Det har vore handel på Bjølstadmo sida 1869

Med si sentrale plassering vart Bjølstadmo tidlig ein naturlig samlingsstad for bygdefolket i Heidal, med krambu alt i 1869. Her var det kafé og hit kom lasskjørerene (ferdmennene) etter dei hadde vore i dølabyen for å hente varer.

Da Jon Garmo overtok butikken tok han firmanavnet Johs. Garmo Eftf, slik dette bildet fra 1993 viser. Butikken hadde da fortsatt manufaktur og jernvarer som en del av vareutvalget. Der det er handel møtes bygdefolket, og det gjorde de sannelig da butikken som ledd i sin markedsføring inviterte til grillselskap en sommerdag dette året. Foto utlånt av Jon Garmo.

Artikkelen er basert på det Øistein Garmo fortalte

Johannes Garmo (1870–1949)

 

 

 

 

 

 

 

Øistein Garmo (1905–1990)

 

I denne artikkelen frå 1988 tek Mari Jensløkken (Ringen), på grunnlag av det handelsmann Øistein Garmo fortalte henne, oss attende til siste del av 1800-talet da dei fyrste handelsmenn starta handel i Bjølstadmo.

Artikkelen bringer spesielt historia om Garmobutikken frå starten da far til Øistein, Johannes Garmo, starta landhandel i 1904.

Det vart innleiinga til fire generasjoner av familien Garmo si handelsvirksomhet i Bjølstadmo. 

I årenes løp har både butikk og vareutvalg vorte utvida og der begrepet assortert landhandel favner over eit vidt utvalg av varer.

I dag kjenner vi butikken som Kiwi Heidal, en rein dagligvarehandel der tredje generasjon, Jon Garmo, dreiv butikken i 38 år fram til 2010, da fjerde generasjon, Jon Kristen Garmo tok over.

Dermed fører han vidare den tradisjonsrike familiebedriften som oldefaren starta for 107 år sida.

Handelen i Bjølstadmo
Skreve av Mari Jensløkken i 1988

Krambu på Midtre Åseng i 1869

I Bjølstadmo har det vore drivi landhandleri i mesta 120 år. Ole Moen fra Vågå (kalle vesle-Moen) byrja handel der i desember 1869. Han var gift med gardgjenta på Midtre Åseng, og han dreiv fyrst handel der. Den gongen låg garden nedanfor vegen, og Ole fekk flytta husa dit dei ligg nå. Han bygde ei lita stugu i Bjølstadmo til krambu, og den eldste delen står der framleis. Stugu vart bygd på seinare og tente som bustadhus heilt fram til 1955.

Det var vanskelege tider, og det gjekk ikkje sa bra med handelen for vesle-Moen. Han gjekk konkurs, og på kontoen hans hjå Bergseng på Lillehammer stod det "oppgjort og avgått ved døden". Etter at han døydde reiste enkja med fem ungar til Amerika. Som så mange andre på den tida, såg dei vel ingen annan utveg.

Har en hus får en au kjerring

Om handelen vart slutt for ei tid, var det likevel ikkje folketomt i Mo. Pa Bjølstad var det ein husbondskar som heitte Ola. Han var vel det ein kallar "høgre handa" åt husbonden sjø1v, og var sikkert den mest tiltrudde blant tenestefolka. Omlag 1860 skulle dei byggja ny bru over Laugen ved Sjoa (Kollo-brua), og tømmeret vart hogge i Bjølstad-skogen. Det laut vera solidt vyrke til eit slikt byggverk. Ein skjønar at det var grovt tømmer, for Ola fekk "skate" dvs. toppen av stokken, og av det bygde han seg stugu i Mo.

