Telegrafist Ola Dahl fortel om Olav Bismo

Seinare ordførar i Sel, Ola Dahl, fortel her om Milorg-kameraten Olav Bismo og opptakten til heltedøden hans.

Av Morten Tullut

Artikkelen fortset nedanfor bildet.

Ola (Olav) Bismo (21. april 1917–22. oktober 1944). Bildet ble i sin tid lånt fra Aslaug Rusten. Ola var ansatt på Otta Apotek og var 23 år gammel da Norge ble angrepet 9. april 1940.


Starta med illegal post

Artikkel 2 av 6: Ein av dei som noko seinare kom med i arbeidet i heimefronten her oppe var telegrafist Ola Dahl som fortel dette om Olav (Ola) Bismo i Dølenes Blad fredag 8. juni 1945:

Eg vart med i 1943. Ola Bismo kom til meg og spurte om eg ville hjelpa han med å ta imot illegal post, for det vart for mykje for han å vinna over alt. Det gjorde eg gjerne.

Medan eg var på jernbaneskulen var det ein annan på stasjonen som tok imot posten, men da eg i 1944 kom att, overtok eg jobben att. No var det større trafikk og, for både distriktssjefen og adjutanten «Møller» og radioeksperten «snekkern» (Hans Bull) var i området her. Og no var det post mest annankvar kveld.

Oftast var toget veldig forsinka, så eg måtte vente til langt på natt. Denne posten skulle eg levere til Ola Bismo. Sume gonger var det nok meir enn post og. Tidleg på haustparten skulle eg ta imot 10 stk Stengun (maskinpistolar). Dette var «revemat» som eg skulle sykle til revgarden hans Reidar, bror min med.

Ein annan gong frakta eg ei kasse med instruksjonssaker – og til og med ei børse frakta eg på. Den pakka såg ut som ei buske eg kom frå gartnaren med, hvor ein syrenkvist stakk fram på toppen.


Olav Bismo kom for tidleg til Otta

Seinare på hausten kom det melding om at vi kunne vente oss rassia i Kvam og Sel-området, og vi fekk det travelt med å gøyma vekk det vi hadde. Ola Bismo var meint på å gå i dekning i Vågå. Han hadde sjukepermisjon da og var i Vågå i 5 dager, men diverre for han, kom han nedover for tidleg.

Da Ola Bismo fann heltedøden, laurdagsmorgon den 21. oktober 1944 i 7-tida, fortel Ola Dahl, var eg på stasjonen og henta post hos konduktør Aasen – og reiste nedover til Ola Bismo. Korleis det vidare gjekk nede hos Bismo skal vi no høyra. Det er Ragnhild Bismo, mor til Ola som fortel dette.


Mora si forteljing

Ragnhild Bismo (1894–1983): Da vi høyrde kva som gjekk føre seg ovanpå tok vi etter opp trappa. Utanfor døra stod Såtvedt – og da eg ville inn på rommet hans Ola for å hjelpe han – både slo og sparka Såtvedt meg, men eg ga meg ikkje før vi fekk opp døra og kom oss inn. Ola låg på golvet – men var no fullt bevisst.

Såtvedt ba meg på nytt å forsvinne, og da eg spurte om eg ikkje kunne få leggja ei pute under hovudet hans, slo Såtvedt meg ved øyra og truga meg på nytt om å gå. Da sa Ola – «berre gå ned att du mor». Da gjekk eg likevel, enda eg tykte alt saman var så meiningslaust at eg sansa meg mest ikkje på lang tid.

Nede i gangen stod ein tysker vakt, men han var så redd at han skalv. Vi prøvde å få koma opp til dei att, men dette vart nekta.

Etter at Såtvedt hadde romstert der oppe burtimot ein halvtime, gjekk Gudrun, syster hans Ola, opp likevel og spurde om vi ikkje kunne få lov å henta doktor. Tyskaren som stod vakt, vart da sendt avgarde, men først måtte han innom Betel og kommandere ut fleire tyskarar til hjelp. Såtvedt hadde no ordna så Ola skulle førast til kommandanturen, men da dr. Lundh kom, sette han gjennom at Ola måtte til sjukehuset, straks.

Berre eg og far hans fekk lov å gå ut i bilen og seia farvel til han, og den trøyst han kunne gi, den ga han: «Ver trygg du mor!» var det einaste han fekk seia.


