Leirholo

Dagens slekt kom til Leirholo på 1800-talet. I 1907 kjøpte gamle Jacob Leirholo nabobruka Amundstugu og Klinkenberg av Kari Formo, og i dag er dei ein del av garden.

Av Oddny Teighagen

Artikkelen fortsetter etter bildet

Dette bildet er frå ei feiring i Øvre Bekken, kanskje i 1920, frå Ola sin 70-års dag.

Etter det Jacob Berg (fødd Leirholo) fortalte meg, skal Leirholo vera ein av dei tidligast befolka plassane i Sel. Han fortalte ei historie som hadde gått i arv i generasjoner, ho var slik:

Det var to brødre som gjekk nordover Gudbandsdalen for å finne ein plass å busetja seg. Den eine busette seg i Bredebygden, enten på Bræe eller på Solhjem. Han ville drive fiske i Lågen. Den andre busette seg i Leirholun og han skulle fyrst og fremst jakte – og sansynlegvis fiske i Ula. Etter ei tid kom det ein tredje bror av dei som ville slå seg ned i Kleivmillom. Det vart alt for tett befolka, så det kunne dei ikkje ha noko av. Da han ikkje ville fløtja frivillig så gjekk dei saman og tok livet av han.


Slekta vår kom til Leirholo 1800-talet

Eg har i gunnen vore redd eg skulle væra av slik folkety, men det er eg heldigvis ikkje da slekta mi kom til Leirholo i 1840-åra. Det var Jacob Olsen Sandbakken frå Sel født i 1815 og gift med Ragnhild Engebretsdatter Kleivro som var født i 1821. Ifølge folketellinga frå 1865 står Jacob oppført som husmann med jord og skomaker. Dei hadde tre born:

1. Eli født i 1845. Ho vandra nordover til Målselv.
2. Ole født 1850. Han kom til å busetja seg i Øvre Bekken.
3. Engebret født i 1854 (seinare registreringar 1855). Han overtok i Leirholun.

I eit jubileumshefte frå da Sel kyrkje var 250 år kan ein, under kapitlet «Restaureringar» lesa følgjande: «Kyrkja vart bordkledd i 1870-åra. Det går også fram av gamle nedteikningar at Engebret Lerhulen og Ola Bekken kledde tårnet og tårnfoten med sinkplater.» Engebret og Ola var brødre.

For meg høyrdest det ut som eit vanskeleg og farefullt arbeid.

I folketellinga fra 1900 er Engebret Jacobsen Lerhulen, min oldefar, født i 1855, oppført som husmann med jord og skomaker. Han var gift med Kari Eriksdatter Fenøien som var født i 1858. Dei hadde åtte born:

1. Jacob fødd i 1884
2. Ragnhild fødd i 1886 og gift med Anton Åteigen frå Dovre
3. Maria, min bestemor, født i 1888 og gift med Olav Teighagen
4. 4. Anne f 1891 gift med Elias Ulvolden
5. Kristian (tvilling), fødd i 1893 og gift med Olga Riise frå Lora
6. Einar (tvilling), fødd i 1893 og død 1914
7. Klara fødd i 1896 og ugift, budde heime og døde av tuberkulose i 1937
8. Emil fødd i 1899 og gift med Olga Lornstad

Alle fire brødrene til Kari emigrerte til Amerika som ungkarer, og i 1901 mottok ho eit brev som var svært rørande. 

Jacob Leirholo kjøpte Amundstugu og Klinkenberg.

Jacob, bror til bestemor, var fødd i Leirholun 28. juni 1884 og døde 10. januar 1971. I folketellingen for 1900 står han registrert som jordbruksarbeider. Eg kan hugse at han fortalte dei gjekk over til Atna på onne-arbeid.

I 1907 kjøpte Jacob Amundstugu og Klinkenberg av Kari Formo. Da han slo det i saman kalla han det Berg, gårds- og bruksnummer 261/4. Han tok da namnet Berg som etternamn og det gjorde både foreldrene, hans brødre og hans ugifte søster Klara.

Han tok over Leirholo fra foreldrene sine på 1930 talet ein gong. Faren døydde i 1936. I den opprinnelege Leirholo står nå berre stabburet att. Låven vart teke ned og tømra saman med låven i Amundstugu. Det er den gamle tømralåven som framleis står der. Jacob var ikkje gift.


