Skredulykker i Sel fra 1739 til 2008

Det verste skredåret i Sel var 1789, en direkte følge av Storofsen. Det viser oversikten "Skredulykker i Noreg" som skredforsker Astor Furseth har utarbeidet. Minst 17-18 mennesker er døde som følge av skredhendinger i Sel siden 1739. Den siste dødsulykka var i 1985. Da vart tre speidarar tekne av eit lite snøras da dei låg i telt i Jutulhogget ved Rondvassbu.

Av Astor Furseth, Valldal

I lang tid har eg arbeidd med å samle opplysningar om skredulykker i Noreg. Både skildringar, foto og oversikter finst i den siste boka mi: Skredulykker i Norge, Tun Forlag, 2006. Her har også Sel og nabokommunane fått plass. I alt har eg informasjon om 250 skredulykker i Oppland.

Det var fint om nokon som les dette oppsettet for skred i Sel, kunne kome med rettingar og nye opplysningar. Har ein kunnskap om andre skred, vil eg gjerne få vite om dette på denne e-postadressen: astor.furseth@c2i.net. Særleg vil eg tru at det finst opplysningar om skredulykker på 1600- og 1700-talet. Minst 17-18 menneske er døde i skredhendingar innan Sel kommune.

 

Skredulykkene i Sel kommune

Stein/jord/fjellskred er merka med: ###

Snøskred, vassfonner er merka med: ¤¤¤

Undersjøiske skred er merka med: ===

 

Einangen, baksida i Bredebygden

###    1739. Sel. Over garden Einangen i Sel gjekk eit stort jordskred dette året. Uklart skadeomfang. Det var flaumar mange stader i Sør-Noreg utpå seinsommaren dette året, så dette i Otta kan truleg ha skjedd ca. juli månad 1739. (Informantar Per S. Berg  -  Ivar Teigum)

 

Veggum i Ottadalen

###    1789. Sel. Ofsen den 21-23.7. 1789. Veggum i Ottadalen. På dei to gardane på Veggum, nordre og søre, gjekk store jordskred. Også plassen Flåten (Veggumsflåten) nokre hundre meter sør for Søre Veggum gjekk truleg ut. Jordskreda kom frå åskanten, sopte ned på snauberget og gjekk heilt ned på flata. På Veggumgardane gjekk alle husa ut, unntatt ei stove på Søre Veggum. Folk samla seg på ein bjørkelund ved Nordre Veggum, og der berga dei seg. Husdyrtap. Det vart fullstendig ruin, blir det sagt. Mykje skogskade. To sager strauk også med. Husa stod om lag der dei vart oppattbygde i dag, eller kanskje noko lenger inne. Dei fann nyleg eit skap i jorda, nesten intakt, som skriv seg frå Ofsen. (Amund Helland: Topografisk-statistisk Beskrivelse over Kristians Amt, 1. del, Kristiania, 1913  - informantar Ivar Teigum, Pål Veggum)

 

Åsåren i Ottadalen

 ###    1789. Sel. Ofsen den 21-23.7. 1789. Åsåren. Garden Aasaaren Nedre vart råka av jordskred og alle husa, så nær som eit hovudhus og eit stabbur gjekk på elva. Begge desse husa står på garden i dag, og er freda. Folket rømde opp i fjellhamrane ovanfor, og sat og såg på at husdyr, hus og husgeråd for i elva. A. Helland: ”På Aasaaren gik med mange huse, og ageren blev ødelagt.” Etter tradisjonen omkom ein liten gut. Dei hadde gløymt han sovande bak peisen. På kyrkjegarden skal det ha stått ei støtte over han med teksten den lille dreng. I andre etasje i den store stua som klarte seg - den skal være fra 1604 - der budde ein gammal mann med namn Pål. Han ville absolutt ikkje ut. "Stuggu mi står nok", skal han ha sagt. Og ovafor huset delte raset seg og gjekk på begge sider av stua, og sparte den og stabburet, som stod nedafor. Ein mann kalla Christen vart seinare eigar av garden, men det blir sagt at ofsen hadde teke så mykje av jorda at han selde Åsåren i 1795 og slo seg ned som husmann. (Amund Helland: Topografisk-statistisk Beskrivelse over Kristians Amt, 1. del, Kristiania, 1913 s. 284  -  informant Randi Sæther)

