Otta i femtiårom

Ove Kristian Haugaløkken har skrive en ein artikkelserie om korleis det var å vekse upp på Otta på femtitalet. 

Av Kjell Arne Bakke

Artikkelen fortsett nedanfor bildet.

Otta på den tida Ove Kristian Haugaløkken vaks opp.Dette er et flyfoto frå 1955.


Artikkel 1 av 26: I artikkelserien som ble publisert fyrste gong på Facebook-sida Lokalhistorie fra Sel kommune våren 2017, deler Ove Kristian Haugaløkken minner som både eldre og yngre kan kjenne igjen og humre av.

Ove Kristian fortel dette om å vekse opp på Otta i femtiårom:

– Når eg ser attende på livet på Otta slik eg opplevde det på 1950-talet, ser eg at det var innramma av institusjonar, tradisjonar, og mest av alt av personar som eg møtte i det daglege. 

Skulen, der vi gjekk annankvar dag og hadde faste lærarar, var vel den viktigaste institusjonen, og den klåraste ramma rundt kvardagen. Men merkeleg nok hugsar eg meir frå mellomrommet mellom timane enn innhaldet i sjølve skuletimane. Det var då vi kasta på stikka, slo beill, leikte tyven-tyven med jentene, kasta sjogbeill, drog på oss straffevers, og prata med bestekameraten. Og det var dette eg kunne fortelja om når eg kom heim og mor spurde korleis det hadde vore på skulen i dag. Spurde ho om kva eg hadde lært, hugsa eg lite.

Ein annan viktig institusjon for mange Otta-ungar var sondagsskulin. Det var baptistmenigheita på Otta som hadde ansvaret, og kvar sondags føremiddag samlast vi på Betel.

Denne artikkelen er del 1 i serien Otta i femtiårom av Ove Kristian Haugaløkken.