Storsteinen

Høgt oppe i lia og litt nord-vest ligg bruket Storsteinein. – Der vart mor mi født i 1914, og eg fekk derfor hug til å skriva litt om dei som har budd der i bratta gjennom tidene, skriv Ingvar Lindstad.

Av Ingvar Linstad

Artikkelen fortsetter etter bildet

bruket Storsteinein med utsikt over Selsmyrene.

Ifølge bøkene «Norske Gardsbruk» var bruket på 12 dekar mold, anna jordbruksareal 4 dekar, produktiv skog 76 dekar. I følge Ragnhild Jordet, dyrka far hennar, Halvor Bosaaen, også opp eit jordstykke ovanfor det opprinnelige bruket.


Husmannsplass under Skjena

Storsteinein var husmannsplass under Skjena fram til 10. juli 1908.

Folket som budde der fram til cirka 1860 fløtte over til Linlykkja, og fekk da med seterretten i Kampen. Linlykkja hadde før seter på Mysuseter. Så det som før var Storsteinsetra er i dag Linlykkjesetra, men med same sel som var på «gammelsetra».

Ved folketellinga i 1865 budde det ein som heitte Ole Olsen der. Han var gift med Ingebor Knutsdatter. Det er oppført at dei hadde losjerande der også: Peder Elevsen og Rønnaug Olsdatter med sønnen Ole Pedersen. Rønnaug kunne vel ha vore dotter i huset.

Den 28. august 1909 vart eigedomen skjøta over til Ole K. Ulen for 1100 kroner.


Skjøta over til morfar

Den 5. november 1910 vart bruket skjøta over til Olaf Hansen, (senere Teighagen), min morfar, for 1175 kroner.

Ved folketeljinga i 1910 budde han der med sine foreldre, Hans Hansen Bjørnvolden og Marit Hansdatter Bondestadeie Klomstadlien fra Kvam. I tillegg budde systera hans, Anne Hansdatter der saman med mannen Petter Pedersen Bjørnvolden og to born, Peder (Bjørnvolden i Hole, gift med Marit Gjeitsiden) og Margit( gift med Ole Flåtten). Seinare fekk dei to born til: Magnhild og Harald.

Ikkje nok med det, det er også oppført ein Ole Knutsen med tittelen budeie. Både Hans, Olaf og Petter står oppførde som jernbanearbeidere, så da var det kanskje godt å ha ei hjelpande hand på eit bratt bruk.

Den 9. oktober 1911 gifta bestefar Olaf seg med Marie Lerhulen Berg. Det fyste bånet, Harald, vart født 19. november 1911 i Leiholo, og dei budde i eit hus der i starten, men fløtte etter kvart opp til Storsteinom. Der vart mor mi, Kristine, fødd 10. februar 1914.

På same tida fløtte foreldra til besterfar og systera med familie inn i Raudstugu nede på Verket. Etter dei siste opplyningane eg har fått låg denne sør for der Astrid og Edvart Linløkken sette opp huset sitt.

Raudstugu vart seinare fløtta over isen og sett opp att i Vesle-Gjeitsida.


Selde til Bosåen

Bestefar var anleggsarbeidar, og jobba på Raumabana. Bestemor trivdes ikkje så godt med å bli sitjande åleine med to born i Storsteinein (det andre bildet), så då vart det til at dei selde bruket til Ola Bosaaen i 1915 for 1000 kroner. Ola var gift med Hanna (det tredje bildet), den andre systera til bestefar. Dei hadde borna Halvor og Margit. Halvor bygde seg hus lenger nede i bakkane, mens Margit vart buande der til ho kom på Selsro.

Mine besteforeldre fløtte fra Storsteinom og inn i det eine huset på Garden på Selsverket, og seinare tok han dei med seg til Ormheim i Romsdalen, fram til dei fekk bygd seg hus i Kringjordet på Otta. Dei fekk fem born til: Målfrid, Engebret (Leirholo), Ester, Magda og Olga.

Nå er det Ingebjørg Uldalen og Amund Formo som eig Storsteinein, så nå er sirkelen slutta, i og med at Ingeborg er etterkomar etter folket som fløtte frå Storsteinom til Linlykkja på 1860 talet.

Den 9. oktober 1911 gifta bestefar til Ingvar Olav Lindstad, Olaf Hansen, (seinare Teighagen), seg med Marie Lerhulen Berg. Det fyste bånet, Harald (t.h.), vart født 19. desember 1911 i Leiholo, og dei budde i eit hus der i starten, men fløtte etter kvart opp til Storsteinom. Der vart mor mi, Kristine (t.v.), fødd 10. februar 1914, fortel Ingvar. 

Kan bruket Storsteinen (Storsteinom) høgt oppe i lia og litt nord-vest i Verkensbakkom ha fått navnet etter ein eller fleire steinar i nærleiken?

Bruket Storsteinen (Storsteinom)_ Kan det hafått navnet etter ein eller fleire steinar i nærleiken?

Steinene ved bruket Storsteinen (Storsteinom): Har bruket navnet sitt etter ein eller fleire steinar i nærleiken?

Høgt oppe i lia og litt nord-vest i Verkensbakkom ligg bruket Storsteinein med utsikt over Selsmyrene.

Eitt av husa i Storsteinen oppi Verkensbakkom.

Eitt av husa i Storsteinen med utsikt over Selsmyrene.

To av husa i Storsteinen oppi Verkensbakkom.

Frå Storsteinen er dt utsikt til Selsverket og Selsmyrene.

Raustugu lå sør for der Astrid og Edvart Linløkken sette opp huset sitt, altså nordafor Sel kirke på Selsverket.