Nå da han hadde eige husvære laut han ha kjerring til å stelle og. Heilt ubudd var han nok ikkje, for han hadde allereie to søner med ei gjente fra Runningen. Men han hadde og eit godt auga til ei som heitte Synne, og valet vart vanskeleg. "Dei fekk kappspringe til kyrkja, så tok han den som kom fyrst", er det hermt etter han! Synne vann, og dei budde i Mo til sin døyand'dag. Dei fekk ein einaste son, og som vaksen reiste han ut og busette seg på Vestlandet. Ingen høyrde noko fra han, og han sette aldri sin fot i Heidal meir.

Foreldra døydde rundt årsskifte 1909–10 med eit par vekers mellomrom, og han kom ikkje eingong til gravferda. Johs. Garmo og Pål Prestgard ordna med auksjon etter Ola og Synne. Pengane fra auksjonen vart sende til sonen, og det vart sett opp ein kross pa grava deira.

På leit etter røtene sine 

Sumaren 1986 fekk Øistein Garmo besøk av ein kar som synte seg å vera soneson til Synne og Ola. Han hadde hug til å sja kvar far hans kom fra, og staden der røtene var. Øistein var med han på kyrkjegarden og synte han grava til besteforeldra, men krossen som Johs. Garmo hadde fått sett opp der, var borte nå. Stugu som bestefaren hadde bygd kunne han diverre ikkje få sjå i Mo, men ho er å finna på Lillehammer, og truleg fekk han sett henne der.

Denne stugu vart bygd på ca. 1930, med svalgang på to sider og tropp opp til eit kvistrom. Syverine og Nikoline Treteng flytta inn og budde der. Nikoline døydde i mars 1948, og Syverine budde i "Synne-stugu" til 1955. Da vart stugu seld til John Andersen og flytta til nedre Heidal, like opp for Storøygardsbrua. Etter at John døydde vart stugu seld til Heyerdahl jr.– son til den kjende Thor Heyerdahl  – og flytta til Lillehammer.

Hovsløkkens landhandleri

Attende til handelen i Mo:

I 1880-åra kom ein kar fra Ruste ved Vinstra, Amundsen Hovsløkken og tok opp att verksemda. Han bygde ei tvihøg stugu og opna butikk i fyrste høgda under namnet Hovsløkkens landhandleri. Til og med kjellaren var tømra, og råmen tæra sjø1vsagt hardt på trevyrke under jorda og veggene råtna etter kvart.

Amundsen var og styrar pa Kruke som på den tid var eigd av eit Oslo-firma. Firmaet gjekk konkurs, og det fekk og fylgjer for Hovsløkkens landhandleri. Dette var i midten av 1890-åra, og Bjølstad overtok huset og brukte det til overnattingsrom for sumargjestar. Det var kanskje fyrste tilbod om "bondegårdsferie", som har vorte populært for byfolk att i våre dagar.

I Mo heng det eit bilete fra 1896 av den gamle "butikken". Det var ikkje tilfeldig fotografering (det var vel ikkje noko bilete pa den tida!). Prins Gustav av Sverike skulle på reinsjakt ved Randsverk, og han overnatta på Bjølstad. På biletet er det samla ein heil flokk med byfolk (feriegjestar), og dei hadde laga ein flott portal av lauv og med ein stor G i midten til ære for prinsen. Bak på biletet er festa eit utklypp fra "Gudbrandsdø1en" der det celebre besøk er omtala. Einaste heidøl ein kjenner på biletet er Ymbjørg Aaseng (bestemor til Semon Prestgard).

Johannes Garmo hadde allsidig handelspraksis

Johannes Garmo fra Lom kom som ung gut til Vågå Handelsforening og var handelsbetjent der i to år. Men utferdstrongen førde han til Lillehammer, og det var langt avgarde den gongen. Jarnvegen var ennå ikkje komen til Gudbrandsdalen, og hesteskyss var einaste framkomstmiddelet. Ein kan tenkja seg at det tok eit par dagar, ei anna verd mot bilturen på under to timar i vår tid!

