Selsverket skule

Selsverket skule har vore eit samlingspunkt i bygda heilt fram til i dag, ikke berre for elevane. Der gjekk barna fra Verkensbakkein saman med dei nede frå flata.

Av Olav Barhaugen

Artikkelen fortsetter nedenfor bildet.

Selsverket skule – 100 år i 1966.

 

 

Selsverket skule vart tatt i bruk i 1866, og var da den fyrste faste skule i Sel. Tidlegare var det omgangsskule som var inndelt i kretsar og roder. Skulekretsen Midtre Sel gjekk
frå Dahle og Blekastad i sør, til Formo i nord.

Denne var inndelt i tre roder:
– Søndre rode med skulestad i Kringom og Loftsgård
– Midtre rode med skulestad i Stampen og Skjenna
– Nordre rode med skulestad i Formo

Skulemeisteren måtte da halde skule nokre veker på kvar stad.


Frå omgangsskule til fast skule

I 1860 kom lova om fast skule, og arbeidet med å etablere skular kom raskt i gang. Dette var før jernbana kom til Otta, og det var Selsverket som var bygdesentrum. Det var naturleg at skulen
måtte vere på Selsverket, og tomt ble peikt ut rett overfor kyrkja. Det var bygdefolket sjølve som sto for både levering av tømmer og saging. Det var eit par karar frå Tullut som sette opp
skulehuset som står der den dag i dag.

Til å begynne med var det visstnok skule i søre rommet og lærarbolig i det nørdre. Seinare vart det småskule i eitt rom og storskule i det andre. I midten var det kjøkken og kontor/lærarrom. Til å
begynne med gikk alle elevane i Midtre Sel krets på Selsverket, men når det ble skule på Otta ble kretsgrensen for Selsverket satt til Bekken/Kleivmellom i sør og Formo/Notrast i nord.


Mange lokale lærarar

Den første læraren på skulen var Hans Leth Jordhøy frå Lesja. Han var der til i 1874, da overtok Johan Nygaard som hadde posten i 40 år. Nygård som kom frå Skårå på Nord-Sel, kjøpte Botten
på Selsverket og vart også Sel kommune sin første ordfører i 1908. Barnetalet auka, og i 1884 vart skulen 3-delt og frå 1902 vart det full 4-deling.

Ymse lærarar var innom i småskulen før Kari Stampen overtok i 1911. Da ho ga seg i 1922 var det ei anna Kari frå Selsverket som overtok, nemleg Kari Ulmo som var syskenbarn med Kari Stampen. Johan Nygaard slutta i 1914 og etter ham var det fleire lærarar innom, fram til Pål


Drivenes kom til bygda i 1927

Drivenes var både lærar og klokkar, og ein respektert mann i bygda som sette sterke spor etter seg. Til tross for at han var innflyttar hadde han bedre styr på folk og slekter i Sel enn enn dei
fleste innfødde.

Drivenes gjekk av med pensjon i 1965, etter 37 år. Kari Ulmo vart pensjonist i 1931, og hadde da heile 48 års teneste som lærar i bygda.


Berre småskule frå 1966

Etter Kari Ulmo var det Ruth Kjorstad frå Fron som overtok småskulen fram til 1948 da grendas eigen Astrid Uldalen Linløkken overtok. Ho var der i 15 år, og i 1963 tok Solfrid Nårstad over.
Ingebjørg Rødølen og Maj-Britt Svastuen var også innom kateteret på Selsverket før Bjørg Høie Henriksen vart den siste læraren på denne tradisjonsrike skulen som vart nedlagt i 1988.

Det blei akkurat 100 år med full skule på Selsverket, fram til det ble 9-årig skule i 1966. Fram til nedleggelsen i 1988 var det berre dei tre fyrste klassetrinna som vart att på Selsverket.


Samlingspunkt i grenda

Men Selsverket skule var ikkje berre eit skulehus, det var eit samlingspunkt i grenda. Her hadde Ula Sangkor sine øvingar. Det var basarar og ymse arrangement. Årets høgdepunkt var nok
juletrefesten der unge og gamle var samla til fest. I mange år var det to-delt juletrefest, med ein kveld for ungar og ein kveld for vaksne. Marit Britstuen spelte på trø-orgel og alle gjekk rundt juletreet og sang med kvart sitt nebb. Presten var innom og sa noen velvalte ord, og nissen kom med gåver.

På juletrefesten vart også verkingenes egen avis «Verkingen» lest opp. Her var det humoristiske skråblikk på ymse hendelser i kretsen gjennom året som var gått.


Tradisjonsrik 17. mai

Vi må heller ikkje gløyme 17. mai som fortsatt blir feira på tradisjonell måte på Selsverket. Det starter med tog gjennom grenda før alle samlast ved skulen. Her er det leiker for barna, fisking
etter pakker, sekkeløp, potetløp, natursti og skyting med luftbørse. Og sjølvsagt utlodding av fruktkorg. Dette ble arrangert av ein komité som ble utnemnt på juletrefesten og hadde som oppgåve å arrangere 17. mai og neste juletrefest.

