Nysetra og gammelsetra til Leirholo

På Leirholosetra tømra dei opp ei ny seter, så tok dei gammelsetra og deretter måsåbua Jerusalem i Kampen.

Av Oddny Teighagen

Artikkelen fortsetter etter bildet

Den gamle Leirholosetra på Mysuseter før restaurering.

Det vart meire bygging for oss i Leirholo, neste gong på setra. Den gamle stod på leirgrunn som fløtte seg opp og ned i løpet av vinter og vår. Det kunne bety at vi hadde problemer med å få opp og att dørene når vi kom oppå der om sommaren. Setra vart både vind og skeiv og stokkane forvridde. Så vi bestemte oss for at vi måtte setja opp ny seter.


Tømra opp nysetra ved Otta-elva

Tømret var hogd i teigen vår inne i Uldalen, det vart baka på Hoff-saga. Vi var så heldige å få Mathias Kleiven til å tømre. Han tømra det opp på ei slette nede ved Otta-elva like ved sida av huset til Sigurd Flåten. Dit kjørte vi det baka tømmeret som vi tok av borken og la det opp til tørk. Så kunne Mathias sette igang å tømre når han fann det lagleg.

Tomta på seteren var arbeidsom. Det er leirjord der og vi ville ikkje at den nye setra skulle sige slik som den gamle. Fyrst grov Jørgen Letrud ut tomta med gravemaskin. Etterpå gjekk vi laus med hakke, spade, flåhakke og til og med murskei, ja alt oss kunne finne på for å få laus all leira frå det rønjege fjellet som er der. Da vi ikkje fekk laus meir på den måten tok eg og mor piasavakost og vatn og sopte der muren skulle bli. Enda klarte eg å sjå leire, så eg sleit ut ein stålkost.

I tillegg borra vi hol i fjellet og satte kamstål opp ned i tillegg til det vanlege. Muren har hedigvis stått "støtt som fjell", ingenting som har fløtt på seg der. Det var veldig artig da Mathias hadde tømra ferdig og merka det ned og vi kunne få kjørt det til fjells og få satt det opp. Det gjekk så fort – og det stemte med grunnmuren!


Så tok vi gammelsetra og Jerusalem

Ein del år seinare tok vi ned gammelsetra. Den heldt vi ikkje på å å lov til å setja opp att, men vi klaga og heldigvis gjekk det bra. Grunnarbeidet her var like omfattande som på nysetra og den står heldigvis roleg. Før mann min Hans begynte med setra hadde han gått laftekurs og det var bra, for her vart det mange stokker å skifte ut da dei var heilt forvridde. Her er eit bilde av den gamle Leirholosetra før restaurering.

Jerusalem, måsåbua vår i Kampen, begynte å bli falleferdig. Hans tok av taket, la nytt innertak, la på at de store steinhellene og skifta golv. Det var nødvendig da det hadde vore lekasje.

Måsåkjøring frå Kampen. Årstall ukjent.

Jerusalem, Leirholo si måsåbua i Kampen, etter restaurering.

 Faksimile fra en lokal publikasjon fra 1962 som viser bybarn som fikk med seg kalving på Leirholo-setra.

Oddny Teighagen hadde eit triveleg møte på fjellet.