Ottar Havn om krig og okkupasjon

I denne artikkelen fortel Ottar Havn si historie frå krigen, då han var aktiv i heimestyrkane.

Av Morten Tullut

Artikkelen fortset nedanfor bildet.

Dette er kva heimefronten kjempa mot, tyskerane sine herjinger på Otta i 1940. Bildet er lånt av Stig Sørlie Pettersen.


Arrestasjon kunne kome kva tid som helst

I Dølenes Blad mandag 4. juni 1945 fortalte Ottar Havn frå Verkensbakkom på Selsverket dette frå heimefronten sitt arbeid i norddalen:

Arrestasjon kunne koma kva tid som helst, men dei som var teki klarte forhøra bra. Men rassiane heldt fram og Flagstad – som hadde kjennskap til så mykje – fekk ordre av sjefane sine til å «stikke» over til Sverike. No kom han til meg og Gulbrandsen, seier Ottar Havn, og sa frå at han måtte ein tur ein tur til Lillehammer. Han gav Gulbrandsen viktige papirer, og bad oss leva vel.

Som vi forstod hadde han liten hug til å reise – men at det var nødvendig skyna vi snart, for berre nokre timar etterpå kom lensmannen for og henta han, men fekk det svar, at han var reist til sjukehuset.

Like etterpå kom telegrafist Olsen bort til arbeidsplassen vår med bod om at Gulbrandsen måtte koma til venteromet straks. Vi skyna kva som stod på, og eg lurde meg etter for å sjå korleis det gjekk. Jau, det var denne Kirsebom og ein tyskar som drog avgårde med Gulbrandsen i bil.


Det tynnast i rekkjene

Det tok da til å tynnast i rekkjene, men Ola Bismo eller «Håkon Bjerke» som han heitte mellom oss, arbeidde no ivrigare enn før. Eg hadde, etter at det kom rykter om enda strengare undersøkingar, fløtt radioen min til skogs – likeeins to rifler til Flagstad, som vi hadde ved husveggen heime, men ikkje lenge etter fløtte vi til gards med dette, og det som vågsamare var.

Det hadde elles stilna noko av med rassia og slikt. Eg installerte radioen min på kvisten i det nye huset eg hadde bygd. Og ein dag kom Ola Bismo og spurde om eg hadde høve til å ta imot ein kar som kom. Han kalla seg Sigurd Vestengen, men viste seg å vera den same «Leif» eller rettare sagt kaptein Gunleiksrud. Dette var på vårparten 1943. Karen kom, og Oluf, bror min min måtte få vite dette.
Ola Bismo var der mest kvar kveld og tala med han, og ein kveld kom Ola med ei kasse med instruksjonsvåpen som vi gøymde i flishaugen nedi kjellaren. (Denne farlege kassa hadde Bismo henta på stasjonen, og køyrde midt på blanke dagen over Otta med den).


Våpenøving i kjellaren

No vart det fastsett at det kvar kveld skulle vera «våpenøving» i kjellaren hos meg. Oluf var med, og likeeins Kåre Kleiven, som var ein ivrig heimefrontmann, og hjelpte Ola Bismo mykje. Likeeins var Ivar Sletten, Edv. Linløkken og Lars Gulbrandsen med. (Gulbrandsen, slapp ut av arresten etter ein månad, og dei trudde visst han var kurert da!).

Vi lærde oss kjennskap til helvitesmaskiner, «tidsblyanter» og detonerende lunter. Vi lærte korleis bruer o.l. skulle sprengjast, korleis vi ved ymse slag knep koma oss frå gestapo o.s.v.

Vi hadde det hyggeleg med kaffe, kaker og Londonnytt – og dreiv på til langt på natt. Kurset varde i 14 dagar – og da reiste instruktøren til andre lag for å læra opp andre i «gangsterfaget».


Ville bygge kåk i fjellet

Våren 1944 kom Ola Bismo og ville ha meg inn i fjellet for å byggja «kåke». Oluf Havn og Edv. Linløkken vart med på dette, og vi tok ut ein plass mellom Kampen og Havnsetra. Denne «kåken» var ferdigbygd og levert av «firmaet» Hans Enstad og Johs. Galstad, Vågå.

Dit var Thorstein Myhrom fra Vågå som kom køyrande med den. Han køyrde denne hytta helt fram til Øvre Havn, og leiste av dette midt på ljose dagen. Eg tok imot, for Oluf var på setra – og best det var kom det ein framand person som skulle tala med Oluf, men vi kjende oss trygge på kvarandre etterkvart ved hjelp av stikkord – og så viste det seg at dette var sjølve distriktssjefen. Han skulle ordne med å få sett opp hytta.

Seinare kom «Møller» (Lillehammerguten Einar Thorsrud), og Ola Bismo hadde ordna det slik at Edv. Linløkken skulle hjelpe «Møller» med dette arbeidet. Oluf køyrde materialane innover. Ei tid etter kom Myhrom att, og denne gongen med ammunisjon og Ola Bismo og Kåre Kleiven var med – og eg skulle da vera med å finne ein lugum plass å gøyma alt dette sprengstoffet på forsvarleg måte.

Knut Loftsgård, «kontakten» vår på fjellet, møtte oss inne i Uldalen – og no bar det til å bera kassene til skogs. Dei var svert tunge – sikkert sine 100 kilo kvar kasse – så vi måtte vera 2 mann om kvar kasse. Sjåføren og vaktmannen Myhrom tykte han og ville hjelpe til – og kom berende med siste kassen på ryggen!


Ammunisjonskassa var burte

Ei stund etterpå skulle vi innover for og henta og fordele denne ammunisjonen i området vårt. Det var Kåre Kleiven som hadde bil og Ola Bismo, Lars Gulbrandsen, og eg var med.

Vi fekk ein liten skrekk dein gongen for den eine ammunisjonskassa var burte! Nokre dagar etter spurde mor meg om eg hadde noko liggjande inne i Uldalen? Og no kom det for dagen at Hans, bror min, hadde vori på bærplukking og funne ei mystisk kasse som han hadde grava ned i ei steinurd.

Det var ei lykke at det var han som hadde komi over kassa, sa han.

Denne artikkelen er del av ein artikkelserie om krig og okkupasjon 1940–1945 av Morten Tullut.

Ottar Havn avbilda ved Peer Gynt-hytta saman med den nye drivaren der, Knut Olstad som har lånt oss dette bildet.