Johs. vart verande hjå Bergseng i ni år, men i 1898 sette han kursen mot norddal'n att. Han vart styrar ved Hedalen Handelsforening og var der i seks år. Men han hadde vel hug til å driva for seg sjø1v, og i 1904 leigde han "gammelbutikken" i Bjølstadmo og opna handel der. Leigekontrakta med Bjølstad stod ved lag heilt til 1931.

Ola i nabostugu snekra hyller, og snart såg det ut som ein skikkeleg landhandel att. Firmaene Th. Lunde på Lillehammer og Joh. Johannson i Oslo leverte varer på kreditt, og av Pål Kvarberg Slette fekk Johs. eit lån på 2000 kroner i startkapital. Det var tronge tider og ikkje alltid lett å få inn att for det folk handla på "krita".

Gjekk att  

Familien budde i gammelstugun (frå 1869) og over butikken hadde dei eit soverom som dei kalla Jeriko. Øistein Garmo fortel at han som liten gut ein dag kom opp på dette romet. Da stod det plutseleg ei gjente på omlag same alder på golvet der, og dei såg på kvarandre før ho like brått vart borte att. Dette fortalde han ikkje til dei vaksne, men seinare fann han ut av gravstøtter på kyrkjegarden at handelsmannen Amundsen hadde ei dotter som døydde da ho var 7 år.

Amundsen hadde og ein son, Anton, som reiste til Amerika. Men fyrst syrgde han for eit minnesmerke etter seg i Mo. Han planta ei bjørk i tunet der, saman med andre ungdomar m.a. Sigrid Prestgard d.e. Dette tuntreet står der den dag i dag, eit flott tre, der det har vore mang ei triveleg kaffestund under lauvhenget.

Johannes Garmo kjøper gard

Folket i Mo interesserte seg og for gardsdrift, og fyrst i 1920-åra bygde dei låve og fjøs. Dei hadde ei ku, og dei fekk "vinne" dvs. slå graset i utmarka på Rudi

som Bjølstad eigde. Inntil låven var det grishus til sumarbruk.

I 1931 fekk endeleg Johs. Garmo kjøpt eigedomen Bjølstadmo med jordet inntil, kalla Båshaugen, ein skogteig nordpå skogen og ein synnafor husa, alt for kr 25.000.

I 1926 overtok Johs. Garmo garden Søre Ekre og dreiv garden med gardsbestyrer intil dottera Sigrid Heringstad og familien overtok sist i 40-åra.

Det må og nemnast at i 1923 kjøpte Øistein Garmo den fyrste bilen, ein T-Ford, til å køyra varer fra Sjoa. Det var ikkje mange bilar å sjå etter vegen i Heidal den gongen, så det var ingen tvil om kven det var når det dukka opp slike køyrety!

Desse har drivi Garmo-butikken

Johannes Garmo

Johannes Garmo (1870–1949) født i Lom. Handelsbetjent ved Vågå Handelsforening i to år.

Seinere handelsbetjent i ni år hos Bergseng på Lillehammer. Handelsbestyrer av Hedalen Handelsforening 1898–1904. Dreiv egen handel på Bjølstadmo 1904–1947. I 1926 overtok han garden Søre Ekre og dreiv den med lomværen Jo Gaupar som gardsbestyrer.

Øistein Garmo

Øistein Garmo (1905–1990) løyste handelsbrev i 1934 og starta dette tiåret egen handel på Leirflata, der han dreiv Leirbu Handel. I 1945 gjekk han i kompaniskap med Johan Stebergløkken, eit samarbeid som varte til 1948. Han tok over butikken etter far sin i 1947 og dreiv den fram til 1972, da han leide den bort til neste generasjon.