 

Rosten

###    1789. Sel. Ofsen den 21-23.7. 1789. Rosten. Eit kjempestort ras demde elva i Rosten og då oppdemminga braut igjennom, gjorde dette storskade nedafor i dalen. M.a. storgarden Jørundstad, på solsida, (Sigrid Undset kallar garden for Jørundgård) som låg om lag ved Skjelle nord for Formo, vart heilt radert vekk. Vatn og jordsørpe sopte med seg alle 28 husa på gamle Jørundstad, og garden vart ikkje bygd opp att. Også garden Skårå i bakken nordanfor Romongard, om lag der Fyru nå er, vart riven bort og vart ikkje bygd opp att. Truleg vart det tap av husdyr, men ikkje av folk. (Høvringen. Frå sæterstell til hotelldrift: Jørgen Espelund, Dølaringen Boklag 2000 s. 13  -  informant Jørgen Espelund)

 

Slette ved Faukstad i Heidal

###    1789. Sel kommune. Heidal, på Slette noko sør for Faukstad. Ofsen den 21/23.7. 1789. I Heidalen gjekk skreda tett i tett på begge sider av elva Sjoa så langt opp som til Hæringstad. Eitt eller fleire store jordskred kom over garden Slette på nordsida av elva (solsida), og det gjekk med 17 hus, men ingen let liv her. Tap av husdyr? Og alle gardane elles i den nedre del av dalen fekk stor skade. I nedste del av Heidalsdalføret omkom i alt åtte menneske, sjå vidare om 1789-skreda. (Amund Helland: Topografisk-statistisk Beskrivelse over Kristians Amt, 1. del, Kristiania, 1913.)

 

Revshaugen ved Faukstad i Heidal

###    1789. Sel kommune. Heidal. Ofsen den 21/23. 7. 1789. På andre sida av garden Slette på nordsida av elva vart m.a. Revshaugen, på baksida (sørsida) av dalen, teken av fjell- og jordskred og 7 menneske (?) etter Helland var drepne her, men lokalhistorikar og kjentmann Jørgen Espelund meiner at plassen gjekk med i skredet, men her omkom ingen. Revshaugen låg tett nord for garden Lie. Sjå elles på Ytre Øyen, som ligg på same side noko sørafor Revshaugen. (Amund Helland: Topografisk-statistisk Beskrivelse over Kristians Amt, 1. del, Kristiania, 1913  -  informant Jørgen Espelund)

 

Ved Ytre Øyen (Nedre Øye) i Heidal

###    1789. Sel kommune. Heidal. Ofsen den 21/23. 7. 1789. Ved garden Ytre Øyen (Nedre Øye) på sørsida av elva er i dag ein bakke kalla Nilsbakken som er kvilestad for fleire (truleg 5) ungar som døde i Ofsen. Det er fortalt at foreldra var i arbeid på andre sida, dvs. såkalla solsida av dalen, medan ungane var heime. Det første stein- og jordskredet skaka stova slik at omnspipa rauk i koll, så kom eit nytt skred som grov ned alt og alle. Plassen finst ikkje i dag. (Storflåmen 1938 og andre minner: Jørgen Espelund, Dølaringen Boklag 1988 s. 271  –  informant Jørgen Espelund)

 

Nordre Randen ved Faukstad i Heidal

###    1789. Sel kommune. Heidal. Ofsen den 21/23.7. 1789. På garden Nordre Randen på solsida rett sør for Faukstad, på plassen kalla Sveinranden (tett ved Randen i dag) gjekk eit jordskred som tok hus og jord, og som sikkert nok også tok folk (truleg 1 eller 2). (Storflåmen 1938 og andre minner: Jørgen Espelund, Dølaringen Boklag 1988 s. 271-275 –  informant Jørgen Espelund)

 

