Leirholosetra på Mysusæter

Om sommaren var vi på setra fra månadskiftet juni/juli til rundt martnan. Etter at skulen hadde begynt sat eg på ned med far om morgonen på motorsykkel, skriv Oddny Teighagen i denne artikkelen.

Av Oddny Teighagen

Artikkelen fortsetter etter bildet

Mari Teighagen (t.v.) og Ragnhild Havn baka i fleire dagar før dei skulle til seters.

Passa kyrne heime

Før vi reiste til seters måtte eg vera gjetar. Vi hadde fire–fem kyr. Det var tre dølakyr: Lykkeros, Brongås og Kinnros. Ei Telemarku som heitte Grethe og ei blanding av dølaku og NRF som heitte Hjertros.

Eg gjekk innover Uldalen og passa på kyrne slik at dei ikkje gjekk heimat for tidleg og heller ikkje rømte til fjells. Summe gonger gjekk eg heim at når dei var riktig opptekne av å beite. Ein gong gjekk det ikkje bra, dei rømte til seters. Da måtte vi berre ta etter. Det er ikkje sikkert vi var ferdige til det. Mor stod i eldhuset i fleire dagar og baka flattbrød. Jacob åt søyll, kvar dag sommaren igjennom. Ho måtte baka så vi hadde nok til ut i oktober både heime og på setra.


Triveleg, men arbeidssamt på setra

Det var triveleg å væra på setra. Eg sat ofte på dørstokken og leika meg med dokkene mine. Gjennom garden gjekk turistråket til Rapham. Der gjekk det mykjy folk og alle stoppa og prata. Ein dag kom det to gamle damer som sa: "Dere har det så deilig på fjellet. Her er det så stille og fredelig."

Eg berre såg storøygd på døm og tenkte: "Roleg, her? Nei, da skul døkk vore nere hjå oss da". Det var mange gjøremål på fjellet. Vi kunne levere mjølka på ysteriet, da det gjekk mjølkebil/buss, men det var mange byfolk som kjøpte mjølk hjå oss, og dei ville gjerne ha fløyte og rømme også. Da måtte vi separere. Eg lærte å setja i saman separatoren. Likeså sveive den, høyre på lyden når den gjekk fort nok til å få feit nok fløyte når vi sleppte på mjølka. Fløyten kunne vi selja som den var eller vi kunne syrne den til rømme. Folk bestilte på førehand. Skummamjølka fekk kalvane fyrst på sommaren. På hausten laga vi tjuke. Den kunne vi eta som den var eller ha i karve å få pultost. Tjuka kunne modnast til gammalost. Eg savna smaken og konsistensen på tjuka.

Vi låg sjølsagt på setra heile somaren. Hyttefolket brukte hyttene sine mykjy meir enn nå. Like etter at skuleferien starta kom byfruene og borna til fjells og var der nesten til skulestart. Eg fekk mange gode vener blandt byungene. Dei tykte det var morro å vera med på setra i vårt daglege arbeid. "Alle" ville lære å mjølke og nokre vart riktig flinke. Vi brukte vanlegvis å ha kalving i april, men eit år hadde vi ei ku som kalva på setra. Han fekk namnet Julius. Han vart svært gjæv. Da hadde vi mange underbudeier. Gøy var det visst å væra med på onna også.


Mor arbeidde mykjy på fjellet

Mor, Mari Teighagen, tok og på seg mykjy arbeid på fjellet. Ho var både på Rondane høyfjellshotell og på Mysuseter Pensjonat når dei trong ekstrahjølp. Hyttvask tok ho på seg, og i mange år var ho hushjølp/kokke på hjå Fürst, to–tre veker i månadsskifte august/september. Fürst var disponent i eit stort trelastfirma. Da vi dreiv og bygde skaffa han oss fin panel til stove, gang og eine soverommet til ein betre pris enn vi kunne fått det på Otta.

I slutten av august kom han opp på fjellet med sin frue og tre–fire av hennar venninner. Dei kosa seg der ei veke med mor som oppvarterske. Da han reiste innoverat med dei, vaska og pynta mor i hytta samt skiftet på alle senger. Slik at det var klart for storinnrykk.

Da han kom attende hadde han med seg ni kamerater, direktøre og disponenter heile gjengen. Ti svoltne karer som skulle vera der i ti dagar. Dei skulle ha mykje og god mat og god drikke. Om dagane var dei ute på små turer eller dei spelte bocca. Om kvelden gjekk det i bridge.


Herrane tok affære

Medan mor var der sleit ho med ein tett tårekanal, men ho hadde doktorskrekk så det var likeeins neste år. Da tok dei kommandoen og ordna Oslo-tur til henne, bestilte time hjå ein spesialist på Ullevål. Der vart det undersøkelse og operasjon.

Dei var og besøkte henne alle saman medan ho låg der. Det var ei dame på rommet som virka litt misunneleg og ein dag sa ho: "Jeg kan ikke skjønne hva du er for en dame, hver dag kommer byens fineste herrer og besøker deg og har med blomster og konfekt". Mor syntest nok det var litt artig.


Til skulen på motorsykkel frå setra

Etter at skulen hadde begynt sat eg på ned med far om morgonen på motorsykkel. Det kunne til tider vere iskaldt. Han kjørte meg nedpå Botten og så var eg hjå Kari og Engebret til skulen byrja og etter den var ferdig til far henta meg. Da reiste vi innom heime og arbeidde før vi reiste opp på setra at.

– Slik brukte eg å sitja med dokkene mine. Da prata eg med alle som gjekk turistråket gjennom garden, fortel Oddny Teighagen.

Blakken dreg slepriva. Jo Toftdahl fekk ein tur på ryggen, mens systera Hanne steller med Blakken.

Solbu, hytta til Fürst på Mysuseter.

 Mari Teighagen var i mange år trofast husholderske hos Fürst-famIlien på Mysuseter.