Minnestein reist for 50 år siden

I 1964 ble det på Aamodt reist en minnestein ved 150-års minnet for Grunnloven. Her er et utsnitt fra en artikkel i Årbok for Gudbrandsdalen 1964, skrevet av Martinus Høgåsen.

 

Av Per Erling Bakke, Otta

Les også:
Sjoa-mann var med å vedta grunnloven

Prins Christian Frederik besøkte Kringen i 1814

Avdukong av Harildstads minnestein på Sjoa i 1964."Ordførar Paul Benna legg blomar ved steinen, der Paul T. Harildstads ætlingar står flaggvakt. Dei er Randi Bragelien og Thor Helga Villa."

Faksimile Gudbandsdølen 19. mai 1964.

 

17. mai var det folksamt i Åmotstunet. Aldri har det vore slik stas der, trur vi. 17. mai-toget med born og vaksne i sin beste stas og med Sel Musikkforening i br­­odden marsjerte inn gjennom porten. Kva var det no det galdt?

Alle ville vere med og hylle og ære Eidsvollsmannen. Sjoa Ungdomslag, Nord-Fron kommune og Dølaringen hadde gått saman om å reise ein minnestein her på garden hans Pål attmed det svære tuntreet som han sette ned med eigne hender i 1814.

Formannen i Sjoa Ungdomslag, Jon Moen, ynskte velkomen. Sjoa mannskor song så det ljoma under sprettande lauv i vakkert ver og skapte straks den rette høgtidstemninga.

M. Høgåsen heldt avdukingstala, og ordførar Paul Brenna tala og la ned blomar ved minnesteinen. Anna Lillegård las prologen om ”Treet i Åmotstunet” vakkert og stemningsfullt.

Ved steinen sto Randi Bragelien og Tor Helge Villa, båe ættlingar etter Eidsvollmannen, flaggvakt, og mange av ætta hans elles som var komne der. Til slutt var det takketale av sonen på garden, lærar Ola Åmodt.

Minnesteinen etter Paul Thorsen Harildstad 
på Aamodt gard på Sjoa

Minnesteinen på Aamodt gård på Sjoa.

Aamodt gard på Sjoa

Aamodt gard på Sjoa.Aamodt gard med treet som eidsvollsmann Paul Thorsen Harildstad planta våren 1814.

 

Sjoa vandrerhjem, Aamodt gard på Sjoa

Sjoa vandrerhjem, Aamodt gard, med minnesteinen og tuntreet etter Paul Thorsen Harildstad.

Les også:
Sjoa-mann var med å vedta grunnloven

Prins Christian Frederik besøkte Kringen i 1814

Denne artikkelen ble første gang publisert i Norddalen og på Selhistorie.no 8. mai 2014.