Faukstad i Heidal

###    1789. Sel kommune. Heidal. Ofsen den 21/23. 7. 1789. På Faukstad gjekk alle husa med, på eitt nær, av jordskred. Også vegen vart teken. Store skadar og verditap, men folk let ikkje liv her. Husdyrtapa var små då dei fleste dyra var på setra på denne tida. Alle gardane i dalen nedanfor Faukstad fekk stor skade, men ovanfor i dalen vart skadane noko mindre. (Storflåmen 1938 og andre minner: Jørgen Espelund, Dølaringen Boklag 1988 s. 271-275  –  informant Jørgen Espelund)

 

Horgen ved Faukstad i Heidal

###    1789. Sel kommune. Heidal. Ofsen den 21/23. 7. 1789. På garden Horgen (Horge) rett sør for Faukstad vart det avtaksforreting som sa at særleg jordskred men også flaum hadde teke 28 mål åker og 24 mælingar jord elles. Husa som gjekk med i skredet var: Kårhus, kvernhus, sag og ei smie. Eitt menneske døde, dette var gardssonen. Men ingen husdyrtap. Skade på dalevegen. Taksten på garden etter skadar ”af skrekkelig jord- og fjeldskrider” vart sett til halv verdi. (”En syns besiktigelse og tagsationsforretning 2.10. 1789”  –  informant Jørgen Espelund)

 

Ryen søndre, sør for Ro i Heidal

###    1789. Sel kommune. Heidal. Ofsen den 21/23. 7. 1789. På garden Ryen søndre som var underbruk av Horge, gjekk eit digert jordskred. Plassen låg høgt oppe i lia, noko sør for Ro i dag, og finst ikkje lenger. 15 mål åker, 12 mælingar eng vart øydelagt og ei høyløe vart teken, men verken folk eller fe omkom her. Verdien av garden vart sett ned med 4/5. (”En syns besiktigelse og tagsationsforretning 2.10. 1789” –  informant Jørgen Espelund)

 

Bergum/Berget i Heidal

###    1789. Sel kommune. Heidal. Ofsen den 21/23. 7. 1789. Under garden Horgen (Horge) låg plassen Bergum eller Berget som gjekk heilt ut, der mista dei 5 hus, 4 mål åker, men det vart ikkje tap av menneske, sjølv om ei kvinne vart skadd. Staden vart ikkje bygd opp att. (”En syns besiktigelse og tagsationsforretning 2.10.1789” – informant Jørgen Espelund)

 

Bilben i Heidal

###    1789. Sel kommune. Heidal. Ofsen den 21/23. 7. 1789. På garden garden Bilben (Bilbøn) fekk jordskadar av skred, men særleg vart ein liten plass under Bilben råka, Smedplassen, som låg oppe i lia noko nord for Pålsrud i dag. Der reiste jordskredet med husa og alt som var. Men folka kom seg så vidt unna. Her vart det ikkje bygd opp att. (Informant Jørgen Espelund)

 

Renneiplassen under Ro (Rohagen) i Heidal

###    1789. Sel kommune. Heidal. Ofsen den 21/23. 7. 1789. Under garden Ro (Rohagen) var ein plass kalla Renneiplassen. Denne staden vart råka av skred og teken heilt ut, og medan folka prøvde å røme unna og kome opp mot Ro, omkom ei jente. Det er uklart om det direkte var eit skred som tok henne, eller flaumen. Renneiplassen gjekk heilt ut og vart ikkje bygd opp att. (Informant Jørgen Espelund)

 

Smukksjølia, Kringseter

¤¤¤    1829. Sel. Kvernhussletta (Kvernhussletten), ein plass som låg vest for Solhjemsåe, 725 m oh. Ein brukar her, Fredrik, kalla Frik, vart teken av snøskred. Ein vinterdag i 1829 var han på veg heim frå fjellet med eit måssålass som han drog på kjelke. I den bratte Smukksjølia, med mykje laussnø, vart han teken av snøras og omkom. Då han vart funnen, låg han ved ein stein – som etter dette vart kalla for Frikstein. Bruket Kvernhussletten er borte no. (Informant Per Bakke)

 