Tidlegare var det også vanlig å bruke skulehuset til samvær etter gravferder. Den gongen var ofte gravferdene på laurdagar slik at flest mogleg kunne delta, og det var difor ikkje skule da.


Grendelaget etableres

At verkingane slo ring om skulen sin blei enda tydelegare når spørsmålet om nedlegging kom. Bygget var gamalt og umoderne, og det var også tvil om tilveksten av elevar i tida framover.
Allereie midt på 70-tallet begynte arbeidet med tanke på ei utviding av skulebygget for å gjere det meir moderne. Første skritt var å lage toalett inne i skulebygget slik at man kunne rive uthuset med utedoar.

Selsverket Grendelag blei etablert og samla inn pengar til eit tilbygg. Kreativiteten var stor, og det ble arrangert basarar og andre tilstellingar. Det ble også dyrka korn og lagd kornband som blei
solgt før jul.


Formeringspokal

For å oppretthalde skulen trengte ein også elevar. For å få opp elevtalet tok lærarane Maj-Britt Svastuen og Bjørg Henriksen i 1981 initiativ til ein uhøgtideleg formeringskonkurranse. Dei skaffa
to pokalar og bestemte at kvert nytt barn som ble født i kretsen skulle gi eitt napp i ein pokal. Dei to første para med to napp skulle få pokalen.

Allereie etter to år blei første pokal delt ut til Marit Skau og John Bekken. Dei fekk første napp allereie i 1981 med sønnen Markus, og i 1983 tok dei pokalen med dottera Barbro. Da hadde
allereie ti andre par eitt napp i pokalen, og spenninga var stor om kven som skulle få den andre pokalen. Men med tvillingane Ragna og Ingebjørg gjorde Anna Ulmo og Knut Linløkken kort
prosess og sikra seg pokal nummer to i 1986.

Til tross for et stort engasjement ble skolen nedlagt våren 1988, etter 122 års samanhengande skoledrift.


Frå skule til barnehage

Men verkingane ga ikkje opp. Grendelaget inngikk avtale med kommunen om etablering av barnehage, og etter ein stor dugnadsinnsats gjennom sommaren sto barnehagen klar for å ta
imot små verkingar hausten 1988. Grendelaget dreiv denne som ein privat barnehage, og klarte å samle saman et lite overskot i tillegg til det som hadde blitt samla inn i tidlegare år.

Da kommunen overtok barnehagedriften i 2005, og det etterlengta påbygget endelig skulle bli ein realitet, kunne grendelaget overrekke ei gåve på ein halv million kroner til Sel kommune.


Påbygget sto ferdig i 2007

Barnehagen er fortsatt i drift til tross for planar om sentralisering. I over 150 år har små og store føter gått over dørstokken, og det gamle skulehuset har vore eit samlingspunkt i grenda. Vi må håpe at det fortsetter slik.

 

Dette bildet er sendt oss frå Stein Tore Havn Karlsen. Han lurer på om nokon veit når det kan vere tatt. – Kan det vere Hans Leth Jordhøy som er læraren? Han trur det må vere ein stor søskenflokk med på bildet, ettersom så mange er like.

 

Eit gamalt bilde av ei skuleklasse på Selsverket, truleg ca. 1873. På bildet sitt syskenborna Kari Stampen og Kari Ulmo. Truleg uvitande om at dei mange år seinare skulle bli lærarinner på skulen.

 

Syttande mai har alltid samla mykje folk på Selsverket. Dette bildet er truleg frå tidleg på 1900-talet.

 

Her er syttande mai-toget i 1948 på veg sørover verket. Bildet er innsendt av Stein Tore Havn Karlsen.

 

 

Dette bildet har vi har fått tilsendt frå Magne Naarstad, ein av dei mange tidligare elevane på skulen. Bildet er truleg frå 1948. Foran frå venstre ser vi Tora Lien, Marit Drivenes, Inger Dahl. Bak frå venstre står Einar Lie, Trygve Haugstulen, Oskar Ulen, Arne Nårstad og Magne Nårstad.


Eitt av mange klassebilder som er tatt vare på, og henger på veggen i skulehuset. Det er fra 1957. Storskulen helt til i søre rommet, og Pål Drivenes var lærar. Bildet er tatt fra Facebook-gruppa Selsverket Skole, og er lagt inn av Ola Dahl, som også har skrevet kven som er med på
bildet.
1. rekke til venstre: Bjørg Tamburstuen Myren, Turid Nesset og Solveig Bjørnevolden. 2. rekke: Ragnhild Bosåen Jordet, Gerd Eva Kvåle Tamburstuen, Inger Ulen og Eva Nårstad. 3. rekke: Hans Svastuen, Ola Dahl, Finn Bakkeberg og Ola Jehans Stampen. 4. rekke ved glaset: Knut
Berg, Knut Harald Johansen og Odd Formo.

