Sondagsskulin – onkel Anders og flannellografen

Ein viktig institusjon for mange Otta-ungar var sondagsskulin. Det var baptistmenigheita på Otta som hadde ansvaret, og kvar sondags føremiddag samlast vi på Betel.

Av Ove Kristian Haugaløkken

Artikkelen fortsetter nedenfor bildet.

 Sondagsskuleongein utanfor Betel. Bakarst, på trappa, med hatt, står onkel Anders. Knut Hammervold står i fremste rekke og viser stolt fram sondagsskulekortet sitt. Når ein hadde møtt fram fem gonger, fekk ein gullstjerne.


Flanellografen

Artikkel 2 av 26: Sondagsskulelæraren var ofte forstandaren i menigheita, eller baptistpresten som vi sa. Den baptistpresten vi ungane likte best, heitte Anders Teige. Vi kalla han berre for onkel Anders. Han var svært flink med ungar, fortalde levande frå bibelhistoria og illustrerte med flannellografen.

Flannellografen var ei stor treplate dekt med flannellstoff. Så kunne læraren klippe ut figurar i papp og lime tunn filt eller sandpapir på baksida. Dermed festa dei seg til flannelltavla. Figurane var englar, gjetarar, disipplar, eitt og anna eselet, og ein del sau. 

Spesielt i adventstida når juleevangeliet skulle forteljast. Der var stallen i Betlehem, ei stor stjerne over stallen, ein engel, barnet i krubba, Josef og Maria, eit esel, dei tre vise menn i fargerike kapper, gjetarar med lange stavar, – og nokre sauer. Figurane vart sette på etter som forteljinga utvikla seg.


Samla inn penger til Kongomisjonen

Eg tykte det var fint. Men endå finare var det ein gong det kom ein misjonær frå Norske Baptisters Kongomisjon. Vi samla inn pengar til denne organisasjonen. Misjonæren hadde med seg lysbildeapparat, og det var slett ikkje vanleg. På veggen bak podiet der læraren stod var det festa eit laken som bilda vart vist på. 

Han hadde mange bilde av sjukehus, skular, afrikanske elevar og norske misjonærar. Høgdepunktet var eit bilde av ein gorilla i bur. Han hadde vel vore innom ein dyrehage på turen nordover for å gi oss eit glimt av dyrelivet i Afrika. Han rugga til og med på bildet slik at det skulle sjå ut som gorillaen rørde på seg.


Vaktmesteren budde i fyrste etasje

Jo og Signe Hullet budde i fyrste etasje på Betel. Jo Hullet var også forstandar i menigheita ei tid, og hadde antakeleg i tillegg oppgåver som vaktmester på Betel. Jo tok dessutan på seg oppgåva som nisse på juletrefesten på Betel. Han var lett å kjenne att sjølv med maske på, for han heldt ofte hugu litt på skakke. Han var lett å kjenne att på stemma også, når han kom inn i salen der det høge juletreet stod og spurde med grann røyst ”Æ det någå snille onge her?” før han delte ut papirposar med godter frå ei stor balje som han bar med seg.

Jo Hullet fungerte også som sondagsskulelærar når det trongst. Ein gong heldt han ei lita andakt til oss om at alt var skapt av Gud, og illustrerte det med å fortelja om ein dag han gjekk over gardsplassen på Betel på veg bort i uthuset. Så fekk han auga på ein liten fugl som sat på gjerdet og vippa med stjerten medan han kvitra ”Jesus, Jesus, Jesus - Jesus, Jesus, Jesus!” Han viste med handa korleis fuglen vippa med stjerten. Eg sat ved sida av Inggard Blakar, og han var som alltid realist. Så han kviska i øyra mitt: ”Dæ va sikkert ei papegøye!” Vi streva fælt for ikkje å vise kor flirfulle vi vart. Det var ikkje god folkeskikk å flire under andakten eller bøna.


Alltid bøn til slutt

Det var mykje sang, og alltid ei bøn til slutt. Blant sangane vi song var ”Min båt er så liten og havet så stort”, og ”Gud vil jeg skal være et solskinnsbarn”. Til den fyrste sangen kunne vi gjera fakter med armane, slik at vi heldt hendene tett saman til ”min båt er så liten”, og hendene langt frå kvarandre til ”og havet så stort”. Når vi kom til ”når han (Jesus) styrer båten da går det så bra, på veien til himmelens land”, da gjorde vi som vi heldt i eit skipsratt. Og drøymde oss reint bort. 

Fleire av oss hadde nok ein draum om å dra til sjøs når vi vart store, slik som så mange ungdommar på Otta gjorde på den tida. Det var dei som kom heimatt på sommarferie med fargerike skjorter og amerikansk tyggegummi, og fulle av spennande historier frå fjerne strøk.

Denne artikkelen er del 2 av serien Otta i femtiårom av Ove Kristian Haugaløkken.