptistmenigheita gjennom fleire år heitte Sverre Moe. Han var gartner på Otta. Gartneriet hadde han øvst i Storgata, der han budde med familien sin. Dei hadde to ungar, Knut og Berit. Blomsterbutikken til Moe var i Bakkegarden. Sverre Moe var ofte til stades saman med ungane sine på sondagsskulin. Han var ein stillferdig og snill mann, og heldt att augo når vi bad. Innimellom sa han lågt: ”Ja, Jesus.” Eg skjønte at det var slik det burde gjerast, men vart vel aldri from nok til å få det heilt til. 

Før vi gjekk heimatt, fekk vi påminning om å vera snille med alle. Det heldt sikkert eit par dagar før lysta på ein rampestrek, eller fantstykjy som bestemor kalla det, tok overhand. Det var ikkje gjort på ein sondag å bli eit solskinnsbarn. Men det kom alltids ein ny sondag, og vi vart minte om det same på nytt.

Denne artikkelen er del 3 i serien Otta i femtiårom av Ove Kristian Haugaløkken

Sondagsskulin på Bet på sekstitalet, altså tiåret etter det Ove Kristian Haugaløkken skriv om i denne artikkelen. Bildet er sendt oss av Heidi Thomassen.