Gestapist skulda på sjølforsvar

Til dei tyske vaktane sa Såtvedt at Ola hadde skoti og at det var i sjølforsvar han skaut. Såtvedt visste nok ikkje dein gongen at det stod eit vitne attom brannmuren. Eg visste heller ikkje kor Ola Dahl hadde gjort av seg, men eg visste han var deroppe. Derfor var det fælt å sitja innestengd nede, medan dei i timesvis ransaka og romsterte deroppe. Eg lova meg sjøl der eg sat at av meg skulle dei ingenting få visst, om dei så slo meg i hjel.Eg hadde elles enno Gudrun å verne om – for ho hadde hjelpt Ola mykje og visste om det meste han hadde gjort for heimefronten. Elles var eg redd dei kom til å svi av heile huset.

Siste orda til Ola gav meg likevel styrke til å halde dette ut. Heldigvis fann dei ikkje anna deroppe enn den posten Ola Dahl hadde komi med, og ei liste over nazistane i bygda. Rommet stengde dei og sa dei skulle koma att, og til meg sa Såtvedt at dersom eg seinare førde meg som eg no hadde gjort, skulle eg bli arrestert.

Da dr. Lundh fekk sjå korleis eg såg ut på kroppen, sa han medan Såtvedt høyrde på: «Bærer de seg at som svin?».


Endevendte Bismo-huset

Ragnhild Bismo fortel vidare: Ei vikus tid etter kom dei att og dei endevende alt ovanpå – braut sund – skar i filler dyner og puter, flerra divanen og tok eigedelene til Ola dei kom over. Det Ola var redd for hadde han heldigvis gøymd så godt at dei klarde ikkje finna noko. Og etterkvart kjende vi oss noko tryggare. Eg visste å finna att sakene hans, og så snart eg kunne, grov eg fram att radioen hans og fekk den avgårde til heimefrontfolk – eg visste dei hadde bruk for han. Arkivet elles fekk eg Ottar Havn til å ta imot seinare. Eg hadde da fløtt på og gøymt alt dette på ymse stader heime. Radioen har eg no fått att, og den vil eg gøyma som eit kjært minne om Ola. 

Ola Dahl fortel: Ho synte meg denne radioen, og eg fekk høyra på han. Det var radio i «lommeformat». Den var verkeleg ikkje større enn han godt gjekk ned i eit par karfolklommer. Da eg gjekk derifrå, hadde eg ei sterk kjensle av vi hadde enno to kvinner å takke og ære for innsats i kampen mot fienden.


Lillehamring vitne til det som skjedde

Morten Tullut legger til: Et vitne som sto ved brannmuren og så at Såtvedt skjøt, var Reidar Hansen (1924–2015). Han var fra Lillehammer og sammen med en annen lillehammergutt ble de to hjemmestyrke guttene omringet og arrestert på Randsverk av Gestapo, med August Stuckmann i spissen. Stuckmann var en beryktet tysk gestapist som herjet mye rundt Otta på den tiden.

Reidar Hansen hadde tidligere vært innom Ola Bismo på Otta og viste hvor han bodde. Da de to lillehammerguttene ble arrestert så ble de torturert på det groveste, og Reidar ble tvunget til å fortelle hvor Ola bodde. Reidar måtte derfor være med opp trappa iført handjern da Såtvedt like etter skjøt Ola Bismo gjennom «speilet» på døra.

Denne artikkelen er del av ein artikkelserie om krig og okkupasjon 1940–1945 av Morten Tullut. 


Etterord

Olav (Ola) Bismo fikk en ukjent grav. Hans død inspirerte Milorg-kameratene til enda sterkere innsats i kampen for Norges frigjøring. Minnet om han lever videre. På Otta bærer en av gatene hans navn. En bautastein er reist i jernbaneparken, der det 17. mai er en årlig kransenedleggelse.

Her kan du lese om Ola Bismo.

 Bismohuset på Otta før det ble revet. Foto: Palmar Ruste

De fire beryktede gestapobandittene Arne Såtvedt, Per Oppegård, Arne Brænd og "Gestapo Nilsen" ble etterlyst i flere av landets aviser mellom 12 og 14. mai 1945. Nilsen og Brænd ble ganske fort fakket og før pinse ble de to andre også tatt av heimestyrker og politi. De hadde hatt tilhold i Rendalsfjellene. Såtvedt og Oppegård ble funnet på Klettsætra, og da det ble skutt varselsskudd kom de ut av vinduet og overga seg. De ble da fraktet til Lillehammer. Bildet viser Oppegård og Såtvedt (i hvit jakke) omgitt av hjemmestyrkefolk.

Her er gestapistene fotografert på Suttestad i Lillehammer av Wilhelm Molberg Nilssen.

Bauta i jernbaneparken på Otta til minne om Olav Bismo.