Hole (Holet/Hullet), baksida ved Selsverket

###    1853. Sel. På Hole (Holet) nord for Otta, på vestsida av dalen ved bygdevegen, under Holepiggen er det eit bratt område med fare for steinsprang. Ein åtte års gammal gut, Per Jonsson Holet, omkom ved at han fekk ein stein over seg den 18. april 1853. Manglar meir presise opplysningar om kvar dette skjedde. (Årbok for Gudbrandsdalen, Dølaringen, Otta 1965  -  informant Jørgen Espelund)

 

 

Skred med ukjent lokalisering

###    1860. Sel. I storflaumen 17-19. juni 1860 vart to husmannsfamiliar husville etter stein- og jordskred. Det var ingen menneskeskade, med skredet gjorde øydeleggingar på jorda og husa. Det er uklart kvar dette var. Lokalhistorikar Jørgen Espelund kan ikkje plassere desse. (Årbok for Gudbrandsdalen, 1960)

 

Endrestad, baksida sør for Otta

###    1897. Sel. Endrestad sør for Otta under Pillarguritoppen (852 m oh). Her kom eit steinskred 1. påskedag, dvs. 18. april 1897 kl. 21.30. Særleg vart Søre Endrestad råka, som låg mellom Endrestad og Jordet av i dag. Skredet kom mot husa. Kona på garden, Gjøa Endrestad, klarte så vidt å redde unna eit lite barn, men ein stor stein kom gjennom taket og knuste eit rom ved sida av stova, og der omkom ein gut, ein ungdom som låg i senga. Raset starta i fjellsida rett under Pillarguritoppen. Steinane rasa forbi plassen Havn som tilhøyrde Jordet, rett ovanfor Baksidevegen nord for garden Selsjord. Steinblokka med eit omfang på éin kvadrat-meter og 40 cm tjukk, slo gjennom veggen og drap 30-åringen momentant. (Lillehammer Tilskuer 23.4. 1897  -  informantar Jørgen Espelund, Marit Romsås, Knut Bryn, Per Bakke) 

 

Kulidalen ved Sjoa 

¤¤¤    1903. Sel. I Kulidalen, ca. 1 times veg frå Sjoa stasjon var 4 mann på vegarbeid på strekninga Dalen-Åmotsætra. Den 14. februar 1903 losna ei snøfonn langs Lia i Kulidalen som tok karane. Ein av dei vart ikkje meir skadd enn at han kom seg laus og fekk henta hjelp, men Ole T. Aamodt, 30 år, døde, medan dei to andre overlevde, sterkt skadde. (Gudbrandsdalens Blad 14.2. 1903)

 

Gråberget ved Otta

###    1904. Sel. Lien. Den 4. februar 1904 om ettermiddagen gjekk eit fjellskred frå Gråberget ved Otta. Dei som budde under der, Rasmus Lien på Søre Lien, høyrde dei første steinane kome og rømde unna. Han sjølv vart nesten råka. Steinar tok løa, dei andre husa fekk berre mindre skadar, men det vart stor jord- og skogskade, og steinar kom heilt ned på Kleivrudjordet. Dalen var full av steinstøv og gov. Tunet vart flytta til ein tryggare stad. Ein stor stein ligg att i evjekanten, som eit minne. (Årbok for Gudbrandsdalen, Dølaringen, Otta 1976)

 

Nyhusom og Kleivrud, baksida nord for Otta

###    1906. Sel. Eit stort steinskred gjekk i februar 1906 ved gardane Nyhus og Kleivrud, som ligg 400 meter frå kvarandre under eit høgt fjell. Folk på ein plass, Rasmuslia, som låg høgt oppe, søkte husly hos naboane. Her kom steinane mellom husa, knuste løa, laga skader på andre hus, men ingen menneske kom til skade. Ei blokk på 40 tonn stoppa rett ovanfor tunet. Skogskade. (Helland, Amund: Norges Land og Folk. Topografisk-statistisk Beskrivelse over Kristians Amt, 1, og 2. del, Kristiania, 1913)

 

