Hundstad – ein gamal husmannsplass ved Otta

På jordet sør for Kongsparten ved baksidevegen mot Sjoa står ei lita løe, restene av eit lite husmannsbruk – frå gamalt av under Bollongen og Berget som den gongen høyrde Romundgard til. Navnet fekk det av ein hund som støtt sto og gjøydde då folk gjekk forbi.

Tekst: Ole Arnfinn Torgersrud med tillegg av Per Erling Bakke
 

Teksten nedafor sto i Dagningen 9. oktober 1954. Det var usignert, men trulig er det skreve av Ole Arnfinn Torgersrud som var avisas faste og einesta Otta-korrespondent frå 1951 og litt ut på 60-tallet. Teksten er publisert i samråd med Ole Arnfinn Torgersrud sin familie.

Hundstad i 1954. Foto: Dagningen

«Medan «byen» Otta er i stadig vokster med nye hus og moderne innslag av det som høyrer vår tid til, treng du ikkje gå så langt ut frå sentrum for å finna tun og tufter, som ligg likeeins nå som for hundrevis år sidan.

Du svingar berre over jarnvegsbrua og sørover forbi Kongsparten og ute på flata på grensa mellom Kongsparten og Bollongen vil du koma inn mellom små og låge og solbrende gamle hus, som har stått urøyvde i aldri så mange år nå.

Hundstad heiter bruket, og det har si eige soge:

Faksimile frå Dagningen 9. oktober 1954.

Frå gamalt var det husmannsbruk under Bollongen og Berget som den gongen høyrde Romundgard til. Da desse gardane vart selt, var ein kar som dei kalla Stor-Pål med å sette opp kjøpekontrakta. Han Stor-Pål var «skriftlærd» i motsetning til mange andre på den tida, og litt av ein sjøllærd sakførar for bygdefolket. Så fekk han kjøpt husmannsbruket, som til da hadde vore kalla Bollungstugu. Men etter han Pål busette seg der hadde han ei sneldrebikkje til å stå ute i tunet og bjeffe mot folk, og så tok folk til å kalla staden Hundstad som sidan vart det faste namnet.Nå er det lenge sidan sneldrebikkja hans Stor-Pål gøydde på folk som kom til gards, og gongstigane i tunet er for lenge sidan attgrodde. Dei gamle husa, som er bygd av sjeldan smått og spinkelt tømmer, tek til å bli hardt medfarne av alder og år.

 

Men slik dei står der, er dei eit interessant minne om kår og krav i ei tid som er fjern soge for oss som lever i dag. Eigar av Hundstad i seinare tider er fru Signe Haugen.»

 

Hundstad i 2015

Kongsparten i år 2000 med den tidligare buplassen Hundstad foran. Foto: Per Erling Bakke

I dag er det berre løa som står att. Jordvegen som grensa til Kongsparten vart ved ein handel i 1970-åra ein del av jordvegen til denne garden, i bakgrunnen på bildet. Tidligare hadde det vore eit leigeforhold.

Signe Haugen, som er nemnt som eigar, var frå Blekastad der ho vart fødd i 1880. Ho var gift med Johannes Haugen som var mangeårig lensmann i Sel og Heidal.

Bruket er ikkje nemnt i folketellingane. Ei sikker kjelde fortalde meg ein gong at målar Johannes Mathiesen og familie budde der, og at det var ein værhard plass vinterstid. Med det spinkle tømmeret må ein rekne med at det var eit kaldt og hustrig hus. Husa vart revne i byrjinga av 1980-åra. Ein del av tømmeret var fortsatt brukbart og vart brukt på ny.

Men, når kom det fyrste husmannsfolket og slo seg til der, tru ?