Haustonna, grisslakting, vatn og nytt våningshus i Leirholo
Etter at vi fløtte ned att frå setra skulle åkern skjerast og potetene takast opp. Når kornet hadde tørka skulle det truskast. Det var ein stor dag.
Av Oddny Teighagen
Artikkelen fortsetter etter bildet
Engebret Teighagen (t.h.) og Peder Bjørnvoldeni Leirholo saman med grisen Nøsse som skal slaktast.
Truskarverket på omgang mellom gardene
Truskarverket gjekk på rondgang mellom gardene og arbeidslag følgde med, som regel ein frå kvar gard, alle hjalp til. Den dagen måtte vi ordne oss på med mykjy mat og drikke slik at alle vart gode og mette. Ingen skulle gå svolten frå ein truskardag.
Da eg va onge trudde eg at skulbrokje var ei bukse vi skulle bruke på skula – men da eg vart så stor at eg skulle prøve å vera med å skjæra åkern fann eg ut kva det var. Den natta sov eg nesten ikkje for eg hadde så vondt bak i låra og leggene at det var ikkje til å tru. Det var skulbrokje.
Seinhaustes var det grisslakting. Fyrst var det Ola Havn som for rundt på slakting, da han vart for gamal vart det Peder Bjørnvolden.
Det fyrste bildet viser far, Engebret Teighagen (t.h.) og Peder Bjørnvolden saman med Nøsse, grisen vår, som skal slaktast. Det andre bildet viser meg, mor (Mari Teighagen, fødd Bakkom) og Jacob Berg (fødd Leirholo) med ein kalv. Forhåpentlegvis skal ikkje den slaktast, men skal berre ut for fyrste gong.
Vatn frå ein djup brunn og frå Ula
Vi hadde eit djup brunn like nord for stabburet der vi henta drikkevatn. Alt anna vatn måtte kjørast frå Ula. Hugsa godt når Blakken kom med ei stor vasstynne på slæa, og detta gjekk så fort at vatnet spruta og alt såg ut som ein stor isklump.
Blakken vart kjøpt etter krigen, såkalt tyskerhest. Han har nok vore hardt kjørt der, for så fort det var teke i taumane og smatta så skar han avgarde som om styggen sjøl var etter honom. Far fortalde at han var "skavtråt" til å begynne med, så dei hadde mykjy arbeid med å roe han ned. Eg tykte han var snill for eg fekk ri på han og eg var heller ikkje redd for å ta han i luggen og fløtja på han.
Fekk skjøte i 1965
I 1965 fekk Mari og Engebret skjøte på Leirholo. Dei satte straks i gong arbeidet med å få bygd nytt vånningshus. Fyrst og fremst måtte dei få i orden lån. Det fekk dei frå Landbruksbanken, men dei fekk berre 5.000 kroner. Årsaken var at Jacob budde saman med oss. Det skulle vera ei belastning. Jacob hadde aldri hatt så god råd som etter at han tok i mot alderstrygd, noko han nekta å ta i mot før han vart 76 år. For, nei, han skulle ikkje vera på forsorgen.
Med berre 5000 i lån tok det si tid før huset stod heilt ferdig da pengane måtte tjenast før dei kunne brukast. Rommet mitt var det fyrste som vart ferdig og eg tok det i bruk hausten 67. Huset vart teken i bruk i 71. Jacob døde i januar dette året, og da måtte vi skrapa i hop så vi fekk kjøpt møbler slik at vi kunne ha gravølet heime.
Oddny Teighagen, mor hennar (Mari Teighagen, fødd Bakkom) og Jacob Berg (fødd Leirholo) med ein kalv. Forhåpentlegvis skal den ikkje slaktast, men skal berre ut for fyrste gong.