Grotberget og bruket Holet (Bruheim) i Nedre Heidal

###    1927(ca.). Sel. Heidal. Om lag året 1927 kom eit steinskred frå Grotberget i Nedre Heidal mot bruket Holet, no kalla Bruheim, nokså nær Storøygardsbrua, på austsida av dalen. Steinane skadde løa, elles jordskade,  og etter dette flytta dei husa noko lenger ned. Sjå skred i 2006. (Informantar Guro Vollen, Jørgen Espelund, Anna Andersen)

 

Nystugun mellom Sanden og Lie i Heidal

###    1938. Sel. Heidal. Storflaumen i dagane 30. august - 1. september 1938. Natt til 1.9. kom skred på plassen Nystugun som låg på sørsida av elva mellom Sanden og Lie. Ved den vesle Løyparskriebekken gjekk det veldige jordskred og det første tok løa. Jord og skog og veg vart øydelagt. Mellom Sanden og Nystua gjekk også eit skred frå Leirpiggen, gjorde skade på jord og skog. Folket på Nystua redda seg vettskremde sørover på ein haug, men nye skred gjekk kring dei med dunder og brak og gusten var så stri som stormkast, og dei vart så forstøkte at dei flykta heilt opp i fjellet til Høgsetra, med to vaksne med fire barn så vart dette ingen lysttur, men dei redda seg denne natta. Det var heller ingen tap av husdyr. Og for Nystua vart dette slutten på all busetnad. (Storflåmen 1938 og andre minner: Jørgen Espelund, Dølaringen Boklag 1988 s. 199, 216  -  informant Jørgen Espelund)

 

Øyene ved Nonsbekken i Heidal

###    1938. Sel. Heidal. Øygardsstua ved Øyene gjekk jordskred ved Nonsbekken natt til 1. september 1938, rett sør for Øyen. Dette skredet vart rekna for å vere det største i heile baksida av dalen. Skredet losna langt oppe i lia og tok ned på blanke svaberget heile vegen nedover. Plassen Øygardsstua lag ved Nonsbekken, mellom Dalen og Øye. Brukaren her Ola Bekkemellom var han som vart råka mest i Heidal. Heile heimen vart ruinert. På  Øygardsstua knuste skreda uthus, fjøs, låve og mykje av jord og eng og skog og veg. Gusten frå storskredet var som stormkast, slik at t.d. uthuset vart tvinna rundt, rive av taket og knust av lufttrykket for skredmassane kom. Bøen glei ut i ei flenge. Staden vart etter dette lagt ned som bruk. Folket på Plassen, på motsett side av dalen såg dette, og vart så redde at også dei la på flukt. Også på Øvre Øyen tok skredet jord og eng. (Storflåmen 1938 og andre minner: Jørgen Espelund, Dølaringen Boklag 1988 s. 194 – informant Jørgen Espelund)

 

Natt til 1.9. 1938, andre jordskred i Sel:

Øverbygden i Heidal

Øverbygden. I Grøndalsbekken nord for Rust-tunet. Jordskred. Skogskade og ei eng med dyrkajord som høyrde til garden Faukstadmo.

 

Randbakken i Heidal

Ved Randbekken  glei ut eit stort jordstykke i sær Randa, rett nedanfor husa.

 

Øvre Øyen i Heidal

På Øvre Øyen var dei mellom to jordskred, sør for kom Øyaskriui nedover og begrov minst to mål åker, la steinmasse over.

 

Lysgård i Dalen-jordet i Heidal

På det nedlagte bruket Lysgård som ligg midt i Dalen-jordet, stod ein låve den gongen. Eit stort jordskred sopte med seg det meste av låven og herja nedover jordet. Dette området høyrer i dag til Dalen.

 

Øvre Storøygarden i Heidal

Lenger sør kom færre skred. På øvre Storøygarden, på vestsida av dalen, kom eit lite skred som la seg over eit jordstykke der.

 

Avdågå-ro´n i Heidal

I Avdågå-ro´n, bortafor Tjuvspranget, gjekk eit jordskred som tok skogen.

 

Søre Ekre i Heidal

I Øvre Heidal losna berre eit større jordskred. Dette kom i den bratte Kristenåkeren på Søre Ekre. Der losna eit utlop som tok jord og hesjer.