Jon Garmo

Jon Garmo var 24 år gamal da han i 1972 leide butikken av far sin. Året etter tok han over for godt og dreiv under firmanavnet Johs. Garmo Eftf. Butikkonseptet skifta med tida frå tradisjonell landhandel til tidas moderne sjølbetjening. I 1995 vart han tilknytt matvarekjeden Kiwi og firmanavnet vart endret til Kiwi Heidal. Han beholdt likevel manufaktur og bygningsartikler to–tre års tid. Seinere vart det rein dagligvarehandel. I 2010 overdrog han butikken til neste generasjon.

Jon Kristen Garmo

Jon Kristen Garmo er født i 1982 og var således 28 år gamal da han i 2010 tok over butikken. Den er fortsatt i Kiwikjeden, men har Garmo Handel A/S som firmanavn.

 

Garmobutikken inn i nye lokaler

Gammelbutikken vart dårleg bygningsmessig sjøl om handelen gjekk bra. Den fuktige kjellaren gjorde at det ofte stod ein vassdam inntil disken. Våren 1927 reiv dei ned heile ruklet. Denne sumaren dreiv dei handel på låven, og det var nok godt det ikkje var så stort vareutval som nå!

På Bjølstad dreiv ein Kristiansen fra Lillehammer og restaurerte dei gamle husa, og han tok på seg heile butikkbygget for 3000 kroner. Han leigde Hans Granrud og Eilev Dypdalen til å tømre, og etter akkorden vart det ti kroner dagen på dei. Det var støypt kjellar under heile huset, med rom for varelager. Kristiansen sjø1v stod for panelinga, og det gjekk raskt unna. Han arbeidde rasjonelt, kappa opp panel i ferdige lengder og slo på mesta alt på ein dag! Mathias Fjerdingren snekra diskar og hyller, og på lageret skulle det vera mjølbøler.

I oktober stod den nye butikken klar, og dei kunne flytta inn frå låven og ynskja kundane velkomne til litt varmare lokaler.

Kona til Johs., Borghild f. Treteng, fekk ikkje oppleva denne store dagen. Ho døydde i 1926, 56 år gamal.

Tørkestugu for korn (tørs´stugu) var gjerne plassert eit stykke frå garden på grunn av brannfaren. Bjølstad hadde tørs'stugu der ysteriet nå ligg. Ho laut vika plassen for ysteribygget ca. 1920, og Johs. Garmo kjøpte stugu og sette ho opp som lagerbu i Mo. Det var to høgder med utvendig tropp opp til loftet. I fyrste høgda var det mjøllager, og på loftet var det papirvarer og leirty.

Etter kvart hadde tørs'stugu utspelt si rolle som lagerplass, og i 1979 kjøpte Riksantikvaren stugu og sette ho opp att på Bjølstad. Såleis kom tørsstugu frå 1783 attende til sitt rette miljø, og eit moderne garasjebygg fekk plassen etter henne.

Gudshus vart lagerhus 

På ysteritomta stod og ei gamal, lita kyrkje. Ho var flytta dit ned fra Bjølstad, og vart ståande ved sida av det nye ysteribygget. Her vart ho nytta som lagerhus for mjøl og kunstgjødsel, ein noko uærbødig bruk av eit gudshus, kan ein seia! Garmo leigde lagerplass der heilt til kyrkja vart nedteken i 1946. Ysteriet skulle byggja lagerhus på tomta, og dei kosta riving, flytting og tekking over stokkane. Slik vart "gammelkyrkja" liggjande ved sida av Heidal kyrkje til ho vart sett opp att og vigsla som kapell i 1964.

Garmo starta filial på Leirflata

I 1930-åra vart bygginga av "fylkingsvegen" bortover Murudalen sett i gang, og med det fylgde mykje folk og aktivitet. Garmo leverte varer, og det var ikkje lite som skulle til åt ungdom i hardt arbeid. Øistein Garmo fann difor ut at det var like greit å opna ein filial i Rindhølgrenda, så vart ikkje frakta så lang. På den tida var folketalet i grenda stort frå før, og dei hadde lang veg til butikken nede i Bjølstadmo. Dermed vart den fyrste Leirbu Handel bygd, og Thv. Sletmo var handelsbetjent.