 

Ola Dahl har også funnet frem bildet av småskulen samme året (1957). Dei heldt til i nørdre rommet, og Astrid Linløkken var lærarinne.
Fremste rekke nærmest: Randi Svastuen, Vera Simenstad, Inge Rudi, Einar Barhaugen, Hans Kolbotn, Helge Bakkeberg og Bjørn Bjørnvolden Midtre rekke nærmest: Øyvind Hansen, Svein Ulvolden, Per Dahl, Oddny Teighagen, Stein Tore Karlsen, Magne Stampen og Terje Formo. Bakerste rekke nærmest: Knut Leren, Lillian Lien, Randi Bjørnvolden, Ingebjørg Rudi og lærer Astrid Linløkken.

 

Frå Facebook-gruppa Selsverket Skole kjem også dette bildet som Tore S. Lie har lagt ut. Han meiner årstalet er 1973. Pål Drivenes var rett som det var innom sin gamle arbeidsplass, og dette bildet blei såvidt vi veit tatt i forbindelse med ein avisartikkel om Drivenes som da fylte 75 år. Dei som er med på bildet er: 
Bakerst frå venstre: Ingebjørg Rødølen, Ellen Haugstulen, Mona Haugstulen, Bård Haugstulen, Nils Iver Hågå, Anders Formo, Arne Kampesæter, Steinar Solberg, Tore S. Lie, Torgrim Spartveit og Bjørg Henriksen. I midten frå venstre: Kjersti Løkken, Bjørn Petter Kleiven, Lars Ivar Ulmo, Ole Johnny Kleiven, Rolf Letrud, Jorunn Rønningen, Anita Tangen, Sissel Løkken, Karin Løkken og Heidi Bergum. Foran frå venstre: Laila Spartveit, Pål Drivenes og Grethe Formo.
Tilbygget til skulen vart planlagt på 80-talet og her ser vi tre av dei siste elevane ved skulen som syner fram modellen av det planlagde bygget som skulle huse både skule, barnehage og grendehus. Bildet er frå arkivet i GD. Frå venstre: Synnøve Simenstad, Camilla Ulvolden og Roy Frode Bjørnvolden.

 

Grendelaget arrangerer innimellom «mimrefest» der tidligare elevar ved skulen er spesielt inviterte. Dette bildet er frå 2004. Der møttes Olav Sørlie (til venstre) og Mathias Barhaugen. Dei begynte på skulen i 1924 og delte pult gjennom heile skuletida. 80 år seinare inntok dei skulepulten på nytt.

 

Bildet viser den nye fana som vart tatt i bruk den 17. mai 1981. Fana er gjort på dugnad: Motivet er laga av Anna Marie Lie, dreiinga er utført av Reidulf Bjøkne og Kåre Kleiven, og mødre til elevane har både sydd og brodert. Her er alle som har arbeid med fana, bortsett fra Anna Lie og Ellen Bekkestuen.
Bakerst frå venstre: Maj-Britt Svastuen, Torill Kolbotn, Ester Hågå, Reidulf Bjøkne, Kåre Kleiven (halvt skjult bak duskene) og 17. maikomitemedlem Ingrid Stampen som held fana. Sittande på trappa fremst frå venstre: Bjørg Henriksen, Lisa Bjørnvolden, Randi Gjetsiden og Britt Myrum. Sittande midt på trappa frå venstre: Tove Stampen, Marie Bjøkne, Åse Nordnes. Ståande fra venstre: Målfrid Tamburstuen og Elin Svendsen.

 

«Elevproduksjon» i bygda», skreiv ukebladet Allers i ei reportasje frå Selsverket i 1986. Faksimile: Allers

 

Tvillinger ga napp i vandrepokalen, skreiv Dagbladet den 18. juni 1986. Knut Ola Linløkken og Anna Ulmo tok fyrste stikk i formeringspokalen som skulle sikre nok elevar ved Selsverket skule. Faksimile: Dagbladet

 

Fana fra Selsverket skule.

 

 

Fanebærer: Dette bildet er frå 25. august 2012, då Kjell Grytbakk deltok i fanetog på Otta.

Ny fane for Selsverket skule vart ferdig til 17. mai 1981. Her er dugnadsgjengen.

 

Intervju med Ottar Havn i ei av lokalavisene om korleis det var å begynne på skule på Otta etter å gått dei fyrste åra på Selsverket. Faksimilen er sendt oss av Stein Tore Havn Karlsen.


Olav Barhaugen forteller dette omdette bildet: – Jeg har fått dette bildet fra Gro Johnsgård Aateigen. Årstallet er ukjent, men det kan jo tenkes at det er fra hennes oldefar Sigurd Stampeløkkens skoletid. Han var født i 1890, så da kan bildet være fra rundt århundreskiftet. Det er vel Johan Nygård som står bak der? spør han.