 

Sør for Bragelien ved Sjoa

Sør for Bragelien gjekk eit jordras høgt oppe i lia.

Gråvåmellom i Ottadalen

I Ottadalen gjekk eit jordskred opp ved Gravåmellom.

 

Blekalia og Plassjordet ved Otta

###    1972. Sel. Otta. 13. juni 1972 kom eit steinskred nedover Blekalia mot bustadområdet Plassjordet. Steinskredet på fleire hundre m3 losna nesten frå toppen av Blekalia ca. 750 meter oppe frå E6, førte til at ein 12-1300 kg tung stein kom veltande ned lia og sneia huset til Oline og Birger Løvseth i Olav Kringensvei, før det rasa vidare til ei open byggjetomt mellom Hammervold og Solbergs hus. Skogen stoppa mykje av skredet, men steinar kom heilt ned i Lågen. Husa i området vart evakuerte i nokre dagar. Dette var ein uventa skredplass. Men i mai 1975 kom eit nytt steinskred i lia ovafor Plassjordet. Det kom ikkje ned til husa. Etter den tid er det bygd sikringsvoll her. (Dagningen 14.6. 1972 s. 1  -  Gudbrandsdølen 14.6. 1972 s. 10  -  informant Per Bakke)

 

Ultunga i Uldalen ved Mysuseter

###    1975. Sel. Uldalen. Den 14. mai 1975 losna eit stort jordskred oppe i Ultunga i Uldalen ved Mysuseter. Stein og jord tok to hus, skog og jord som vart ført ned mot elva Ula. (Gudbrandsdølen 16.5. 1974)

 

Steindalen ved Peer Gynt-hytta i Rondane

¤¤¤    1979. Sel. Rondane. To svenske skiløparar vart drepne av eit snøskred den 14. mars 1979. Dei var i Bekkedal ved Steindalen, om lag 5 km nordvest for Peer Gynt-hytta. Skiløparane var åtvara for stor skredfare, og ei gruppe på 20 vart sende gjennom berre to og to i gongen, men likevel gjekk dette gale. Skredet kom på austsida av bekkedalen og var 100 m breitt. (Aftenposten 15.3. 1979)

 

Dahlekleiva, vest for Otta

¤¤¤    1981. Sel. Nedre Dale. Nedst i Ottadalen, der gjekk eit stort snøskred i 1981 ved Dalekleiva. Skredet for over riksveg 15 og ut i elva. Det kom til skogskade og vegskade. Det er gått fleire, mindre snøskred her. Skred har også kome nær bustadhus. Det er seinare bygd rasvern. (Informant Ivar Teigum, Steinar Grønn)

 

Kringlia sør for Otta

###    1984. Sel. Kringen. Ca. 15. mai 1984 kom eit steinskred frå Blekalia, eller innafor der som det er kalla Kringlia. Steinar råka eit bustadhus nede ved E6, og huset vart heilt knust, men mor og dotter som var der inne, kome frå det utan skade. Dessutan var eitt bustadhus til i faresona, og desse husa vart fråflytta for godt. Dette skjedde noko sør for busetnaden på Kringen i dag. Her er det truleg gått mindre steinskred tidlegare. (Informantar Ivar Teigum, Trygve Odd Randheim)

 

Jutulhogget ved Rondvassbu i Rondane

¤¤¤    1985. Sel. Jutulhogget. Den 3. april 1985 kom det fram i avisene at eit lite snøskred over ein teltleir ved Rondvassbu i Rondane var medverkande årsak til at tre menneske omkom. Nokre meinte det var fokksnø som hadde gravd ned teltet, andre at det kan først hadde gått eit lite ras. Lokale informantar, m.a. Bengt Magnussen, Otta Røde Kors Hjelpekorps, fortel at dette ikkje var snøras. Dei hadde sett opp telta slik til at det dreiv ned fokksnø om natta over telta. Dei døde av oksygenmangel fordi kondensen hadde laga ispanser på teltduken så det pusta ikkje lenger. Og 3 speidarar omkom i teltet. Tor Solum (19), Kristin Lium (17) og Frank Hyberttsen (16) døde. Dei høyrde til ei gruppe på ni frå Byåsen i Trondheim. Dei hadde starta frå Hjerkinn og overnatta i Grimsdalen. Teltet låg inst inne i Jutulhogget og vart funne under ein halv meter snø. Det var ruskever om natta. (Gudbrandsdølen, 9.4. 1985  -  informantar Jan P. Hammervold, Bengt Magnussen)