I april 1945 vart Johan Stebergløkken medeigar og styrar av Leirbua. Han gjekk inn med kr 3000 og Øistein Garmo med kr 6000. Johan hadde løn på kr 175,- pr. månad, og eit mogleg overskot skulle delast med 1/3 på han og 2/3 pa Øistein. I 1948 kjøpte Johan ut Øistein og vart sjø1eigar av Leirbu Handel.

Øistein Garmo tek over og bygger ut

Øistein Garmo overtok butikken i Bjølstadmo etter faren i 1947. Johannes Garmo døydde i 1949, 79 år gamal.

I 1951 bygde Øistein stort, nytt lagerhus på andre sida av vegen og i 1955 nytt bustadhus inntil butikken. Året etter vart butikken ombygd. Lagerromet og kontoret vart rivi i hop, slik at heile flata vart butikklokale. Store speglglasruter endra fasaden, og inngangen vart flytta rundt hjørnet. Ein av dei gamle diskane med sirlege rader med skuffer til salt, sukker, rosiner, mandlar og mykje anna, vart seld til Maihaugen.

Jon Garmo fornyer og bygger ut

Kvittering fra 1994, 
da Heidal fotball handla kioskvarer.

 

Jon Garmo leigde butikken av far sin i 1972 for eit år. Han laga "sjølbetjening" i lokalet, og det var noko nytt. I 1973 overtok han og laut da endra firmanamnet til Johs. Garmo Eftf.

Det vart etter kvart trongt i butikken, og i 1975 bygde han attåt i ei høgd. Nå vart matvare/daglegvare samla i den nye delen, medan det gamle lokalet vart avdeling for isenkram og gaveartiklar.

Kona til Jon, Kirsten, var utdanna fysioterapeut, og ho innreidde 2. høgda over den gamle delen til fysikalsk institutt. Det vart opna 1. januar 1975.

I 1981 bygde Jon eit lagerhus til for byggevarer litt sør for det gamle. I 1983 gjekk Jon i gang med ny utviding. Den gamle delen vart forlenga og ei høgd til bygd over det heile. I forlenginga er det kjø1erom og agerrom, og i 2. høgda avdeling for manufaktur, kontor og spiserom for personale.

 

 

 

I dag er Johs. Garmo Eftf. ei moderne forretningsverksemd med eit varespekter fra knappenåler til bygningsvarer, og alt ein treng til dagens hushald. Ei stor utvikling har gått føre seg sidan handelen tok til i Bjølstadmo for ca. 120 år sidan, og det er fint at gammelstugu står att som eit minne om starten.

Dei to siste drivarane

Jon Garmo

 

 

 

 

 

 

Jon Kristen Garmo

 

 

Teksten nedskrivi i september 1988

etter forteljing av

Øistein Garmo,

Mari Jensløkken, f. Ringen

Så langt historia om handelen i Bjølstadmo slik Mari Jensløkken skreiv den i 1988 og som hun velvilligst har stilt til vår rådighet. Artikkelen er tidigere publisert "I Heidalé" for flere år siden. Utgiver av bladet var Heidal Heimbygdslag. Mellomtitlene er sett til av selhistorie.no.

 

Identitetskort fra krigens dager

Johannes Garmo

 

Øistein Garmo

 

Arkivet av utstedte legitimasjonskort for Sel og Heidal var opprinneleg lagra på lensmannskontoret på Otta. Det befinn seg nå på Statsarkivet i Hamar. Før arkivet vart overlevert til Statsarkivet fekk imidlertid historielaga i Sel lov til å avfotografere kvart enkelt kort. Heidal Historielag har avfotografert korta frå Heidal. Dei er tilgjengelege på lagets heimeeside, og det er frå der desse to korta er henta.