Ikkje lett å sjå for seg grensene mellom eigedomane

Leirholo (Lerhulen) er den delen av garden som ligg ovafor husa. Stabburet står i Leirholun, vånningshuset låg synnafor, fjos og låve nordafor. Jordet gjekk nedover til husa i Amundstugun, vidare nedover nordafor fjoset, godt og vel halvveigs ned mot vegen, så gjekk det nordover att og opp i ein steinmur i havnlykja vår. Amundstugu hadde den største jordvegen. Husa ligg nå i Amundstugu, jordet gjekk heilt ned til gjerdet på Øvre Kolbotn og nordover til og med Halvorflata og oppover at langs steinmuren.

Klinkenberg var den nørste delen. Det er att ei hustoft i hamnlykja. Grensa mot Leirholun var den tidligare nemde steinmuren. Nedafor den stakk jordet fram som ei støveltå mot Amundstugu. Det fyldge ein ny steinmur ned til Halvorflata og rundt denne – litt nordover att og ein steinmur oppover att. Det var ein gjeile mellom Rukin og Klinkenberg.

Eg har prøvd å forklare grensene mellom desse tre bruka ut ifrå gamle steinmurer som var på jordet da eg var ung. Det er vanskeleg å sjå det for seg da den nye bakkingsvegen som kom i 1976 delte jordet vårt i tre. Ikkje nok med det, men dei trong mykjy fyllmasse til vegen og fekk den store steinrøysa som låg nord for fjoset og fleire steinmurer. Jordet vart sjølvsagt lettdrivegare når steinmurane vart burte, men akk så historielaust.


Opplevde tuberkolosa

På 1930-talet herja tuberkolosa i Sel, og den kom og til Leirholo. Her var det både gamle og sjuke folk. I 1934 flytta far, Engebret Teighagen (fødd 7. februar 1918), hit for å hjelpe til. Det vart både gardsarbeid og pleie av gamle og sjuke folk. I løpet av eit par år døde både Kari, Engebret (død 1936) og Klara av tuberkolose. Far fortalte at han tok over drifta fra da, men han hadde nok drivi saman med Berg i fleire år.

Etter at far og Jacob vart einslege begynte far å arbeide borte attåt. Om vinteren tok far og Ola Rønningen på seg tømmerhogst. Han arbeidde på skiferbrot på Kleivroåsen og noko på Otta Sag.


Starta ved Gudbrandsdal slakteri

Hausten 1956 begynte han som sauklyppar ved Gudbrandsdal slakteri. Deretter vart det fast ansettelse i mottaket/fjos. Eg hugsar godt det vesle "kontoret" han hadde med eit bord (hylle) i passe høgde for å notere stående. Var kontoret lite, var vekta dess større. Den var fyrst og fremst brukt for å vega smågris som skulle seljast. Etter kvart tok han over innmeldinga og fekk stort kontor.

Størst var det da han fekk heile 2. etasje i huset som Flatmoen hadde budd i. Der var det til og med bad som vi kunne bruke, noko eg benytta meg av rett som det var, da vi ikkje hadde innlagt vatn heime. Far vart med da slakteriet flytta til Selsverket og arbeidde der til han vart pensjonist i 1985.

Far gifta seg i 1949 med mor, Mari Bakkom frå Lalm som var fødd 5. januar i 1921. Mor hadde plantefarga garnet til bunaden og brodert den sjølv. Eg vart fødd i desember 1949. Mor tok seg av alt som hadde med krøtterstell å gjera. Etter at vi fekk elektrisk sauklyppemaskin gjekk ho rundt på gardane og klypte sau for folk.

 I folketellinga fra 1900 er Engebret Jacobsen Lerhulen, min oldefar, født i 1855, oppført som husmann med jord og skomaker. Han var gift med Kari Eriksdatter Fenøien som var født i 1858.

 Alle fire brødrene til Kari emigrerte til Amerika som ungkarer, og i 1901 mottok ho eit brev som var svært rørande. Dette er den første delen av brevet.

Alle fire brødrene til Kari emigrerte til Amerika som ungkarer, og i 1901 mottok ho eit brev som var svært rørande. Dette er den andre delen av brevet.

Jacob Berg (fødd Leirholo) tok over Leirholo frå foreldra sine på 1930-talet ein gong.

Leirholo, Amundstugu og Klinkenberg: Klinkenberg var den nørste delen. Det er att ei hustoft i hamnlykja. Grensa mot Leirholun var steinmuren. Nedafor den stakk jordet fram som ei støveltå mot Amundstugu. Det fyldge ein ny steinmur ned til Halvorflata og rundt denne – litt nordover att og ein steinmur oppover att. Det var ein gjeile mellom Rukin og Klinkenberg.

Engebret Teighagen gifta seg i 1949 med Mari Bakkom frå Lalm.