 

Nedre Dahle, vest for Otta

###    1989. Sel. Nedre Dale. Hundre meter vest for Dalekleiva ligg garden Nedre Dale under ei bratt li. Det kom jordskred nedover heile denne lia natt til 15. april 1989. Raset gjorde noko skade på jordvegen, men ikkje på hus. Raset kom ovafor garden, frå austre del av bruket Rakstad og ned mot tunet til Nedre Dale, med jord, stein og slam. Det har gått fleire mindre stein og jordskred frå denne lia gjennom tidene, utan å gjere særleg skade. Utpå 1900-talet vart det planta til med gran i lia her for å hindre skred. (Informant Ivar Teigum, Steinar Grønn)

 

Grotberget i Nedre Heidal

###    2006. Sel. Heidal. Natt til 20. november 2006 (rett etter midnatt) kom eit steinskred frå Grotberget i Nedre Heidal. Minst tre store steinar kom nedover, og ein stein stansa 5 m frå husvegg på bruket Holet, no kalla Bruheim, nokså nær Storøygardsbrua, på austsida av dalen. Husa ligg 50 meter frå vegen. Her gjekk steinskred også ca. 1927, og steinar skadde løa, og etter dette flytta dei husa noko lenger ned. Dette skredet i 2006 kom så nær husa at staden framleis er delvis evakuert, og det er ennå uklart om ein må flytte derifrå eller eventuelt kan sikre bustaden med ein vernevoll. (Informantar Guro Vollen, Jørgen Espelund, Anna Andersen)

.

Nedre Dahle, vest for Otta

###    2008. Sel.  Nedre Dahle. Etter stor snøsmelting gjekk mindre skred i Otta-området tysdag den 29. april 2008 ved Solhjemslia, også mellom Breden og Mælhum. Same dag kom eit jordskred ned mot garden Nedre Dahle, nord for elva Otta og ved riksveg 15. Skredet losna høgt oppe frå, tett nedafor bruket Rakstad. (Vigga 8.5. 2008 s. 4  -  informantar Per Bakke, Ola Næprud)

 

Steindalsvegen, Otta

###    2008. Sel. Otta. Steindalsvegen 30. april 2008. Etter stor snøsmelting gjekk mindre skred i Otta-området frå tysdag den 29. april 2008. m.a. i Solhjemslia og Nedre Dahle. Den 30. april kom eit noko større stein- og jordskred ved Steindalsvegen. Her vart hus evakuerte, men etter geologisk undersøking kunne dei flytte attende. Det gjekk same dagen 30. april ras over riksveg 15 ca. 1 km. vest for Åsårbrua i Ottadalen.  (Vigga 8.5. 2008 s. 4  -  informantar Per Bakke, Ola Næprud)

 

Bekken/Svelstadjordet, nord for Otta

###    2008. Sel. Otta. Bekken/Svelstadjordet. Det gjekk fleire jordskred i Sel-området i dagane 28/4-6/5, etter at det kom stor snøsmelting. Kl. 3 om natta til 2. mai 2008 gjekk eit stort og seinare eit mindre jord- og steinskred gjennom eit bustadfelt sør om garden Bekken gnr 231, noko nord for Otta. Skredet var 50-60 meter breitt og 300 m langt. Kongsvegen ligg nedanfor husa som vart råka. Eit uthus, ei grillhytte og ein bil vart knuste, og to bustadhus vart skadde, og i alt vart 120 menneske evakuerte. Skred kom heilt ned på E-6 som vart stengd. Ingen menneske kom til skade. Dei fleste av dei 40 husstandane i bustadfeltet Bekken og Svelstad kunne flytte attende til husa sine same kvelden, men 8 husstandar måtte avvente situasjonen. Alle evakuerte kunne flytte attende 15. mai. Det kom også jordskred m.a. ved Rondanevegen og Einangen. Garden Åsåren vart evakuert. Dagen etter (3.5.) sperra eit jordras Bulivegen mellom Sjoa og Otta, og det kom mindre jordras ved Søre Steinfinnsbø og ved Skjerdalen i Heidal. Denne dagen gjekk også skred over Pillagurivegen i Otta. (Gudbrandsdølen Dagningen 3.5. 2008 s. 4/5  -  Nordalen 8.5. 2008  s. 6/7  -  informantar Per Bakke, Ola Næprud)

 

Leiren, vest for Otta

###    2008. Sel. Leiren. Etter stor snøsmelting kom den 6. mai 2008 nok eit jordskred i Otta-området, berre fire dagar etter skredet ved Bekken gard. Det tok til å rase ut ved Dale (Dahle) ovanfor husa på garden Leiren og ned mot Daleåa. Eit bustad hus var skadd ved at jord slo opp til midt på husveggen. Det kom relativt sakte. I alt 10 hus og 33 personar i bustadfeltet nedanfor bygd på dei to gardane Øvre og Midtre Dahle vart evakuerte. Også Hegglund barnehage lenger nede vart stengd for nokre dagar. Leiren gnr. 218 brn. 2 ligg nokså høgt over dalen (550 m o.h.) nokre km vest for Otta, og med Dahleåa nært inntil. Det kom fleire sprekker i jorda som førte til at evakueringa vart oppretthalden. Sprekkområdet ved Dahle vart overvaka i fleire dagar ved hjelp av HV-soldatar. Dei evakuerte kunne flytte attende 15. mai. Nokre dagar før, den 29.4. 2008, sjå der, var det kome eit jordskred ned mot garden Nedre Dahle. Det blir fortalt at på Leiren gjekk eit jordskred også i 1938, då 50 kornband på staur og delar av jordet forsvann. (gd.no 7.5. 2008  -  Gd. 7.5. 2008 s. 4  -  informantar Per Bakke, Ola Næprud)

 

Om forfattaren Astor Furseth og arbeidet hans

Astor Furseth er fødd i Sykkylven i 1940 og bur nå Fjørå i Norddal.

Sidan 1970 har han gitt ut ca. 25 bøker og mange artiklar. Han har skrive mykje om skredhistorie, m.a. ”Skredulykker i Norge”, Tun Forlag 2006. Oversikt fins på heimesida hans.

Interessa for skred kom då han skreiv boka om Tafjordulykka. Dommedagsfjellet. Tafjord 1934 (Gyldendal 1985).

Dessutan bygde familien hus i Fjørå, ved Tafjorden, og frå stova er det utsikt mot faret etter fjellskredet som laga Tafjordulykka som tok 40 menneske.

Tanken var ikkje til unngå - kan dette skje igjen? spurte han seg sjøl. For å få svar på dette tok han til å sjå attende i tida, om dette har hendt før, og oppdaga at eitt emne har historikarane heilt gløymt: Skredhistoria.

Han sette seg føre å gå gjennom mest muleg kjeldematerial. Han tok også kontakt med folk i alle kommunane i landet for å få opplysningar ikkje berre om fjellskred, men om alle slags skred. Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) viste også interesse for dette, og har i mange år gitt råd og støtte til prosjektet. I over 20 år har han samla informasjon om skredulykker, via segnsamlingar, kyrkjebøker, tingprotokollar, avtaksforretningar, bygde- og ættebøker, osv. Ofte supplerte med opplysningar frå lokale kontaktpersonar.

Det har skjedd alvorlege skredulykker i alle fylka i landet, og til saman har han opplysningar om 3600 skred, noko som inngår i Nasjonal Skreddatabase, se www.skrednett.no

Astor Furseth var distriktstannlege i Valldal frå 1978 – men i dei siste fem åra har han arbeidd som forfattar og med skredhistorie på heiltid.